Strålande Festspel

Bilete av Bjørn Eidsvåg og nærmare 650 gjestar i Uteamfiet i Aasentunet
Bjørn Eidsvåg spelte for nærmare 650 gjestar i Uteamfiet i Aasentunet laurdag kveld. Foto: Nynorsk kultursentrum

Strålande sommarvêr la rammene for ei fantastisk festivalhelg, med eit variert og innhaldsrikt program og høg kunstnarleg kvalitet. Laurdag kveld fekk nærmare 650 gjestar oppleve ein magisk konsert med Bjørn Eidsvåg i Uteamfiet i Aasentunet.

Temaet for årets Festspel har vore «Barnet». Dette har vist igjen både i programmet og i valet av utøvarar for festivalen.

– Det har vore spesielt kjekt å kunne ha eit eige Festsprell-program og å sjå så mange barn kose seg under årets Festspel. Det har vore ei ære å ha så mange sterke forfattarar og dyktige kunstnarar på scener både i Aasentunet og andre stader i Ørsta og Volda denne helga, seier ansvarleg for Festspela Tone Slenes.

Nærare 3500 gjestar har vore innom festivalen.
– Gjestane har gitt oss gode tilbakemeldingar. Dei har opplevd programpostar som er både tankevekkjande og morosame, i tillegg til minneverdige musikalske opplevingar med både elektronika-, vise- og popmusikk, seier konstituert direktør Gaute Øvereng.

Høgdepunkta har stått i kø
Festspela opna offisielt med over 80 inviterte barn i Aasentunet. Ørsta og Volda ballettskule opna det heile med å danse Venskapsdansen, før Festspeldiktar Kari Stai las frå både ei av Jakob og Neikob-bøkene sine og den nyaste boka si Er det sant at.

Laurdag fekk dei som hadde møtt opp i Romedalen ei magisk musikalsk oppleving med fantastiske kulissar, då dei fekk sjå og høyre årets tingingsverk med Anna Kleiva og Vilde Tuv.

Bilete av Vilde Tuv og Anna Kleiva under framføringa va tingingsverket i Romedalen
Vilde Tuv og Anna Kleiva framførte årets tingingsverk i Romedalen. Foto: Nynorsk kultursentrum

Litteraturen har stått i fokus gjennom eigne høgtlesingar og samtaler. Desse har vekt sterke følelsar både på scena og hjå publikum.

– Programpostane, med mellom andre forfattarane Olaug Nilssen, Brynjulf Jung Tjønn, Kari Stai, Maria Parr, Sigmund Løvåsen, Agnes Ravatn og Ruth Lillegraven, vart veldig godt mottekne, fortel Slenes.

– Eg har vore på mange besøk til skular og andre stader. Ikkje for å skryte altså, men poenget er at høgtlesing fungerer for folk i alle aldrar, sa Parr under ein av samtalane ho deltok i.

Under Festspela har det også blitt satt fokus på det som kan vere vanskeleg.
– Barn er menneske dei óg, berre med litt mindre livserfaring. Difor treng dei av og til meir forklaring når ein snakkar med eller skriv for dei, men dei treng at ein tek dei på alvor. Det fortenar dei, sa Kristine Magnesen, redaktør i Vesle norske leksikon, under samtalen «Korleis snakke med barn om vanskelege greier».

I tillegg til det annonserte programmet har det også vore fleire arrangement for skular og barnehagar med Festspeldiktaren og Framtida Junior, som er Årets nynorskbrukar. I tillegg har skular hatt forfattarane Ingunn Røyset og Sunniva Relling Berg på besøk.

Festspeldiktaren
Festspeldiktaren Kari Stai, som både er barnebokforfattar og illustratør, har delteke på fleire samtalar om forfattarskapen sin og om radarparet Jakob og Neikob. Ho deltok mellom i eit bokbad saman tre elevar frå tredje trinnet på Øyra skule – eller «bokdusj med badeKar(i) Stai», som Georg i panelet omtala bokbadet som.

Bilete av Festspeldiktar Kari Stai og bokbadarane Georg, Sebastian og Jakob.
Festspeldiktar Kari Stai vart bokbada av Georg, Sebastian og Jakob frå tredje trinn på Øyra skule. Foto: Nynorsk kultursentrum

– Det mest spennande med å vere Festspeldiktar har særleg vore det store spennet i dei ulike postane eg har fått delta i – frå å ha lesestund og filosofisk samtale med barnehagegrupper og eldre samla gjennom den kulturelle spaserstokken, til å ha samtalar med andre forfattarar på scenen. Alle desse samtalane har hatt eit godt spenn i tematikk, noko som har vore svært givande, sa Festspeldiktar Kari Stai.

– Eit høgdepunkt for meg var å høyre samtalen «Korleis snakke med barn om vanskelege greier?». Sjuandeklassingen Jakob Haugset (12), som er leiar i Barnas klimapanel for 2023, sette spor med sine poeng og refleksjonar. Det same gjorde Brynjulf Jung Tjønn si høgtlesing laurdag.

– Og så menneskemøta! legg Stai til. – Dei mange fine folka ein får vere saman med desse dagane – alle barna, arrangørane, publikum, frivillige og kollegaer. Det beste er dei gode samtalane og det fine fellesskapet.

Festspela 2024
Arbeidet med Festspela 6.–9. juni i 2024 er alt i gang. Då vil Festspeldiktaren vere forfattar og poet Knut Ødegård.

Ødegård, som bur i Molde og i Reykjavik, er kulturformidlar mellom Noreg og Island og ein forkjempar for menneskerettane. Han er den mest omsette nolevande norske poet , med diktbøker som er omsett til 42 språk. Ødegård har motteke ei rekkje prisar for forfattarskapen sin, og var mellom anna den første nynorskbrukaren som vart vald inn som medlem av Det Norske Akademi for Språk og Litteratur. 


Takk til frivillige, sponsorar og utøvarar som har bidrege til at det blei ein så god festival i 2023!