Nynorsk.no / Aktuelt / Storslått feiring av Aasta Hansteen sitt 200-årsjubileum
Storslått feiring av Aasta Hansteen sitt 200-årsjubileum
Nynorsk kultursentrum ved Vinjesenteret i Vinje og Kvinnemuseet i Kongsvinger inviterer til ei storslått feiring av 200-årsjubileet til Aasta Hansteen, gjennom to arrangement i haust og vinter: Eitt ved Vinjesenteret 24. oktober og eitt ved Kvinnemuseet seinare i vinter.
– Hansteen er ei av dei mest markante – men ofte gløymde – kvinnene i norsk kvinne- og målsakshistorie. Gjennom kvart vårt arrangement ved musea våre ønskjer vi saman å løfte fram arven etter henne, og få fram breidda i det viktige arbeidet ho gjorde, seier konservator Stine Stennes Hovdenakk ved Nynorsk kultursentrum og fagansvarleg Ellinor Maurstad ved Kvinnemuseet.
Aasta Hansteen var ein pioner innan kvinnefrigjering og nynorsk språk. Ho var ein av dei første kvinnene som tok til orde for likestilling mellom kjønna og som utfordra kvinnesynet i samfunnet i det offentlege rommet. Arbeidet hennar med det dåverande landsmålet, dagens nynorsk, har òg sett djupe spor i den norske kulturen, og er ein viktig del av nynorskhistoria. Trass i hennar viktige bidrag innan begge desse felta, er ho ofte oversett i den norske historieformidlinga.
– Det er med stor glede me inviterer til å feire Aasta Hansteen sitt liv og arbeid. Ho var ei føregangskvinne som braut barrierar og kjempa for rettane til kvinner. Desse arrangementet er ei unik moglegheit til å løfte fram arva hennar og inspirere nye generasjonar, seier Mona Pedersen, avdelingsdirektør for Kvinnemuseet. – Nynorsk kultursentrum er svært glade for samarbeidet med Kvinnemuseet om å formidle historia om Hansteen. For oss er det viktig å få fram rolla Hansteen har spelt i historia om nynorsken og ikkje minst å legge vekt på at også kvinner tidleg spelte ei viktig rolle i målsaka, seier direktør i Nynorsk kultursentrum, Olav Øyehaug Opsvik.
Jubileet blir markert med to arrangement. På programmet står fleire forskarar og forfattarar med særleg interesse, engasjement og kunnskap om Hansteen som nynorskforfattar, teolog og kvinnesaksforkjempar. Forfattar og feminist Marta Breen vil med utgangspunkt i boka si Aasta Hansteen og jakten på søsterskapet gje ei innføring i Hansteens person og virke. Doktorgradsstipendiat Mona Holm tek oss med på ei reise i Hansteens amerikanske draum, professor Aud Valborg Tønnessen kastar ljos over Hansteen sine teologiske idear, og professor Eli Bjørhusdal fortel om den gløymde målkvinna Hansteen.
Er du usikker på kven Aasta Hansteen eigentleg var? Les meir om henne og arbeidet hennar på https://snl.no/Aasta_Hansteen
Arrangementa er finansielt støtta av stiftinga Fritt Ord.