Olav H. Hauge-stipendet 2022 til Priya Bains

Bilete av Priya Bains
Priya Bains vinnar av Haugestipendet 2022.
Bokomslag Med restene av mine hender av Priya Bains
Diktsamlinga «Med restene av mine hender»

Lyrikkdebutanten Priya Bains blei tildelt Olav H. Hauge-stipendet under opninga av Poesifestivalen i Ulvik fredag 9. september for diktsamlinga Med restene av mine hender. – Språket til Bains er musikalsk og sanseleg, sa juryleiar Brit Bildøen under utdelinga. 

– Priya Bains si debutsamling er gripande og tankevekkande.Den omfangsrike diktsamlinga viser eit spennande og stort poetisk talent. Ho er ein verdig vinnar av Olav H. Hauge-stipendet, seier Geir S. Netland, arenaleiar ved Haugesenteret.

Den spontane reaksjonen til prisvinnaren då ho fekk vite om tildelinga var bannskap og overrasking. – Ein kan mildt sagt seie at det kom brått på meg. Tildelinga betyr sjølvsagt mykje, både det å få arbeidet sitt anerkjent på denne måten, men også skrivetida det gir. Veldig stas, seier Priya Bains.

Juryen si grunngjeving 
I år går stipendet til ein debutant som har gitt oss ei rik diktsamling med presise og slåande metaforar og skarpe, og iblant overraskande, bilde. Vi møter eit fargerikt kaos som saman med forsøksvis kontroll byr på stor sorg og varm omsorg. Språket er musikalsk, sanseleg og høgtideleg. Dei første dikta i samlinga er nokså stramme i forma, men utover i boka opnar dikta seg både språkleg, innhaldsmessig og grafisk.

Om stipendet
Det er tredje gong Olav H. Hauge-stipendet blir delt ut. Stipendet går til ein norsk lyrikar, songar eller tekstforfattar under 40 år som har gitt ut diktsamlingar eller eigne større songverk, og som gjennom denne kunstnarskapen har vist eit særleg poetisk talent.

Stipendet på 150 000 kroner er finansiert av Sparebanken Vest og Sparebankstiftinga Hardanger. Nynorsk kultursentrum har oppretta stipendet og Haugesenteret deler ut stipendet kvart anna år under opninga av Poesifestivalen. 

Fagjury
Brit Bildøen, forfattar, leiar og representant for Norsk Forfattersentrum
Stein Erik Lunde, forfattar
Sindre Ekrheim, forfattar og lyrikkmeldar

Olav H. Hauge-stipendet blei oppretta i 2018. Erlend O. Nødtvedt blei tildelt stipendet for 2018, og songlyrikaren Endre Olsen fekk stipendet for 2020 (delt ut under Poesifestivalen 2021).

Bilete av Priya Bains under utdelinga av Olav h. Hauge-stipendet
Priya Bains mot tok Olav H. Hauge-stipendet 2022 under opninga av årets Poesifestival. Arenaleiar ved Haugesenteret Geir Netland og programansvarleg Jorid Lekve EIde delte ut prisen etter at juryeleiar Brit Bildøen hadde lest juryen si grunngjeving.