Storkonsert med Kari Bremnes på Festspela 6.-9. juni 2024

Kari Bremnes. Foto: Øyvind Toft

– Kari Bremnes gjestar Festspela for første gong som soloartist. Ho er ein stor formidlar av songtekstar, og det kjem til å bli ei mektig oppleving når ho stiller med fullt band på Utescena på laurdagskvelden, seier Tone Slenes, leiar for Aasentunet og Festspela.

Bremnes har i løpet av 40 år etablert seg som ein av landets fremste artistar. Den prisvinnande tekstforfattaren, melodiskaparen og songaren frå Lofoten er kjend for sitt nære og sterke tekstunivers, ofte i ei melankolsk og nordvendt stemning.   

Bremnes er ein stødig ambassadør for ein heil landsdel og formidlar godt eigne tekstar med si eiga dialekt. I tillegg er ho ein viktig tolkar av andre kjende diktarar som både Olav H. Hauge og Leonard Cohen. Det er både sjølvsagt og stort for oss at ho kjem til Festspela, seier Slenes. 

Fleire store artistar til Festspela 
Nynorsk kultursentrum er stolte av å no kunne presentere alle dei store konsertane til Festspela 2024. Festivalpassa er også tilgjengelege, og er spesielt eigna for dei som ønskjer å få med seg fleire postar på Festspela. Knut Ødegård er festspeldiktar og heile festivalprogrammet blir lansert i mars.  

Opningskonserten på Utescena torsdag 6. juni er med Odin Staveland, under artistnamnet Odin. Han er for mange kjend som låtskrivar, vokalist og trommeslagar i Vamp. Multikunstnaren har også laga eigen musikk til film og teater, og medverka, produsert og skrive musikk for nokre av landets mest kjende artistar. Odin debuterte som soloartist i 2015, og i 2020 gav han ut det kritikarroste albumet Sillajass. Saman med bandet gjer han konsertar som er intense, særeigne og leikne. I 2024 er Odin aktuell som deltakar i TV2-programmet Hver gang vi møtes. 

– Festspela gir rom for å oppleve nynorsk kultur både i tradisjonelle og nye former. Med Odin på opningskonserten inviterer vi til ei oppleving utanom det vanlege, seier Slenes. 

Søndag 9. juni kjem musikk skriven og framført av Gabriel Fliflet band, no med nye tekstar av forfattaren Kjartan Fløgstad. Under Ivar Aasen-stemnet får vi oppleve I lys loge, som er tingingsverket til neste års Vossa Jazz. Fliflet har med seg eit stjernelag av musikarar. Bandet er sett saman av Gabriel Fliflet (trekkspel, piano og vokal), Susanne Lundeng (fele, vokal), Jørgen Sandvik (gitar, vokal), Per Jørgensen (trompet, vokal) og Anders Bitustøyl (bass, vokal). Konserten blir òg eit fint høve til å markere Kjartan Fløgstad sin 80-årsdag 7. juni.  
 
Fliflet skildrar sjølv konserten slik: 
“Til alle tider, i alle kulturar, har folk samla seg rundt bålet. Der har dei fortalt soger, laga mat, sunge songar, kviskra løyndomar og varma kroppane sine. Framleis lokkar bålet oss!  

I songsyklusen I lys loge vil eld og flamme, gneist og lys, vere den glødande ledetråden for dei fem syngande musikarane. Tekstane er både leikne og lyttande, og er nyskrivne av Kjartan Fløgstad, ein nestor blant norske forfattarar. Musikken er melodisk og vandrar i landskapet mellom jazz, folkemusikk og viser.” 
 

Musikkprogram under Festspela 2024: 

Torsdag 6. juni, Opningskonsert ved Odin, Utescena, Aasentunet. 
Laurdag 8. juni, Kari Bremnes, Utescena, Aasentunet. 
Søndag 9. juni, I lys loge med Gabriel Fliflet Band, Utescena, Aasentunet.