Nynorsk.no / Aktuelt / Vellukka Litteraturdagar
Vellukka Litteraturdagar
Mange fekk med seg eit variert og innhaldsrikt program under Litteraturdagane. – Som ny kunne eg ikkje unngå å legge merke til den unike festivalstemninga. Vi har fått gode tilbakemeldingar på innhaldet, og utøvarane er også svært nøgde, seier arenaleiar Yngve Knausgård.
Festivalhelga har vore rik på både litterære og musikalske opplevingar. Det har vore gode samtalar, intervju, talar og framføringar, der den raude tråden “kraft” har teke oss djupt inn i det personlege, langt ut i verda, attende til historia og inn i framtida.
Over 2700 gjester var innom årets festival, og både opninga torsdag og kveldsprogrammet fredag var utselde på førehand.
Torsdag stod forfattarskapen til Aslaug Vaa i sentrum. Ordføraren i Vinje kommune Jon Rikard Kleven stod for den offisielle opninga av Litteraturdagane, og eit stappfullt Vinjar fekk med seg Villarkonn, der Hæge Manheim gav ei sterk framstilling av Aslaug Vaa si reise gjennom livet. Per Anders Buen Garnås og Stein Versto avslutta kvelden med hardingfele og framføring av Vaa sine dikt.
Fredag fortalde mellom anna forlagsredaktør og forfattar Trygve Riiser Gundersen om endringskraft og endringsvilje hos Vinje. Forfattarane Monica Goksøyr og Olaug Nilsen samtala om novellesamlinga Slemme jenter, som Goksøyr fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for i 2023.
Same kveld kunne publikum høyre Odd Nordstoga i samtale med Yngve Knausgård om sjølvbiografien Spelemann, der Nordstoga skriv “eit realityshow på papir” om menneska, musikken og stadane i livet sitt. Kristian Kristensen heldt ein nær og stemningsfull konsert. Kristensen kjende både publikummet og Vinje godt, og hadde mange morosame historier å fortelje mellom songane.
Publikum fekk også møte Donald på ekte vinjemål. Direktør Olav Øyehaug Opsvik leia samtalen mellom Donald-teiknaren Arild Midthun og Asmund Nordstoga. Sistnemnde har vore konsulent for ei rykande fersk Donald-stripe på vinjemål.
Laurdagen starta med eit gratis familiearrangement med Arild Midthun, der han teikna og fortalde om Donald til eit fullsett bibliotek. – Det er veldig kjekt å kunne tilby eit arrangement til eit yngre publikum. Det er særleg fint å vise korleis forteljingar tek ulike former og kan formidlast på ulikt vis, slik me også gjer gjennom broderiprosjektet Vinjerevla som det var mogleg å bidra til under festivalen, seier vertskaps- og programansvarleg ved Vinjesenteret Ingebjørg Nestestog Edland. Midthun fekk sett Vinjerevla og skrytte over teikneseriestreken til Tarjei Østrem Svalastog.
Inger Bråtveit snakka om undergangs- og bergingskrefter i det tradisjonsrike Vesaas-foredraget. Festivaltemaet “kraft” vart lyssett frå mange interessante vinklar utover laurdagen.
Laurdagskvelden tok journalist, radioprofil og programleiar i NRK P3 Arianrhod Engebø imot Storegutprisen. Ho fekk prisen ved å vere eit inspirerande førebilete for unge nynorskbrukarar i dag. – Om vi vil at nynorsken skal vere levande og halde seg frisk og god, så må vi passe på at vi løfter fram unge, spreke forbilde som bruker språket på ein inkluderande måte, sa ein stolt prisvinnar i takketalen.
Kvelden vart avslutta med ein eldfull konsert med Gabriel Fliflet band.
– Å arrangere festival med så engasjerte og dedikerte utøvarar og publikum er veldig kjekt. Eg vil særleg takke alle frivillige, Venelaget og Bjaaland bygderestaurant, i tillegg til dei økonomiske bidragsytarane våre i Vinje kommune, Kulturrådet, Stiftelsen Fritt Ord og Telemark fylkeskommune, som alle har vore med på å gjere dette til ein vellukka festival, avsluttar Knausgård.