​​– Stortinget må sikre meir nynorsk i klasserommet​

Regjeringa har lagt fram ny opplæringslov. – Lovframlegget tek ikkje omsyn til at nynorskelevane treng å sjå meir nynorsk i appar og andre digitale læringsressursar i skulen. Stortinget må sørgje for at det vert meir nynorsk i klasseromma, seier direktør i Nynorsk kultursentrum, Per Magnus Finnanger Sandsmark.

Kvart år byrjar over 7 000 barn i 1. klasse med nynorsk som hovudmål. Det gjer nynorsk til det fjerde største språklege mindretalet i Europa etter fransk i Belgia og Sveits og katalansk i Spania. Samstundes er det vanskelegare å lære eit mindretalsspråk enn eit fleirtalsspråk. Nynorskelevane møter mykje bokmål og engelsk på mange flater.  

Skulen er ein av få arenaer der nynorskelevane i stor grad møter sitt eige skriftspråk. Skulepolitikken må spegle dette, seier Sandsmark.  

Lovframlegget gjeld ikkje appar i skulen 
I framlegget til opplæringslov skal berre kravet om læremiddel på nynorsk og bokmål til same tid og same pris gjelde læremiddel som er i bruk jamleg og dekkjer vesentlege delar av læreplanen. Det tyder at til dømes appar for lese- og skriveopplæring eller andre delar av fagleg opplæring ikkje må vere tilgjengeleg på både bokmål og nynorsk. 

– Denne avgrensinga gjer at svært mange sentrale appar og læringsverktøy ikkje vert omfatta av lovkravet. I praksis får nynorskelevane ikkje rett til appar og andre læringsressursar på eige skriftspråk. Lovverket speglar ikkje at skulane no nyttar mange ulike digitale ressursar, læremiddel og verktøy i opplæringa, seier Sandsmark. 

Nynorsk kultursentrum og dei andre nynorskorganisasjonane er samla om at Stortinget må ta større omsyn til dette enn det regjeringa har lagt fram. Lovverket tek ikkje omsyn til at det er meir skjerm og færre lærebøker i klasserommet. Nynorskelevane har dermed ikkje lik rett til digitale læringsverktøy på eige språk som det dei har til lærebøker i dag.  

Lovframlegget kan i praksis til å føre til at nynorskelevane får sjå mindre nynorsk i klasserommet i framtida enn dei gjer i dag. Det er direkte i strid med intensjonane i språklova om å styrkje nynorsk skriftspråk, seier Sandsmark.  

Positivt med krav om skriveprogram på nynorsk og bokmål 
Regjeringa føreslår å innføre krav om at skulane berre skal kunne bruke skriveprogram som støttar både bokmål og nynorsk, og som følgjer offisiell rettskriving. Det fører i praksis til at skulane må nytte skriveprogram som har tilfredsstillande tilrettelegging for nynorsk. Det tyder til dømes at kommunar som i dag har Google-løysingar må byte til løysingar som tilfredsstiller krava i opplæringslova, om ikkje Google stetter dette kravet. 

– Det er svært positivt at dette kravet vert lovfesta, og at kommunane og fylkeskommunane får denne plikta. Dette betrar kvardagen for nynorskelevane. Det er likevel ikkje nok når dette kravet ikkje gjeld andre læringsverktøy og læringsressursar, seier Sandsmark. 

Nynorsk kultursentrum er også positive til at det blir vidareført eit krav om tilfang på både bokmål og nynorsk i leseopplæringa i norskfaget. 

Endeleg betring for ungdomsskuleelevane 
Regjeringa følgjer opp Hurdalsplattforma og føreslår at ungdomsskuleelevar med nynorsk som hovudmål får rett til opplæring i eiga gruppe. Dette er både veldig bra og på tide. Eit samla nynorskmiljø reknar med at Stortinget følgjer opp dette i sommar. Samstundes må Stortinget stille opp for å styrkje språkmangfaldet i opplæringslova. Det gjeld både for nynorsk, samiske språk og norsk teiknspråk, seier Sandsmark.