Per Olav Kaldestad får Diktartavla 2024

Bilete av Per Olav Kaldestad
Poeten Per Olav Kaldestad blir heidra med ein plass på Diktarstien. Foto: Cappelen Damm

Haugesenteret og Hardanger folkemuseum heidrar den allsidige poeten Per Olav Kaldestad med ein plass på Diktarstien. Prisutdelinga finn stad på Hardanger folkemuseum sundag 9. juni kl. 13.00.

Sidan debutsamlinga Kikkert kom i 1973 har Per Olav Kaldestad (fødd 1947) gjeve ut poesi, sakprosa, gjendiktingar, skodespel og ein stor del barne- og ungdomsbøker. Det har blitt over 40 bøker , og nær halvparten av dei er diktsamlingar. Den nyaste diktsamlinga hans, Sonettar, kom i 2023. 

Kaldestad har ein særskild poetisk styrke i dei  moderne dikta sine, med klassiske strofeformer og den tidlause sonettforma. I si nyaste diktsamling Sonettar tek han lesaren med på ei rik reise, der kjærleik til verda og menneska står heilt sentralt. Kaldestad er også ein dyktig gjendiktar av mellom anna poetar som D. H. Lawrence, Thomas A. Clark og William Shakespeare.  

– Å visa det store i det vesle er noko av krafta i Per Olav Kaldestad si dikting. I barnelyrikken finn me glede og håp, men også tema som sorg, sinne og sakn. Diktinga hans rommar både langsame observasjonar og raske sprang, seier Jorid Lekve Eide, arenaleiar ved Haugesenteret.

Diktarstien ved Hardanger folkemuseum 
Diktarstien er ein vakker hellegang med 32 diktartavler som prydar det flotte museumstunet ved Hardanger folkemuseum på Utne. Kaldestad går inn i rekkja av markante diktarar som til no har fått Diktartavla. Blant dei finn me Olav H. Hauge, Halldis Moren Vesaas, Jan Erik Vold, Kolbein Falkeid, Tone Hødnebø, Jon Fosse, Gro Dahle, Eldrid Lunden og Øyvind Rimbereid. 

– Med sine språklege sprang gjennom heile 50 år og med kjærleik for nettopp diktet og diktinga, er årets vinnar ei markant stemme i den norske poesifloraen. Nynorsk kultursentrum ved Haugesenteret og Hardanger folkemuseum er glade for at Per Olav Kaldestad no får sin velfortente plass på diktarstien i Hardanger, avsluttar Eide.