Opplev Festspela 8.–11. juni!

Bilete av Black Hauge
Black Hauge med Erlend Apneseth Trio og Erlend Nødtvedt. Foto: Arturas Gailius

No er endå meir av Festspel-programmet klart. Dei nye, store namna som står på plakaten er Agnes Ravatn, Ruth Lillegraven, Vilde Tuv, Anna Kleiva, Erlend Apneseth Trio og Erlend Nødtvedt.

– Barn, unge og vaksne kan no velje og vrake i rundt 15 programpostar under Festspela i juni, og fleire kjem òg til å kome etter kvart. Vi har teke med oss mange tradisjonar frå tidlegare år, men har også røska litt opp i både form og stil, seier formidlingsleiar i Nynorsk kultursentrum Tone Slenes. Ho vektlegg at det er eit godt team som har jobba fram årets program. – Kom til tunet og opplev nynorsk kultur saman med oss! held ho fram.

Festspelfesten på opningsdagen torsdag blir avrunda med ei spesiell oppleving av diktinga til Olav H. Hauge, kalla Black Hauge, av Erlend Apneseth Trio og Erlend Nødtvedt. Seinare på kvelden møtast Erlend Nødtvedt og Anna Kleiva på Målbar på Folkehøgskulen for å filosofere rundt det å skrive til musikk.

Urframføring av Tingingsverket 2023
Forfattar Anna Kleiva og musikar Vilde Tuv skal ha urframsyning av Tingingsverket til Festspela 2023. Poetiske vers møter elektronisk musikk midt i den trolske fjellheimen, i eit verk som er spesielt laga med omsyn til naturen i Ørsta.

– Kleiva har familie på Vartdal og har difor vore der om somrane i løpet av oppveksten. No møter vi henne i eit unikt samspel med Tuv, seier produsent i Nynorsk kultursentrum, Kim Åge Furuhaug. Han har følgt prosessen med tingingsverket, som har fått støtte frå Kulturrådet. Arrangementet startar som ein fottur (ev. køyretur for dei som treng det) til sætra i Romedalen. Her kan både barn og vaksne oppleve noko heilt utan om de vanlege.

Kunsten å kome heim
Forfattarane Agnes Ravatn og Ruth Lillegraven har noko til felles: Dei har begge flytta heim. Agnes har flytta heim til Sveio, og Ruth har flytta tilbake til Granvin. Korleis blir det å skrive og skape derifrå? Journalist og forfattar Kjersti Mjør leier samtalen mellom dei to heimkomne. Samtalen får tonefølgje ved Annlaug Børsheim, med Ravatn og Mjør sine Mitchell-omsettingar og Lillegraven sine dikt. 

– Både torsdag, fredag og laurdag blir det spanande program på Målbar på Folkehøgskulen. Her får du møte ulike forfattarar i ein dempa setting og lytte til gode samtalar om alt frå litteratur og musikk, til dei store samfunns- og livsspørsmåla, avsluttar Furuhaug.

Bilete av Anna Kleiva og Vilde Tuv
Anna Kleiva og Vilde Tuv. Foto: Anna Kleiva