Planet Ørsta, Jørgen Nordeng og Runar Gudnason om dialekt, heimstad og rap

Bilete av Runar Gudnason, Jørgen Nordeng og illustrasjon av Planet Ørsta
Møt Runar Gudnason, Jørgen Nordeng og Planet Ørsta i samtalar under Festspela. Foto: Kieran Kolle, Cappelen, Planet Ørsta

Kvifor er dialekt så viktig i dikting, og kva betyr det for å bruke talemålet sitt? Korleis ligg tema som heim og heimstad som eit bakteppe i mange raptekstar? Og kven i all verda er skaparane bak Planet Ørsta?

Desse spørsmåla vil samtaleleiar Olav Øyehaug Opsvik, direktør i Nynorsk kultursentrum, stille rapparane Jørgen Nordeng og Runar Gudnason, og Egil Olsen og ein av skaparane bak Planet Ørsta, i kvar sin samtale under Festspela laurdag 8. juni.

Med heime som tema
– Heim og heimstad er tema for fleire av samtalane under årets Festspel, seier Kim Åge Furuhaug, produsent ved Nynorsk kultursentrum.

Fredag får vi høyre dei tre barne- og ungdomsforfattarane Maria Parr, Ingunn Thon og Sunniva Relling Berg snakke om kva som skaper ein heim i barne- og ungdomslitteraturen.

Laurdag samtalar festspeldiktar Knut Ødegård med Jan Inge Sørbø om omgrepet «heim» og kva rolle heimstaden spelar i litteraturen til Ødegård. – Knut Ødegård er den mest omsette nolevande norske poeten, fortel Furuhaug. – Fredag får vi eit innblikk i arbeidet med omsetjing av tekstar til og frå nynorsk og nynorsk litteratur sin plass internasjonalt.

Nynorsk på teaterscenen og i verda
Nynorsk som scenespråk vert samtaleemne når Guro Kristin Gjøsdal frå Nynorsksenteret snakkar med Inger Johanne Sæterbakk, Samir Madad og Jon Werede Hope fredag føremiddag. Alle tre har bakgrunn frå teaterverda, og du møter dei i peisestova på Møre Folkehøgskule.

Irriterande skrivefeil, debutantar og livssyn
– Irriterer du deg over andre sine skrivefeil? Fredag må du i så fall få med deg samtalen mellom filolog Kristin Fridtun, komikar André Ulveseter og litteraturkritikar Sindre Hovdenakk, seier Furuhaug.

Det blir også debutantprat med Monica Goksøyr og Ellen Harrison laurdag, og samtale med festspeldiktaren om livssyn i dikting søndag.