Nynorsk.no / Aktuelt / Sterke forteljingar i årets vårprogram
Sterke forteljingar i årets vårprogram
Litteraturhus i Møre og Romsdal er klare med årets vårprogram. Her blir det spennande og gripande litterære opplevingar for både vaksne og barn. 28 arrangement vil gå av stabelen på bibliotek, kulturhus og skular rundt om i heile fylket. Alle arrangementa har gratis inngang!
Først ut i vårprogrammet er filmskapar og forfattar Margreth Olin. Debutboka til Olin, Song til mor, er ei øm forteljing om livslang kjærleik til naturen, til kunsten, til mor og til far. Olin har sjølv kalla boka for ein «kjærleikssong til mamma». Olin er kjend for dei nære, personlege filmane sine. Ho har eit eige blikk for dei som er litt annleis, dei som ikkje heilt fiksar livet. Dette blikket har ho med seg i romandebuten, som no har nådd lesarar over heile landet.
Marit Eikemo kjem på nytt besøk med boka Vi er brødrene Eikemo, ei underhaldande og rørande forteljing om eit hus, ein familie og ein industristad. Boka er ein sørgjesong og ei kjærleikshistorie om alt som går tapt, om det som formar oss og om krafta som held oss i live. Eikemo er kjend for sine skarpe og humoristiske skildringar, og ho vil diskutere både tema og skriveprosess med publikumet.
Forfattar og journalist Maria Lavik skriv om det vanskelege spørsmålet alle odelsjenter og gutar må stilling til: Kva skjer om ein ikkje overtek garden? Kven er du då? Boka Odelsskam tek for seg den sterke, personlege historia om forholdet til arv og tradisjon, og Lavik vil samtale om tema som familieforhold og identitet.
Vårens program byr også på opplevingar for barn både i bibliotek og skule. Sigrid Agnete Hansen er aktuell med ungdomsboka Du veit ingenting. Boka handlar om Tina, 16 år, som på ulike vis kjenner seg utanfor. Boka er ei sår, humoristisk og original forteljing om å ikkje passe heilt inn, om vennskap, om mot og om søskenkjærleik.
Åshild Moldskred har skrive fleire bøker om skremande tema for barn og unge. I boka Trollmoll skriv ho om alt det du ikkje kan sjå. Her får dei yngste lesarane bli med på ei spennande reise der det magiske møter det ekte, og forfattaren vil snakke om korleis ho kombinerer norsk folketru og fantasi i bøkene sine.
Litteraturhus i Møre og Romsdal er utvikla med erfaringar frå prosjektet SamLes LITT, som Bjørnsonfestivalen dreiv i Romsdalskommunane. Prosjektet vart utvida til heile fylket i 2020, med Nynorsk kultursentrum som ansvarleg koordinator for tilbodet på Sunnmøre og Bjørnsonfestivalen på Nordmøre og i Romsdal. Frå 2024 har satsinga fått fast støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Alle kommunane i fylket, Sparebank1 Nordmøre, Fritt Ord, Kulturrådet og Human-Etisk Forbund støttar også satsinga.
Veke 10
Margreth Olin – Song til mor
Måndag 3/3 Stordalshallen, Stordal kl. 18.00
Tysdag 4/3 Sykkylven bibliotek kl. 19.00
Onsdag 5/3 Giske folkebibliotek kl. 14.00
Onsdag 5/3 Ålesund bibliotek kl. 19.00
Torsdag 6/3 Ulstein bibliotek kl. 14.00
Torsdag 6/3 Sula bibliotek kl. 19.00
Veke 11
Marit Eikemo – Brødrene Eikemo
Måndag 10/3 Sykkylven bibliotek kl. 19.00
Tysdag 11/3 Vatne bibliotek kl. 19.00
Onsdag 12/3 Sula bibliotek kl. 19.00
Torsdag 13/3 Herøy folkebibliotek kl. 14.00
Torsdag 13/3 Volda filmteater kl.19.00
Veke 13 og 14
Maria Lavik – Odelsskam
Måndag 24/3 Herøy folkebibliotek kl.19.00
Tysdag 25/3 Hareid folkebibliotek kl.19.00
Onsdag 26/3 Haramsøy bibliotek kl.19.00
Torsdag 27/3 Ørsta folkebibliotek kl.19.00
Måndag 31/3 Moa bibliotek kl.19.00
Tysdag 1/4 Storfjord kulturhus kl.19.00
Onsdag 2/4 Giske folkebibliotek kl.19.00