Nynorsk.no / Nettutstillingar / Aleine saman — Korona og kulturen / Kjersti Rorgemoen – Puste i ei friskare luft
Aleine saman – korona og kulturen
Kjersti Rorgemoen – Puste i ei friskare luft
Denne teksten er starten på ein komande roman som mellom anna handlar om å leve på avstand.
– Kjersti Rorgemoen
Det var slik ein ærleg annonse. Blottstillande. Eg fall for det openhjartige fokuset på alt som ikkje var der: Internett, telefondekning, veg, straum og brønn. Den kondemnable husmannsplassen der ingen hadde budd sidan eit syskenpar døydde frå han på åttitalet. Blir seld som det er, sto det. Som om seljaren hadde behov for å åtvare mot eller trøyste med at staden ikkje var å finne nokon annan stad og at huset ikkje var noko anna hus. Kommunen hadde stramma dramatisk inn på buplikta, og ingen av dei andre interessentane ville love å bli fastbuande. Eg likar å tenke at eg redda staden frå å bli kolonisert av historielause feriegjester, no som kapasiteten i dei groteske hyttebyane i høgfjellet er sprengt. I kyrkjebøkene fann eg mange namn knytte til staden, eg valde å tru at dei ikkje hadde hamna der av naud og mangel på betre alternativ. Eg fortalde meg sjølv at sidan folk hadde budd på staden uendeleg lenge, måtte det vere ein naturleg stad å bu. Tida var komen for å ta husmannsplassen i bruk, legge til rette for det moderne behov. Eller, behov og behov. Eg kunne strengt tatt ha kjøpt meg inn hos Svein, han hadde invitert til det fleire gonger, dele den komfortable leilegheita hans i byggefeltet nedi sentrum slik me i praksis nesten allereie gjorde. Så ofte hadde me sete der og drøymt oss bort med tv-program om folk som var ute, folk som hadde stokkar, strå, verktøy og dyr i hendene, som gjorde opp eld, dyrka nyttige planter, studerte nære tuer. Som levde enkelt i enkle hus. Det var slik me kvilte i lag, etter arbeidstid, på sofaen hans. Me flykta inn i andre si flukt mot naturen, til stader som ikkje var eksotiske eller fjerne, det var stader som kunne ha vore rett i nærleiken. Kvart tv-program bles liv i draumen, den i seg sjølv totalt ubrukelege draumen. Det kjendest til sist naudsynt å gå bokstaveleg til verks. Bli dugande i tradisjonell forstand. Puste i ei friskare luft. Det var ei sterk glede å gjennomføre kjøpet, eg kjende eit blaff av personleg suverenitet og forandringsrus. Det var som om trua på meg sjølv plutseleg hadde ein stad å feste seg. Det var veldig mykje for pengane, forklarte eg til Svein, samanlikna med kva ein måtte betale for eit sentralt hus som hans. Eller, sentralt og sentralt. Sentrum var berre sentralt for dei omlag fem hundre personane som budde der, innbyggartalet i kommunen var lågt og søkkande. For prisen av ei halv leilegheit hadde eg skaffa meg ein heil skog i tillegg til fleire bygningar, min heilt eigen magisk rennande bekk! Han tok det ikkje personleg. Forstod at det var noko eg måtte. Eg sa at han nok skulle bli freista til å kome flyttande etter, så snart eg hadde gjort huset meir leveleg. Det var så rikeleg med plass. Så slepp me å ligge på sofaen som stranda fiskar lengtande etter eit anna element, sa eg. Nevenyttig. Natur. Eg hadde orda på mi side. Eg hadde alltid fått han til å forstå meg. Det er vår form for kjærleik.
© Kjersti Rorgemoen (2020)