Poetiske gleder og musikalske høgdepunkt under Poesifestivalen

Bilete av Musikar og komponist Susanne Wallumrød.
Musikar og komponist Susanna Wallumrød gav publikum ein sjelfull og skjør poesikonsert der dei fekk møte dikt frå både Baudelaire og Hofmo. (Foto: Ådne Dyrnesli)

Eit begeistra publikum fekk med seg eit variert og innhaldsrikt program under Poesifestivalen 2022. – Sterke lyrikarar og dyktige utøvarar har saman med publikum vore med på gjera dette til ei strålande og minnerik festivalhelg i Ulvik, seier arenaleiar ved Haugesenteret Geir Netland.

Nærare 3 200 gjester fordelt på 32 ulike arrangement var innom festivalen. Billettsalet enda på om lag 550 000 kr. Arrangøren er nøgd med dette, slik tendensen er i kulturlivet elles etter pandemien.

Fri som festivaltema
Poeten Einar Økland innleia Poesifestivalen 2022 med ein opningstale der overskrifta var FRI, eit tema som gjekk som ein raud tråd gjennom årets program. Økland fekk Amboltprisen utdelt under festivalen, han gav også publikum poetiske gleder i ein eigen lesepost på Frukt- og Siderruta laurdag. Hauge-samtalen med Jo Eggen og Ingrid Nielsen opna nye dører og rom inn til Olav H. Hauge si dikting. Eggen trakk særskilt fram språkmeisteren frå Ulvik si evne til å mane fram stadig nye og overraskande bilete.

Poesifestivalen har eit dedikert og interessert publikum, noko som lyrikarar og utøvarar særskilt merkar seg i Ulvik. – Poesifestivalen i Ulvik er den beste litteraturfestivalen vi har, sa poet Morten Langeland under diktlesinga si på festivalens siste dag.

Poetane las
Lyrikken har fått skine for seg sjølv også denne poesifestivalen. Olav H. Hauge-stipendvinnar Priya Bains trekte fulle hus då ho etter prisutdelinga fredag kveld las utdrag frå debutsamlinga si Med restene av mine hender.

Steinar Opstad, Karoline Brændjord og Kristin Berget var nokon av poetane som gav eit lydhøyrt publikum sterke opplevingar under Poetisk festkveld laurdag. – Etter applausen å døma er det å høyra poetane lesa noko publikum set stor pris på. For oss er det viktig at festivalen gjev rom for slike opplevingar, seier programansvarleg Jorid Lekve Eide.

Poetiske gleder kom også i musikalske former under festivalen i Ulvik. Frode Grytten Beat Band bergtok publikum med sin kombinasjon av poesi og litteratur i møte med stor musikkglede og energisk formidling. Dei fire musikarane i Valkyrien Allstars leverte ein gnistrande konsert med sine tolkinga av gamle slåttar og stevtekstar. Pianist og vokalist Susanna Wallumrød gjekk frå det mørke til det ljose i ein sjelfull konsert, og eit begeistra publikum fekk oppleve Bjørn Tomren i ein fullsett sal i Kongressen laurdag kveld.

Festivalen arrangerte også skriveverkstad for skuleelevar i regionen. – Det er viktig å inspirera dei unge til å bli interessert i dikting og poesi. Målet med skriveverkstaden er å syna elevane at dei også kan skriva sine eigne dikt, avsluttar Geir Netland.

Neste gang Poesifestivalen vert arrangert, er 13.­­–15. september i 2024.

Bilete av ein poet som les for publikum under Poesifestivalen.
Poetane som gav eit lydhøyrt publikum sterke opplevingar under festivalen. (Foto: Ådne Dyrnesli)