Olav Øyehaug Opsvik blir ny direktør

Styreleiar Reidar Sandal og ny direktør Olav Øyehaug Opsvik. Foto: Nynorsk Kultursentrum

Olav Øyehaug Opsvik (33) er i styremøte i dag tilsett som ny direktør i Nynorsk kultursentrum. Han blei presentert for dei tilsette på eit allmøte i ettermiddag. Øyehaug Opsvik tek over stillinga 27. november.

Det melde seg seks søkarar til stillinga då fristen gjekk ut 29. september.

Øyehaug Opsvik har mastergrad i musikkvitskap frå Universitetet i Oslo og har noko utdanning i administrasjon og leiing frå Norges Musikkhøgskole.

Han kjem frå stillinga som forskings- og samlingsleiar i Nynorsk kultursentrum og har dessutan erfaring som arenaleiar i Aasentunet og programansvarleg for kulturprogram og festspel. Øyehaug Opsvik kjenner såleis godt til verksemda til Nynorsk kultursentrum.

Styret er godt nøgd med å få Øyehaug Opsvik som direktør. Vi har god tru på at han vil vere ein samlande  leiar som evnar å profilere Nynorsk kultursentrum på ein offensiv måte, uttaler styreleiar i Nynorsk kultursentrum, Reidar Sandal.