Regjeringa følgjer ikkje opp språklova i kulturbudsjettet

gaute øvereng i utstillinga i aasentunet
Gaute Øvereng. Foto: Sunniva Lund Osdal / Nynorsk kultursentrum

– Regjeringa seier i statsbudsjettet at nynorsk skal fremjast og vere sikra gode vilkår, men det er langt frå ord til handling i statsbudsjettet for 2024, seier konstituert direktør i Nynorsk kultursentrum, Gaute Øvereng.

Det har ikkje mangla på innspel og tiltak frå eit samla nynorskmiljø om viktige prioriteringar for å styrkje nynorsk som det minst brukte skriftspråket, slik språklova seier. Løyvingane i kulturdelen av statsbudsjettet uteblir likevel. – Her er mange tiltak som SV kan plukke opp og bidra til at intensjonane frå språklova blir sette ut i livet, mellom anna auke i støtta til nynorsk barne- og ungdomslitteratur, læremiddel på nynorsk for vaksenopplæring og tiltak for å styrkje nynorsk i område der språket står svakare enn i år 2000, seier Øvereng.

– Dette er verkeleg “dagen derpå”, etter at vi feira nynorsken og Nobelprisen i litteratur til Jon Fosse, som ei anerkjenning av det nynorske språket si kraft i verda, seier Øvereng. 

Det Norske Teatret er ein av dei viktigaste formidlarane av den nynorske skriftkulturen. Avstanden mellom løyvingane til denne viktige nynorskscena og Nationalteatret, har auka jamt, særleg sidan 2000. Ein kan ikkje snakke om reell jamstilling mellom bokmål og nynorsk før dette finaniseringsgapet er tetta. Nynorsk kultursentrum håpar Stortinget i større grad enn regjeringa ser at nynorskteateret treng eit løft.

Det er svært gledeleg at regjeringa er offensiv i opplæringspolitikken, og løyver 41,7 millionar til å sikre fleire nynorskklassar i ungdomsskulen, i tråd med opplæringslova. Samtidig er det mange kulturpolitiske tiltak som anten manglar språkkrav eller får reelle kutt. Det er bra at Nasjonalbiblioteket får 3 millionar til styrking av norsk fagspråk, men dette er tiltak som gjeld begge dei norske skriftspråka. Kulturrådet får 7 millionar til å styrkje litteraturordningar. Den auken kunne blitt følgt av nynorskkrav. Kultur- og likestillingsdepartementet skriv positivt om ordboksarbeidet ved Universitetet i Bergen, men reduserer samtidig løyvingane til tiltaket.

Nynorsk kultursentrum fekk sjølv ei påplussing på 890 000 kroner frå revidert nasjonalbudsjett. Dette er same prosentauken som liknande museum får, og er godt under den pris- og lønsveksten regjeringa ventar. Dette bidreg difor til ein realnedgang i løyvingane.