Regjeringspartia skusla vekk ein historisk sjanse til å gjere det lettare å vere nynorskelev

Bilete av styreleiar i Nynorsk kultursentrum Reidar Sandal
Styreleiar i Nynorsk kultursentrum Reidar Sandal. Foto: Humberset foto

Utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget har handsama regjeringa sitt framlegg til ny opplæringslov, og har vend tommelen ned for å gi nynorskelevar eit likeverdig tilbod i den digitale skulekvardagen.

– Eg er misfornøgd med regjeringa si behandling av nynorsken i den nye opplæringslova, seier styreleiar i Nynorsk kultursentrum Reidar Sandal. Fleirtalet i Stortinget nytta heller ikkje sjansen til å rette opp lovteksten. Det er klart kritikkverdig. Rikspolitikarane kan vere trygge på at vi i Nynorsk kultursentrum er klare til å kjempe for nynorskinteressene når vi kjem til neste runde, legg han til.

Arbeidarpartiet og Senterpartiet kunne snudd, og fått fleirtal saman med SV, Raudt og Venstre for å stille same krav til læringsressursar som er laga for bruk i skulen som til læremiddel. I staden valde dei å gå saman med Høgre og Framstegspartiet om å be regjeringa greie ut saka vidare.

At nynorskelevane får eit dårlegare tilbod enn bokmålselevane i den digitaliserte skulen, er noko som allereie er grundig dokumentert, seinast i Språkrådets Rapport om språkbyte frå 2022.

– Regjeringspartia hadde ein historisk sjanse til å slå fast i lova at appar og læringsressursar som er laga for bruk i skulen skal kome på både nynorsk og bokmål, og slik gjere det lettare å vere nynorskelev. Det er frykteleg leitt at dei ikkje tok denne sjansen, seier Gaute Øvereng, konstituert direktør i Nynorsk kultursentrum.

Ei samla målrørsle, Den Norske Forleggerforeningen, Utdanningsforbundet og over 120 ordførarar støttar kravet som ville ført til meir nynorsk for nynorskelevane i klasserommet.

– Trass i at den nye lova blir ei forbetring av dagens opplæringslov, er det særs skuffande at regjeringspartia ikkje rettar opp den største feilen med lovframlegget: Lova burde slått fast at appar og andre læringsressursar som er laga for bruk i skulen skal kome på både nynorsk og bokmål, avsluttar Øvereng.

25.05.2023