Nynorsk.no / Om nynorsk / Ivar Aasen / Nordmannen / Sagt om Nordmannen
Sagt om Nordmannen
«Ivar Aasen er en folkesanger af rang; der er steder i hans viser, der udmærker sig ved en fynd og en fart, som stiller dem i høide med det bedste i norsk lyrisk poesi. Det klinger i mine øren som øksehug i en gammel malmfuru dybt inde i skogen.»
Henrik Jæger: Illustreret norsk litteraturhistorie, band II, Oslo 1896
«Han var den fyrste egte folkediktaren Noreg hadde havt sidan Petter Dass».
Halvdan Koht: «Ivar Aasen», Ord och Bild 1913
«Ivar Aasen hadde til sin raadighet vældige mængder av bygdemaalsord med gammelt præg. Men han la ikke an paa sjeldenheter; han holdt sig helst til sprogstof som var levende vidt ikring.»
Fredrik Paasche: Norsk litteraturhistorie, band III, Oslo 1932
«Eg høyrde ein gong Bjørnstjerne Bjørnson tala om Ivar Aasen og dikti hans. Han sa: ’De er som det fineste gullsmedarbeide’.»
Idar Handagard: Ivar Aasen, Oslo 1944
«Aasen liker ikke å bruke store ord, og aldri stiller han seg i positur.»
Harald Beyer: Norsk litteraturhistorie, Oslo 1952
«Det er elles merkeleg med dette diktet at folk flest ser ut til å kunna det, og det jamvel alle versa. Vi vil knapt finna noko tilsvarande døme i norsk litteratur.»
Reidar Djupedal: «Etterord», i Ivar Aasen: Symra og andre dikt, Oslo 1963
«Vi finn hjå Aasen det klåre, einfelte, fyndige, knappe som folkediktinga har. Ei var ordkunst som alltid finn det rette ordet både etter valør og venleik i klang. Av di Aasens dikting ligg so nær folkediktinga, har mange av songane hans vorte folkesongar.»
Knut Liestøl: Ivar Aasen, Oslo 1963
«Enklere og meir rett på sak kan ikkje en allmenn norsk stemning uttrykkes. Ingen andre av tidens norske lyrikere hadde en så likefrem og folkelig form som Aasen.»
Ingard Hauge i Norsk litteraturhistorie, band 2, Oslo 1975
«I Aasens dikt er menneska pålitelege, arbeidsame og sindige, men dei er også små.»
Jan Inge Sørbø: «Portalen til nynorsk-lyrikken», Syn og Segn 1996
«Skildringar av arbeidsprosessar eller av folk i arbeid finn vi i heller liten grad i Aasens lyrikk. Men der dei finst, er ikkje skildringa av kroppsarbeidet utan vidare negativt.»
Stephen J. Walton: Ivar Aasens kropp, Oslo 1996
«Utan å ha vore tenkt på eller tinga som nasjonalsong har ’Millom Bakkar og Berg’ vorte nettopp det, ein andre og ukrona nasjonalsong, kåra av folket sjølv.»
Kjell Venås: «Etterord», i Ivar Aasen: Skrifter i samling, Oslo 1996
«Det er jo ikkje i og for seg genial poesi, men det er noko som ikkje fanst før, og som framleis har evna til å samla.»
Otto Hageberg i John Ole Askedal og Ann-Berit Aarnes Breder (red): Ivar Aasen – vandreren og veviseren, Oslo 2002
«Det jeg beundrer mest ved diktet ’Nordmannen’, er at Ivar Aasen i denne lille versefortellingens tre første strofer konsentrerer hele Norges-historien (og jeg hadde nær sagt også Norges-geografien) i et minimum av ord med et maksimum av uttrykkskraft.»
Rolf Vige i John Ole Askedal og Ann-Berit Aarnes Breder (red): Ivar Aasen – vandreren og veviseren, Oslo 2002
«Aasen var ingen romantikar. Også som diktar høyrde han heime i tradisjonen frå folkeopplysningstida.»
Tove Bull i Norsk biografisk leksikon, band 10, Oslo 2005