Program for Litteraturhus i Møre og Romsdal våren 2023

På bibliotek kring om på Sunnmøre kan ein oppleve gratis samtalar, føredrag og forfattarsamtalar som tek for seg tema som norsk sidertradisjon, rasisme, utanforskap, og drøfting rundt det å skrive ein god roman.

I vårprogrammet møter du samfunnskritiske og augeopnande tankar formidla av Brynjulf Jung Tjønn i diktsamlinga Kvit, norsk mann, og Martin Baldysz i romanen Vardane. Camilla Aasen tek publikum med på ei utforsking av opphavet til norsk sider i boka Sidereventyret. I samtalen «Kunsten å skrive ein roman» fortel Gunn Marit Nisja og Angela Hagen om kvar sin måte å skrive romanar på, kor ein finn inspirasjon og kva dei gjer når skrivinga står stille. Samtalen er leia av Bjørn Vatne.  

Nynorsk kultursentrum har også ein programserie med tittelen «Frå bittelite til kjempestort», der ulike forfattarar møter born med sakprosa og kunnskapsformidling i biblioteka. Malin Hellebø fortel om 12 ulike typar munnar som finst i dyreverda gjennom faktaboka Inn i munnen. Ørjan Zazzera Johansen skildrar korleis Erling Braut Haaland har blitt ein verdskjend nordmann i den illustrerte boka Historia om Erling Braut Haaland. Skuleelevar har tidlegare i år møtt Aina Basso med boka Dei dødsdømde, der Basso skriv om historiene til nokre av dei som gjennom tidene har vorte dømde til døden i Noreg. 

I mangel på eit fast litteraturhus i Møre og Romsdal bruker Nynorsk kultursentrum og Bjørnsonfestivalen lokale bibliotek som arena for eit omreisande litteraturprogram. Litteraturhus i Møre og Romsdal er eit treårig prosjekt, med ambisjon om å bli fast tilbod frå 2024. Med støtte frå kommunar og fylkeskommunen vil Litteraturhus i Møre og Romsdal skape gode litteraturopplevingar for folk i alle aldrar der dei bur. Du finn meir informasjon om prosjektet på nynorsk.no og om arrangementa på Facebook-sidene til biblioteka. Du kan også følgje prosjektet på Facebook-sida til Litteraturhus i Møre og Romsdal.