Viktige nynorskprioriteringar i SV sitt alternative budsjett

Bilete av Olav Øyehaug Opsvik og Svein Olav Langåker
Direktør i Nynorsk kultursentrum, Olav Øyehaug Opsvik, og dagleg leiar for Nynorskkommunane, Svein Olav Langåker, deltok på budsjetthøyringa på Stortinget på vegner av Nynorsk forum. Foto: Nynorskkommunane

I sitt alternative statsbudsjett legg SV fram ekstra løyving til Noregs Mållag og tilskot til nye læremiddel på nynorsk til vaksenopplæring for flyktningar og asylsøkjarar, i tråd med innspel frå Nynorsk forum.

– Vi er svært glade for at SV har lytta til innspela frå Nynorsk forum og at dei legg fram løyvingar vi har jobba hardt for å få inn i statsbudsjettet, seier direktør for Nynorsk kultursentrum, Olav Øyehaug Opsvik.

I kraft av stillinga si er han også sekretær for Nynorsk forum, der 21 nynorskorganisasjonar, institusjonar og -bedrifter mellom anna samlar seg om innspel til statsbudsjettet kvart år.

Ein ekstra million til Noregs Mållag var øvst på prioriteringane til Nynorsk forum i sitt innspel til kulturdelen av budsjettet, medan tilskot til nye læremiddel på nynorsk til vaksenopplæringa for flyktningar og asylsøkjarar var øvste prioritet mellom innspela til Arbeids- og inkluderingsdepartementet. SV har lagt fram 4 millionar til dette tiltaket.

– Det er ikkje store summar i eit statsbudsjett, men det er svært viktige tiltak for vidare styrking av vilkåra for språket. Noregs Mållag har vore i vekst i mange år utan at dei har fått auka rammetilskot – så dette er vel unt, seier Opsvik.  

Tilhøva for flyktningar og asylsøkjarar som kjem til nynorskkommunar er svært utfordrande om dei ikkje får god undervisning på nynorsk.

– Denne løyvinga sikrar betre integrering i lokalsamfunna dei kjem til og kan bidra til at dei ikkje flyttar vidare derifrå. Det er også eit gode at dei får undervisning på det same språket som borna deira får i skulen, seier direktøren.

Les meir om Nynorsk forum her.