Fola, fola Blakken

Fola, fola Blakken!
No er Blakken trøytt og mod,
Blakken skal bli mett og god.
Å, fola, fola Blakken!

Uff, den leie bakken
og den lange, stygge mo!
Den var riktig tung og trå
for deg, du gamle Blakken.

Far han kasta frakken.
Blakken kan kje kaste sin,
sveittar i det gamle skinn,
du snille, snille Blakken.

Snart skal Blakken sove.
Ikkje meire slit i dag,
ikkje meire selegnag
og ikkje meire tråve!

Fola, fola Blakken!
Går du inn i stallen din,
så kjem vesle guten inn
og klappar deg på nakken.

Ser du guten smile?
Høyrer du det bod han har?
Han skal helse deg frå far:
I morgon skal du kvile.

Drøym om det, du Blakken:
Berre ete, berre stå,
kanskje kring på tunet gå
med veslegut på nakken

Tekst
Etter Nordahl Rolfsen

Melodi
Norsk folketone

Kjelde
Skulesongbok, av Mads Berg 1966