Eg heiter Håvard Hedde

Eg heiter Håvard Hedde og er so ven ein kar;
no vil eg burt og gifta meg og rydje meg ein gard.
 
Refreng:
−Eg bur opp under fjell,
og gjenta hev eg lova; eg svik ho inkje hell.
 
Garden den er liten, men skogen, den er god,
der heve eg tvo furor, og dei skal stå i ro.

−Eg bur opp under fjell osb.

Når borni dei vert mange, og skuldi aukar på,
so høgg eg ned den eine, den andre ho lyt stå.

−Eg bur oppunder fjell osb.

Men når me vert’e gamle, og kvar skal hava sitt,
so høgg eg ned den andre, og då er skogen kvitt.

−Eg bur opp under fjell osb.

Det var no ikkje undrands at Håvard totte vondt;
han reiste ifrå Lanjei den myrke haustenott.

−Eg bur opp under fjell osb.

Han reiste ifrå Lanjei, og då vart gjenta fest;
men det var med ein annan, det hev han trega mest.
−Eg bur opp under fjell,
og jenta hev eg lova; eg svik ho inkje hell.

Folkevise

Kjelde
Frå Alvestad: Norsk songbok for ungdomsskular og ungdomslag, Oslo 1931

Publikumsundersøking 2023

Nynorsk kultursentrum gjennomfører ei årleg brukarundersøking. Målet er å kartleggje korleis nettstaden blir brukt og opplevd, og å bruke denne informasjonen til å kunne tilby best mogleg digitale tenester.

Opplysningane vi samlar inn, blir berre brukte i samband med denne undersøkinga.

Undersøkinga tek om lag 2–4 minutt å svare på.

Tilbakemeldinga di gjer oss betre