Ope informasjonsmøte i Aasentunet måndag 24. februar kl. 18.00.

Vil du vere med på å forme den nye utstillinga i Aasentunet?

Frå utstillinga i Aasentunet. Foto: André Hustoft Nesheim

Den faste museumsutstillinga i Aasentunet skal bli ny, og du har no høve til å vere med på å påverke kva historier vi skal fortelje i den nye utstillinga.

Vi ser etter deg som er språk- og litteraturinteressert, og du må gjerne vere glad i å gå på museum. Vi ser etter personar både frå lokalmiljøet her på Sunnmøre og frå andre stader i landet. 

Den nye utstillinga skal etter planen opne i 2028. Målet er at utstillinga skal syne kva språk kan bety for einskildmenneske, identitet, kultur, samfunn og demokrati, med utgangspunkt i den norske språksituasjonen. 

Vi ønskjer å setje saman ei referansegruppe med fem til åtte personar som kan kome med idear til innhald og form for utstillinga, og som vi kan teste ut våre eigne idear på. Referansegruppa vil bli samla til fleire møte i løpet av prosjektperioden, både i den meir opne startfasen og når ideane byrjar å ta form. 

Om dette høyrest ut som noko for deg, høyrer vi gjerne ifrå deg. Skriv nokre ord i skjemaet som er lenka til under om bakgrunn, utdanning, yrkesretning, interesser og kvifor du ønskjer å vere med på dette.  

Om du er nysgjerrig og berre ønskjer å vite meir om kva arbeidet med ny utstilling omfattar, eller vil vite meir om kva deltaking i referansegruppe inneber, er du hjarteleg velkomen på det heilt uforpliktande opne møtet i Aasentunet måndag 24. februar kl. 18.00.  

Veit du at du allereie no vil vere med i referansegruppa kan du melde di interesse her:

Frå utstillinga i Aasentunet. Foto: André Hustoft Nesheim