Nynorsk.no / Aktuelt / Tale ved Ivar Aasen-statuen
Tale ved Ivar Aasen-statuen
Tradisjonen tru vart også den første festspeldagen i 2024 opna med tale og blomar ved Ivar Aasen-statuen i Ørsta sentrum. Mange hadde møtt opp for å få med seg talen til Olav Øyehaug Opsvik, direktør for Nynorsk kultursentrum. Talen i sin heilskap er publisert her.
I desse dagar kan ein oppleve ein ganske festleg musikal ved Det Norske Teatret i Oslo, som mellom anna handlar om Ivar Aasen og hans virke. Mot slutten av musikalen peikar Aasen-karakteren i stykket på statuen som står bak meg og fnyser av at han blir portrettert sitjande på ein benk – han som var så svær å reise!
Vi som står her i dag ser at det ikkje er ein benk han sit på, men ei kiste – og kanskje til og med ei reisekiste. Eg skal likevel ikkje underkjenne poenget til manusforfattar bak Spynorsk – the musical, gode Are Kalvø: Det kunne vore naturleg å portrettere Aasen tydelegare som reisande.
I 26 år var Aasen støtt på reise gjennom (nesten) heile Noreg for å finne nøkkelen til eit nytt skriftspråk som skulle vere basert på dialekter frå heile landet. I dagbøkene hans kan vi raskt finne mange slags perspektiv han tileignar seg når han gjer observasjonar av ulike folk rundt om i landet. Han meinte til dømes at både folk frå Voss og Hardanger var kjenneteikna med at også dei støtt var på reise, til dømes i samband med deira «Lyst til Handel», som han skreiv.
No var det ikkje «Lyst til Handel» som dreiv Aasen ut på reise, men oppdraget han hadde sett seg føre allereie tidleg i 20-års alder, og seinare fått høve til å gjennomføre. «Et saadant Arbeide», tenkte han, «kan kun udføres af En, der er født og opdragen i en Bondes Hytte». Aasen ville at den åndsdanninga han kunne tileigne seg skulle nyttast til fordel for den «stand» som han sjølv høyrde til og kom ifrå.
Anten det har vore basert på tvang, plikt eller eventyrlyst, har utferdstrong og store reiser alltid vore eit sentralt element gjennom menneskehistoria. Difor har det også alltid vore eit sentralt element i forteljingane vi deler med kvarandre – og er det framleis i både litteraturen, musikken, i film og i dataspel. Saman med festspeldiktar Knut Ødegård har dei tilsette i Nynorsk kultursentrum landa på tematikken «heime – ute» som verkar som ein raud tråd gjennom årets Festspel. Gjennom alle moglege innslag, foredrag, samtalar og konsertar vil spennet mellom heimstad og verda der ute bli drøfta, tolka og tematisert på ulike måtar.
Kvifor har vi denne utferdstrongen? Nokre flyktar frå krig og vald, slik som Maryam og hennar farlause son, som blir sterkt skildra i diktet «Skuggar» av årets festspeldiktar, Knut Ødegård. Maryam flyktar frå Aleppo og står på «ei strand der bylgjene kviskrar Europa, ikkje krig ikkje svolt ikkje valdtekt.», men «mjølk og honning». Dei fleste av oss som veks opp her må ikkje reise ut av desperasjon og naud, men kanskje heller med mål om å bli betre kjend med oss sjølve.
Slike reiser kan gjerast på mange måtar, og Ivar Aasen si reise starta lenge før han forlet Åsen i Hovdebygda. Lesing var hans «yndlingsfornøielse» og utan dei lange reisene han tok i litteraturen, hadde han neppe funne fram til dei ideane som la grunnlaget for dei mange fysiske reisene han etter kvart la ut på. Og den delen av reisene hans tok aldri slutt.
Lesinga og reisene i språket og litteraturen var ein «yndlingsfornøielse» heilt til det siste, og dei siste åra har mange av dei tilsette i Nynorsk kultursentrum fått ta del i dei litterære reisene hans gjennom å kartlegge, registrere og digitalisere den omfattande boksamlinga som kom frå Kristiania, der ute, og heim til Hovdebygda, etter at han døde. Alle notata han la att i margen i dei fleire tusen bøkene hans er no registrerte og gjort tilgjengelege på Digitalt Museum. Slik har reisa hans til alt som er å finne «der ute» i litteraturen blitt gjort tilgjengeleg for ålmenta til evig tid «her heime».
Dei mange reisene Aasen gjennomførte, anten det var i litteraturen, i avisene, i språket eller gjennom bygder og gardar i Noreg, var avgjerande for at han skulle tenke dei kloke tankane som var så viktige for vårt språk og vår kultur. For at han skulle forstå at Noreg burde ha sitt eige skriftspråk måtte han spegle vårt samfunn i andre kulturar og nasjonar rundt oss.
Det vi ser på som «heime» er nemleg ingenting om vi ikkje har noko å spegle det i. Difor må vi sjå kva som er der ute. Ein gong, kanskje ikkje for alt for lenge sidan, var eg sjølv ein ung mann med utferdstrong. Eg ville sjå kva som var der ute, og på universitetet gjekk eg ivrig til verks med å fordjupe meg i mange slags kulturar og utrykk som er der ute i verda. I mange forteljingar om ulike kulturar handla det om korleis dei har blitt undertrykte av kolonimakter og har måtte kjempe for å halde på sin eigen særmerkte kultur. Det var kanskje først då eg gjorde meg kjend med mange slike forteljingar at eg verkeleg fekk kjenne på at også eg er ein del av ein særmerkt kultur det er verd å kjempe for.
Eit viktig preg med kulturen eg ser på som «min», er at den er skapt av slike som Ivar Aasen – folk som er fødde og oppseda i «en Bondes Hytte». Allereie i Aasen si tid var den kulturen som etter kvart skulle bli grunnlaget for den nynorske skriftkulturen, ein del av ein mykje større samanheng og hadde røter som var betre festa og strekkjer seg lenger ut enn mange kanskje anar. I dag er det truleg tydelegare enn den gongen, sidan svært mykje av det som var “der ute” også i større grad har kome hit til oss.Det var her den gongen også, i litteraturen og i aviser, men i dag er det også på skjermane og i øyreproppane våre direkte frå der alt skjer. I tillegg kjem alt “der ute” nærare gjennom å bli representert ved nye medborgarar, slik som til dømes dei som har overlevd den farlege reisa hit frå Aleppo, eller Kharkiv, eller Gaza.
Den direkte tilgangen på alt som er der ute kan vere overveldande, men det fører også med seg ein stor rikdom. For å hauste av den rikdomen må vi framleis ha utferdstrong, vere nyfikne og sjå etter noko spennande der ute – eller i nabohuset – å spegle oss i.
Eg vonar at nokre av opplevingane som dei tilsette i Nynorsk kultursentrum har gjort tilgjengelege for dykk denne helga vil pirre denne utferdstrongen, og at de alle får spegle dykk sjølve og bli betre kjende med kva som er «heime» for dykk.
Takk for meg – og takk, Ivar Aasen, for reisene du har tatt for oss, og tatt oss med på.