Frå veksthuset
Øystein Hauge les frå den komande diktsamlinga Oktobersong. Boka skulle etter planen ut hausten 2020, men blir i staden vårbok i 2021. Forfattaren byr også på fragment frå to tidlegare bøker.
Øystein Hauge (f. 1956) frå Vegårdshei er forfattar og poet, busett i Hustadvika i Romsdal. Hauge debuterte skjønnlitterært i 1989 med aforismesamlinga Messe og maskespel, gav ut haikusamlinga Grønt i 2000, og har sidan gitt ut fleire diktsamlingar.