Utforskar tilhøva mellom det menneskelege og det ikkje-menneskelege i lyrikken

Bilete av Ingrid Nielsen, Fredrik Parelius og Stein Arnold Hevrøy
Ingrid Nielsen, Fredrik Parelius og Stein Arnold Hevrøy. Foto Mads Eslund

– Poesi er ei kunstform som ofte reflekterer over sambandet mellom det menneskelege og det dyriske, seier Stein Arnold Hevrøy. Han er ein av redaktørane bak boka Om det menneskelege og det ikkje-menneskelege. Ti tekstar om lyrikk.

Kvifor løfte fram skiljet mellom det menneskelege og det ikkje-menneskelege i poesien?  Tilnærmingane og svara varierer, men poesien verkar å oppfordre til nett slike refleksjonar.

Boka inneheld tekstar om spennande emne som den samiske joiketradisjonen, sambandet mellom Bjørnøya og poesi, og illustrasjonane til Alf Prøysens «Lille måltrost». – Med tanke på både politiske og økologiske utfordingar i samtida vår har vi tru på at antologien vår treffer godt, seier Stein Arnold Hevrøy, konservator i Nynorsk kultursentrum.

Forskingsnettverket for poetisk tenking er eit samarbeid mellom Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur, og litteraturforskarar frå norske universitet og høgskular, forfattarar og andre med lyrikkfagleg bakgrunn. Dette er tredje boka forskingsnettverket står bak.

Litteraturforskarar frå åtte ulike institusjonar bidreg med artiklar i boka. Redaksjonen har vore samansett av Ingrid Nielsen (Universitetet i Stavanger), Fredrik Parelius (Universitetet i Bergen) og Stein Arnold Hevrøy (Nynorsk kultursentrum).

Boka er publisert av Novus forlag og finst både ope tilgjengeleg og som fysisk bok.
Sjå lenke: Om det menneskelege og det ikkje-menneskelege: Ti tekstar om lyrikk | Novus forlag