Unikt Aasen-materiale publisert på nett

Bilete av konservator Stine Stennes Hovdenakk og bibliotekar Siri Beate Gjerde i Nynorsk kultursentrum
Konservator Stine Stennes Hovdenakk og bibliotekar Siri Beate Gjerde i Nynorsk kultursentrum har bladd gjennom 1 000 bøker frå perm til perm. Foto Nynorsk kultursentrum

Boksamlinga etter Ivar Aasen inneheld omlag 2 500 bøker. I januar i år tok Nynorsk kultursentrum til på arbeidet med å gå gjennom alle bøkene. Forskar Stine Stennes Hovdenakk og bibliotekar Siri Beate Gjerde har funne ukjent informasjon om både Aasen og arbeidet hans. Dei 1 000 første bøkene er denne veka tilgjengeleg på digitaltmuseum.no.

– Gjennomgangen og registreringa vert gjort med stor respekt. Det å kome så nært personen Ivar Aasen og tankane hans er ei oppleving, seier bibliotekar Siri Beate Gjerde. Forskar Stine Stennes Hovdenakk, som arbeider som konservator i Nynorsk kultursentrum legg til at det er kjekt å kunne dele det dei finn med resten av verda digitalt.

Tusen markeringar – tusen spor
Ein viktig del av arbeidet er leitinga etter Ivar Aasen sine eigne markeringar i bøkene. Til no er det funne fleire tusen markeringar.

– Me har også funne fleire lappar gøymde i bøkene som bokmerke, som inneheld tettskrivne og småstilte notat Aasen har gjort seg undervegs i lesinga. Fleire av desse har ein ikkje visst om før no, noko som gjer at det kriblar ekstra når ein slik lapp dukkar opp, seier Gjerde.
 
– Botanikaren Aasen har òg snike seg med i enkelte av leseøktene, for i nokre av bøkene har me òg funne blomar og lauv, seier Gjerde.
 
Fleire av forfattarane og utgjevarane av bøkene har skrive personlege helsingar til Aasen, noko som gir eit sjeldan innsyn i det litterære og vitskaplege miljøet og nettverket Aasen var ein del av og arbeidde i.
 
– Ei av helsingane som var særleg stas å finne var frå kvinne- og målsakskvinna Aasta Hansteen. Ho hadde skrive både ei kort helsing til «det norske Tungemaals Genopreiser Herr Ivar Aasen», og eit lenger brev der ho takkar for all tidlegare hjelp han har gitt henne, avslutta Hovdenakk.