Illustrasjon av med hender til Skeivt Kulturår 2022
Skeivt kulturår 2022. Design: Matric

SKEIV LITTERATURFEST

I 2022 er det 50 år sidan kjærleik mellom likekjønna vart avkriminalisert i Noreg. Nynorsk kultursentrum ynskjer å feire dette gjennom å formidle skeiv litteratur, det skeive i litteraturen og litteraturens kraft og potensiale for oss som samfunn og medmenneske.

Litteraturen er ei sterk uttrykksform som kan bidra til å bringe fram forteljingar om skeive og seksuelle minoritetar for ålmenta og såleis skape og forsterke forståing for situasjonen til dei ulike gruppene i storsamfunnet. Difor har vi bedt forfattarar med ulik bakgrunn, ståstad og legning om å skrive nye tekstar om dette temaet for oss.