Nynorsk.no / Aktuelt / Skrift som brukskunst – Einar Øklands prosa
Skrift som brukskunst – Einar Øklands prosa
I høve opninga av utstillinga «Den vesle manns kunst» ved Sunnhordland museum 13. april gjennomførte Nynorsk kultursentrum Einar Økland-seminaret i samarbeid med Sunnhordland museum. I utstillinga på museet kan gjester sjå delar av Einar Økland si omfattande samling av mellom anna norsk bruksgrafikk og massedistribuert barnekultur.
Som ein del av seminaret framførte Aslaug Nyrnes, professor emerita ved Høgskulen på Vestlandet, føredraget «Skrift som brukskunst – Einar Øklands prosa». Nyrnes tek utgangspunkt i Økland som skriftstad, korleis Einar Økland tek i bruk landskapet, og ikkje minst korleis dei omfattande samlingane hans viser igjen i prosaen han har forfatta gjennom eit langt forfattarliv.
Nynorsk kultursentrum har fått løyve til å publisere manuset til Nyrnes i sin heilskap. Du kan laste det ned her (PDF · 0,2 MB).
Aslaug Nyrnes (f. 1953 i Lom) er professor emerita ved Høgskulen på Vestlandet. I sitt virke som forskar har ho arbeidd med litteraturvitskaplege og kunstfagdidaktiske emne. Nyrnes har mellom annna skrive boka Det (ny)norske mennesket. Ein litterær analyse av familiebladet For bygd og by (Samlaget, 1985) og publikasjonar om kunstfagdidaktigg og økokritikk.