Nytt programdrypp til Poesifestivalen 2024!

ævestaden, cecilie løveid, ingrid nielsen, erlend o nødtvedt og benedicte maurseth
Ævestaden. Foto: Lamia Karic / Cecilie Løveid. Foto: Helge Skodvin / Ingrid Nielsen. Foto: Kjersti Dal / Erlend O. Nødtvedt. Foto: Elias Dalen / Benedicte Maurseth. Foto: Silje Katrine Robinson

Det vert mykje godt å gle seg til på årets Poesifestival i Ulvik. Her kjem fire nye godbitar ein kan kjøpa billett til allereie no! Festivalpassa er utselde, men alle arrangement har einskildbillettar, så fortvil ikkje.

Det blir pangstart for festivalhelga på Litteraturhuset i Bergen, der sjølvaste Cecilie Løveid langles Hauge sitt gjennombrotsverk, På Ørnetuva. Opplev Hardanger sin kreative tradisjonsberar Benedicte Maurseth og hennar sterke framsyning om dei gløymde spelekvinnene. Utforsk diktinga til Hauge i lag med poet og tidlegare Haugestipendvinnar Erlend O. Nødtvedt og professor i nordisk litteraturvitskap Ingrid Nielsen. Lat deg riva med av strengjelåt og elektroniske tonar, og kjenn på ekte musikkmagi med den særeigne svensk-norske trioen Ævestaden. 

Fullt festivalprogram kjem 14. juni!