Nynorsk.no / Aktuelt / Økland-seminar
Økland-seminar
Einar Økland, fødd 1940 i Sveio, diktar og essayistisk kulturhistorikar, er ein våre mest allsidige nolevande forfattarar. Frå første diktsamling i 1963 og fram til i dag har han gitt ut nærare 80 bøker i dei fleste sjangrar. Då Økland fekk Brages heiderspris i 2015 framheva juryen spesielt den omfangsrike forfattarskapen.
I tillegg til at han er ein viktig diktar og forfattar, har Økland òg vore sentral i organisering, formidling og forvalting av norsk litteraturarv og kulturhistorie. Som sakprosaforfattar og gjennom sitt mangeårige samlararbeid, har han tileigna seg unik kunnskap om nyare kulturhistorie og skriftkultur. Dette gjeld særskilt massedistribuert barnekultur og norsk bruksgrafikk som t.d. brosjyrar, plakatar, postkort og emballasje.
Nynorsk kultursentrum og Sunnhordland museum har gjennom eit generøst samarbeid med Økland, fått tilgang og innsyn i desse unike samlingane. Utstillinga «Den vesle manns kunst» er kuratert av Sunnhordland museum, medan Nynorsk kultursentrum har invitert leiande forskarar innan litteratur, skriftkultur og kulturhistorie. Prosjektet inngår i Museumsløftet i Vestland fylkeskommune. Seminar og utstillingsopning finn stad på Sunnhordland museum på Stord torsdag 13. april.