​​Nytt haustprogram for Litteraturhus Møre og Romsdal​

No kan publikum på Sunnmøre oppleve endå eit variert litteraturprogram for folk i alle aldrar, i regi av Litteraturhus i Møre og Romsdal. Som tidlegare vil også desse arrangementa ha fri inngang. På programmet står både forfattarmøte og høgtlesingar, med mellom andre Herborg Kråkevik, Olaug Nilssen og Line Nagell Ylvisåker.

Publikum får møte forfattar Olaug Nilssen i samtale med Endre Ruset, med utgangspunkt i den nye boka til Nilssen, Uønska åtferd (2023). Sonen i forteljinga er psykisk utviklingshemma og vi får innblikk i kor krevjande det er for ein familie å ta vare på alle når ein har eit barn som treng alt. Kor mykje skal ein ofre? Nilssen fekk sitt store gjennombrot med boka Få meg på, for faen i 2005. Ho har seinare gitt ut fleire bøker i ulike sjangrar, og er ei viktig stemme i norsk litteratur. 

Journalist og forfattar Line Nagell Ylvisåker bur på Svalbard. Ho kjem til Sunnmøre denne hausten for å fortelje om boka Annleislandet Svalbard – Små liv i storpolitikken. Her får publikum mellom anna vite meir om folka som bur på Svalbard, korleis det er på bu ein stad der ingen treng visum eller opphaldsløyve, og kanskje forstå litt meir om kva som gjer nettopp Svalbard så annleis. 

I haust møter dei yngste Ida Neverdahl sitt Floke-univers og har allereie hatt ein  arbeidsverkstad basert på boka Berre mor og Ellinor av Ingrid Z. Aanestad og Sunniva S. Krogseth. Tor Arve Røssland kjem med eit eige opplegg for ungdommar basert på bokserien Overleve. 
 
I år blir det høve til tidleg julestemning med høgtlesing av Herborg Kråkevik. 
Kråkevik vil fortelje om Juleroser, det litterære julehefte ho er redaktør for. I denne Julerose-stunda på biblioteket, vil Herborg lese frå heftet og fortelje om juleheftearbeidet.  Ein kan heller ikkje sjå vekk frå at det blir sunge ein julesong eller to i løpet av denne stunda. 
 
Litteraturhus i Møre og Romsdal er eit prosjekt der Nynorsk kultursentrum og Bjørnsonfestivalen organiserer arrangement i samarbeid med biblioteka på Søre Sunnmøre, med støtte frå fylket, kommunane, Sparebank1 SMN, Fritt Ord og Kulturrådet.  
Alle arrangementa har fri inngang! 

I haust kan du få med deg desse arrangementa: 
 
Uønska åtferd: Samtale med forfattar Olaug Nilssen og samtaleleiar Endre Ruset. 
31/10 Longva bibliotek, kl. 17.00 
31/10 Harøy bibliotek, kl. 20.00 
1/11 Sjøholt bibliotek, kl. 17.00 
1/11 Valldal bibliotek, kl. 20.00 
2/11 Herøy folkebibliotek, kl. 18.00 
 
Annleislandet Svalbard: Forfattarmøte med Line Nagell Ylvisåker.  
7/11 Giske folkebibliotek, kl. 17.00 
7/11 Hareid folkebibliotek, kl. 20.00 
8/11 Herøy folkebibliotek, kl. 17.00 
8/11 Volda folkebibliotek, kl. 20.00 
9/11 Valldal bibliotek, kl. 18.00 
 
Juleroser 2023: Høgtlesing med Herborg Kråkevik.  
15/11 Giske folkebibliotek, kl. 13.00 
15/11 Ulstein folkebibliotek, kl. 18.00 
15/11 Ørsta folkebibliotek, kl. 20.00 
16/11 Sykkylven bibliotek, kl. 14.00 
16/11 Stranda bibliotek, kl. 17.00