Liljene på stranda
Rønnaug Kleiva les utdrag frå sin siste roman, som kom ut på Samlaget i 2019. Her utforskar forfattaren det å bli eldre, det svikefulle minnet og døden på ein brutal og usentimental måte. Det handlar om dei ulike versjonane av forteljingane vi omgir oss med. Kan ein i det heile stole på minnet – og på kvarandre?
Rønnaug Kleiva (f. 1951) frå Vartdal i Ørsta er ein forfattar, dramatikar og lyrikar som har hausta prisar og gode kritikkar for stilrein og konsekvent litteratur.