«Astrid, mi Astrid, som eine held «tå meg,
Den tid du var meg så inderleg god,
Den tid du gret kvar ein gong eg gjekk frå deg,
Som var kvar laurdags-kveld, mins du det no?
/: Då var i bygda eg sælaste gut,
Inkje eg byta med prest eller fut.» :/
«Den tid du heldt utav Astrid åleine,
Då inkje Svanaug var venar» for deg;
Den tid du var no så snøgg’e på beina,
Då du kvar laurdags-kveld ila til meg;
/: Inkje med skrivarens dotter ha» eg
Den gongen byta, skull» eg mista deg.» :/
«Heretter berre til Svanaug eg belar,
Ho som er alltid så godsleg og blid,
Ho som så gildsleg på langleiken spelar,
Svanaug den vene skal no vera mi;
/: Gjerne så ville eg to gonger døy
Når eg kunn» gleda mi venøygde møy.» :/
«No held eg berre «tå Torgrim den flinke,
Eismal eg vald’n blant belarar fleir!
Sveinung, ja Sveinung! du tarv no slett inkje
Tenkja at eg kan få hug til deg meir;
/: Tre gonger måtte dei slå meg i hel
når eg berr» visste at Torgrim var sæl!» :/
«Men om eg skulle no Svanaug forlata,
Og om eg kom ho «kje meire i hug,
Og om eg skulle til deg koma atter,
Om eg til Astrid igjen skull» få hug;
/: Om eg no trygda at eg vart deg tru,
Astrid, mi Astrid! kva svara då du?» :/
«Venar» enn soli som glar bakom fjellet,
Det er han Torgrim, kan eg seia deg;
Og du argar enn villaste trollet,
Falskar enn skumet på vatnet mot meg.
/: – Men eg er likvel di trugnaste møy,
Berre med deg vil eg leva og døy.» :/
Folkevise
Kjelde
Songbok for skular og ungdomslag av Sven Moren, Oslo 1946.
Omdikting etter Horats ved Hans Hanson.