Styreleiar Reidar Sandal går av

Reidar Sandal sende måndag 6. november melding til Kultur- og likestillingsdepartementet om at han trekkjer seg frå vervet som styreleiar i Nynorsk kultursentrum.

Sandal oppgir at han opplever at det er ulike syn i styret på korleis ein skal handtere saker framover, og at dette er grunnen til at han trekkjer seg. Nestleiar i styret, Amela Koluder, tek over leiarvervet fram til ny styreleiar er på plass. Ho takkar Sandal for den viktige jobben han har gjort som styreleiar.
– Det er mykje godt arbeid på gang i organisasjonen, og styret held fram arbeidet ut frå dei vedtekne strategiane, seier Koluder. Valnemnda er alt i gang med å finne nye kandidatar til denne viktige posisjonen.

Eventuelle spørsmål i saka skal rettast til fungerande styreleiar Amela Koluder.