Open fagdag om nynorsk skriftkultur

BIlete av Stig Helset, Liv Astrid Langnes, Fredrik Hope, Gudrun Klove Juuhl, Hjalmar Eiksund, Kristin Sjohelle, Narve Fulsås og Jorid Saure
Oppe frå venstre: Stig Helset, Liv Astrid Langnes, Jorid Saure, Fredrik Hope, Gudrun Klove Juuhl, Hjalmar Eiksund, Kristin Sjohelle og Narve Fulsås.

Tilsette, studentar og andre interesserte er velkomne til årleg fagdag om nynorsk skriftkultur i Aasentunet 1. november. Programmet rommar siste forsking på målformer og språkbyte i skulen, biblioteka si rolle i språkpolitikken, ressursar for norsklærarar og innsikt i korleis bruke arkiv og fagbibliotek som kjelder til å finne svar på bestemte forskingsspørsmål knytte til vitskaplege artiklar eller masteroppgåver.

Tilsette, studentar og andre interesserte er velkomne til årleg fagdag om nynorsk skriftkultur. Programmet rommar siste forsking på målformer og språkbyte i skulen, biblioteka si rolle i språkpolitikken, ressursar for norsklærarar og innsikt i korleis bruke arkiv og fagbibliotek som kjelder til å finne svar på bestemte forskingsspørsmål knytte til vitskaplege artiklar eller masteroppgåver.

Fagdagen er eit samarbeid mellom Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur og Høgskulen i Volda ved Institutt for språk og litteratur og Nynorsksenteret. Det er mogleg å delta på delar av programmet, og arrangementet er gratis. Felles lunsj etter påmelding (inkl. diettomsyn) til post@nynorsk.no innan 26. oktober.

Program
kl. 11.15–12.00
Felles lunsj i Aasentunet
kl. 12.00–12.15
Presentasjon av Skriftkultur 4/2022 – Form og formidling knytt til nynorsken v/ Stig Helset, Høgskulen i Volda
kl. 12.15–12.30
Nok tilfang på begge målformer? Om språkleg fordeling i lesebøker og tekstar i norsk for nynorskelevar i ungdomsskulen v/ Liv Astrid Langnes, Nynorsksenteret
kl. 12.30–12.55
Dei norske folkebiblioteka – språkpolitiske aktørar? Ei gransking av språkpolitisk praksis i folkebiblioteka, med vekt på nynorsk.
Presentasjon av masteroppgåve i nynorsk skriftkultur v/ Fredrik Hope, Nynorsk kultursentrum

Kaffipause kl. 12.55–13.05
 
kl. 13.05–13.45 (inkl. spørsmål og diskusjon)
Rapport om språkbyte frå nynorsk til bokmål, v/ Liv Astrid Langnes og Jorid Saure, Nynorsksenteret
kl. 13.45–14.00
Presentasjon av fagboka Nynorskdidaktikk v/ forfattarane Gudrun Kløve Juuhl, Hjalmar Eiksund og Kristin Sjøhelle, Høgskulen i Volda
kl. 14.00–14.45 (inkl. spørsmål og diskusjon)
Arkiv og bibliotek som kjelder til skrive- og lesehistorie v/ Narve Fulsås, Forskar II i Nynorsk kultursentrum og professor ved UiT Noregs arktiske universitet