Sunnmørsk julestemning i Aasentunet

Bilete av jazzgruppa Jul på Sunnmøre
Jul på Sunnmørsk. Foto: Peder Otto Dybvik

Felles kjærleik til musikk, Sunnmøre og julestemning er bakgrunnen for jazzgruppa Jul på Sunnmøre. Saman tolkar dei gamle og nye, kjende og mindre kjende julesongar på klingande sunnmørsdialekt.

– Vi er glade for å nok ein gong kunne ønskje Jul på sunnmørsk velkomne til Aasentunet, seier programansvarleg Kim Åge Furuhaug. Han garanterer god julestemning måndag 19. desember.

Jul på sunnmørsk har mellom anna tatt for seg den finaste amerikanske julemusikken og gjendikta tekstane til sunnmørsdialekt. Let it snow, let it snow, let it snow har til dømes vorte til Det ekje snøv, det e sludd, det e regn på sunnmørsk, og Walking in a Winter Wonderland har fått tittelen Julestemning veks ikkje på tre.

Det blir swing, humor og halsbrekkande improvisasjonar, men også fintfølande og stemningsfull julemusikk.

Bandet gav ut plata “Jul på sunnmørsk” i 2018, som blei omtala som «the best Christmas jazz record this side of the millennium» av nettstaden Records.Christmas.

Publikum kan vente seg eit band som osar av speleglede og overskot, leia av den nydelege stemma til Siril Malmedal Hauge på vokal.