Digitale festspel 2020

aljamarkiR – skrifter og fiksjonar

Her les Odd Goksøyr tre smakebitar frå si eiga bok aljamarkiR – skrifter og fiksjonar, som kjem ut på Samlaget i august. Tittelen på boka er henta frå innhogde runer på Kårstadsteinen, som vart funnen i Nordfjord på 1920-talet. «aljamarkiR», eller «ek aljmarkiR» er tolka som «eg, frå framandt land», og innskrifta er frå tidleg folkevandringstid for om lag 1700 år sidan. I tekstane leikar Goksøyr med ulike sjangrar, men ein raud tråd gjennom historiene i aljamarkiR er lengt og leiting; om opphav, avstand og forsoning.

Bilete av Odd Goksøyr
Odd Goksøyr, Foto: Camilla Kleppe Nanseth

Odd Goksøyr (f. 1952) er poet og trubadur, busett på Hareid. Han har skrive barnebøker, diktsamlingar, samarbeidd om plateutgjeving med Red Roosters og gjendikta Robert Bly og Leonard Cohen, og eit utval dikt av den shetlandske lyrikaren Christine De Luca.

Les meir på:

Publikumsundersøking 2023

Nynorsk kultursentrum gjennomfører ei årleg brukarundersøking. Målet er å kartleggje korleis nettstaden blir brukt og opplevd, og å bruke denne informasjonen til å kunne tilby best mogleg digitale tenester.

Opplysningane vi samlar inn, blir berre brukte i samband med denne undersøkinga.

Undersøkinga tek om lag 2–4 minutt å svare på.

Tilbakemeldinga di gjer oss betre