Songen «Frøken Franzen» er eit av mange vellukka samarbeid mellom årets festspeldiktarar, Stein Versto og Odd Nordstoga. Versto skreiv teksten, og Nordstoga gav ut songen på albumet Heim te mor i 2006. I denne novella tek Versto forteljinga vidare.
Du kan lese heile novella under, eller opne teksten i PDF-format her.
Frøken Franzen
Novelle av Stein Versto, mai 2020
Tileigna Anselm Kiefer og hans verk, utstilte i Astrup Fearnley-muséet i Oslo
Dei har lagt ei pute under hovudet mitt, og når eg lyfter blikket, ser eg opp i kåpa til Anselm Kiefer og dei tre stigane nedanfor kåpa; stigestega er som sprosser i vindaugo inn til eit anna rom.
Det kunne ha vore annleis; eg veit det.
Eg kunne ha nytta dei siste åra og månadene mine på ein annan måte.
Eg stod der i dag òg, ved Vår Frelsers gravlund, og venta. Og som så ofte før kom ho ut på fortauet, svinga oppover Ullevålsveien, i ettersitjande, svart bukse, kort jakke og høge støvlettar, utan å sjå seg om.
Eg stod med ryggen mot gjerdet ved gravlunden og røykte, venta til ho var komen eit godt stykke oppover.
Då gjekk eg etter.
Dei faste rutinane hennar greidde eg aldri å kartleggje – om ho hadde nokon. Ho kunne koma ut klokka ni, elleve, eller først klokka fire. Dagane hennar er aldri like, og det er vel slik ho vil ha det. Fordelen med vintermørkret er at ein då stort sett kan sjå på lyset i vindaugo kva tid ho står opp og kva tid ho går til ro.
Soverommet er bak vindauga lengst til venstre. Det tok meg ikkje så lange ventinga, i fjor ein gong, å smette inn i oppgangen, ein dag ein av dei andre som bur der var på veg ut, og finne namneskiltet utanfor døra, tredje høgda til høgre.
Stundom sløkkjer ho klokka halv elleve om kvelden; andre gonger ligg ho til klokka to før ho sløkkjer.
Eller sovnar ho kanskje med lyset på?
Kva driv ho med, der ho ligg, i senga si om kvelden?
Ho bur aleine.
Les ho?
Eg trur ikkje det. Ho sa i eit intervju på TV2 for ikkje så lenge sidan at ho ikkje les bøker. Ho er ikkje tolmodig nok, sa ho.
Ho tok av til venstre frå Ullevålsveien og gjekk bortover Dalsbergstien mot Bislett. På veg til Marienlyst, tenkte eg. Eg la meg etter, så pass langt unna at ho ikkje ville leggje merke til meg om ho snudde seg. Det var fleire andre mellom oss. Trass i avstanden syntest eg kunna sjå at folk la merke til henne – å, det er henne! – eg kunne ana diskrete skråblikk, ei hand som tok seg litt for fort til hovudet, ei hosting som ikkje verka heilt sann. I svingen i Dalsbergstien kom ho ut av syne og eg auka farten, rekna med å sjå henne att då eg runda svingen. Eg skunda på, og snart var Bislett i synsfeltet, men ikkje ho.
Kor var ho blitt av?
Eg veit ikkje kor lenge eg vart ståande der, ved ein husvegg, men brått var ho der att – og denne gongen tett ved meg, med ein rykande kaffikopp i handa. Eg kunne ha teke på henne då ho gjekk forbi. Med målretta steg gjekk ho vidare, i retning Bislett.
Medan eg gjekk etter, slo spørsmålet ned i meg. Kva skulle eg seia til henne, om eg på nytt råka til å koma henne så nær at ei samtale vart mogeleg? Om ikkje anna så berre nokre ord, eit venleg blikk – slik at ho kanskje ville hugse meg neste gong vi møttest, og ha litt av den der gamle-kjenningar-kjensla? Kanskje fatte interesse utover det reint overflatiske?
Tankar som denne jaga lenge i meg, endå eg burde visst at det var nyttelaust. For eg hadde jo sjansen – både i dag, ved Bislett, og ein gong tidlegare.
Gjev meg sjansen, frøken Franzen.
Stundom har det slått meg at det er eg som er modellen for mannen i den songen.
Men korleis kan Odd Nordstoga kjenne meg?
Eg hadde verkeleg sjansen til å få kontakt med henne, for nokre månader sidan. Og den gongen hadde ho ikkje travelt heller. Eg stod i ein Joker-butikk, stod i kassakøen og skulle betale for ei pakke sigarettar eg i grunnen ikkje hadde råd til, stod og tenkte på at livet her i jammerdalen etter leganes meining for min del ville vera avslutta om mindre enn eitt år, då eg oppdaga henne framfor meg i køen.
Ho.
Det var henne!
Og det verste var at ho miste noko på golvet, ei colaflaske. Flaska rulla bortover, bort under handlevognene som stod oppstilte til bruk, pressa i kvarandre;
inn mellom hjula på handlevognene rulla colaflaska hennar, og eg kom ikkje eingong på at eg kunne hjelpe henne, gå bort og plukke opp flaska. Eg kom ikkje på det!
Korleis er det mogeleg!
Eg veit kvifor. Eg veit det så inderleg vèl. Eg var rasande på meg sjølv, med ein gong etterpå, og kunne ikkje forstå korleis det kunne hende, men no veit eg det. Eg var lamma. Då det gjekk opp for meg kven eg hadde framfor meg i køen, vart eg paralysert. Stiv som ein stokk. I staden for å hjelpe, stod eg der og var i vegen for henne. Det einaste eg minnest, er det oppgjevne blikket hennar då ho skulle til å be meg flytje meg (og jamvel då vart eg ståande), men så slapp ho be meg om det, for det var ein annan mann der bak meg, galant og glatt, som straks las situasjonen og gjekk bort, bøygde seg og fiska fram flaska og flidde henne den med eit høfleg lite nikk.
Fleire i butikken kjende henne att. Det var stilt, endå det var nokså mange kundar i området ved kassa. Det er henne! Ho som vi ser på TV kvar veke! Ho er her! Og alle vart tilforlatelege, samstundes som dei alle såg til éin kant, hennar kant, gjennom augekroken, og skaffa seg litt ekstra bry, fekk det travelt med å leite etter varer i nett dei hyllene som var like ved kassa. Sjampo og deodorant selde dei flust av den dagen. Jamvel kassamannen fekk dette kunstig tilforlatelege i mimikken sin, i rørslene sine, og då han sa ha ein god dag til henne, skalv han i røysta av undertrykt sensasjonsiver.
Men det er ikkje ofte ho handlar der. Det fann eg ut av, for kvar gong eg måtte ha noko i tida etter, handla eg i den Jokeren.
Endå så langt unna Økern den butikken ligg.
TV-skjermen har vore tryggare. Der har eg alltid visst kva tid ho ville dukke opp. Og hadde eg først fanga henne der, heldt eg henne i grepet mitt. Der forsvann ho ikkje før programmet var over, og då kunne eg strøyme og sjå det ein gong til. Jeannette med dobbel n og t, i svart utringing, der ein heil del av kløfta kunne sjåast. Jeannette i ettersitjande, kvit høghalsa genser. Jeannette med oppsett hår. Jeannette med håret laust hangande. Jeannette med den kjappe replikken i humorprogramma. Jeannette som song i Beat for beat. For syngje kan ho òg. Ho byrja karrieren som songar i eit kjedeleg popband. Jeannette som programleiar i Eurovision Song Contest. Ein øl då, eller fire – avhengig av kor lenge det var sidan siste NAV-utbetaling. Då hadde eg henne. Då sat eg i det demonterte bilsetet, med regulerbart ryggstø og alt, og hadde mi stund med Jeannette.
Eg visste heile tida at det var forkasteleg. Fullstendig. Eg visste at eg skulle ha budd ein annan stad enn denne kondemnable brakka ovanfor Økern, men det er låg leige der, og eg disponerer fleire rom enn eg brukar. Ikkje er vindaugstrekken så ille heller. Det kunne ha vore verre. Slik tenkte eg iallfall om somrane. Fire år har det blitt der, endå det berre var tale om seks månader. Eg visste at eg skulle ha gått rundt blant pasientane på pleieheimane i Groruddalen som prest, tala oppmuntrande ord og halde andaktar for dei.
Eg har visst det.
Men det eg har gjort, er å sitje med trykk i buksa og sjå Jeannette Franzen i tusen TV-program. Og stundom kunne eg ikkje la vera – ikkje dét eingong, heldt eg meg for god til, med seks års studium i teologi.
Trykket måtte få utløp.
Og fekk det.
Ikkje så sjeldan heller.
Eg kunne sitje og sjå ut gjennom vindauga, på dei to bilvraka som aldri vart henta, og vita det. Eg kunne slå av TV-en når programmet med henne var slutt, gå ut og setje meg på Leca-steinen og ta ein røyk (det hende nokre gonger at eg prøva å slutte røyke inne) og vita kven eg eigentleg skulle ha vore, kva eg eigentleg skulle ha drive med, og at eg til og med kanskje kunne ha gjort noko med det. Men så gjekk eg inn og tok meg ei øl til i staden.
Ho gjekk med målretta steg mot Bislett. Eg la meg på slep. Ho hadde pluggar i øyro, med kablar ned i lomma der mobilen låg. Kva høyrde ho på?
Dårleg britisk pop.
Kanskje det?
Iallfall ikkje Mahler, eller Bach. Eller Debussy.
Så avansert smak hadde ho ikkje.
Det kunne eg ikkje tenkje meg.
Var det i det heile noko ved henne som var avansert?
Det måtte i så fall vera ganglaget, kroppsformene, opninga mellom føtene for kvart steg.
Ting ho ikkje kunne ta æra for i det heile. Ting ho hadde fått gratis, medfødde.
Kanskje hadde ho dyrka talegåvene, replikken. Men dei òg var overflatiske.
Det eg ikkje har kunna forstå, er at eg gjekk etter henne, hang utanfor blokka der ho bur, dyrka henne som den store kjærleiken i livet mitt, når eg samstundes forakta henne.
Frøken Franzen, frøken Franzen, vil du bli mitt viv? Når du ikkje er på TV treng du vel litt tidsfordriv?
Kva slags kjærleik er dette?
Men ho gjekk ikkje til Marienlyst. Ho såg på klokka og tok så Sofies gate i staden for Bislettgata, svinga til høgre opp Louises gate, gjekk mot St. Hanshaugen. Ved krysset med Ullevålsveien tok ho stien opp i parken. Eg fylgde etter på diskret avstand utan å miste henne av syne.
Etter å ha vandra litt rundt, sette ho seg på ein benk rett ved Peder Chr. Asbjørnsen-statuen. Då eg passerte på grusgangen trur eg ho kikka på meg, endå eg såg rett fram. Inga stiring i det heile, for min del. Ikkje då, når ho kunne oppdaga det.
Hadde eg vore i nærleiken av henne så mange gonger at det var blitt påfallande? Kjende ho meg att?
Ho hadde ei avtale der, i parken på St. Hanshaugen. Det kom ei kvinne, sikkert ei veninne, også ho med kaffikopp i handa, og sette seg innmed henne på benken. Eg sat på ein av benkane lenger oppe og fylgde med. Dei gav kvarandre klemmar, tala først høglytt saman, oppglødde ved møtet, og vart så lågmælte. Fortrulege.
Kven var dette, veninna til Jeannette? Andletet var ukjent for meg. Eg fiska fram mobilen og gjekk inn på Facebook-sida hennar for å sjå om eg kunne sjå veninna blant dei mange venene. Kva tenkte eg på? Finne henne blant to eller tre tusen vener? Og kvifor skulle eg absolutt vita kven denne veninna var? Det var Jeannette F. eg var interessert i.
Eg tende ein sigg til i staden, litt oppgjeven over at eg endå ein gong hadde fylgt ein impuls som ikkje førde til nokon verdsens ting.
Veninna røykte ho òg. Men ikkje J.F.
Eg hadde lenge visst at eg ikkje burde gjera det. Røykje. Legane hadde sagt meg det for fleire år sidan. Du kortar livet ditt for kvar sigarett. I ditt tilfelle bør du ikkje røykje i det heile, sa dei, og det låg tykt utanpå dei at dei heldt meg for å ha lågare intelligens enn gjennomsnittet, som røykte. Den som røykjer er ikkje berre fatig, men òg teit. Trur dei.
Men eg er ikkje teit. Eg har røykt, og fatig er eg. Men eg er ikkje teit.
Det er ikkje det eg er. Det er noko anna.
Og i ein viss forstand har dette andre med Jeannette F. å gjera.
Dei drakk ut kaffien der i parken, reiste seg, kasta pappkrusa i næraste avfallskorg og tok farvel med klem. Veninna gjekk oppover, kom gåande mot der eg sat. Eg fiska fram mobilen og stirde ned i den medan ho passerte, to-tre meter frå meg.
Eg trur ikkje ho la merke til at eg sat der eingong.
Jeannette gjekk til den andre kanten, nedover forbi utescenen. Eg fylgde etter, ned i Ullevålsveien, forbi St. Hanshaugen kiosk og Gutta på Haugen, vidare til krysset med Waldemar Thranes gate. Ho gjekk målretta, men utan å stresse, etter det eg kunne sjå. Til Marienlyst skulle ho ikkje i dag; det var tydeleg. Eg gjekk der og tenkte på alle dei titusen kronene; jamvel dét er med i den songen til Odd Nordstoga – berre at han i songen spelar på einarma bandittar. Ja, eg har gjort det, eg òg. I utlandet.
Men det var internett som tok dei fleste av mine kroner.
Det forunderlege er: Eg har trudd at nokon skulle gripe inn. At nokon ein dag skulle stå der og seia: Armand Utne, dette kan du ikkje gjera. Dette må ta slutt. Du øydelegg livet ditt på denne måten! Og eg skulle svara: Ja, men høyr no her. Korleis skal eg klare det? Og den som stod der skulle seia: Det finst måtar å koma seg ut av dette på. Du skal berre ta ein dag om gongen og … Og eg skulle høyre, skulle lyde, og gjera nett som han sa. Og gradvis skulle eg koma meg på fote att, gå tilbake til arbeidet og fylle andre menneske med håp.
Og medan eg ventar på at dette skal skje, har eg tenkt, kan det vel ikkje gjera noko at eg tek meg ein røyk i ny og ne og tømer den whiskyflaska nokre gonger i veka? Og spelar pengespel på nettet – for om eg vinn, kan eg no få meg ein betre stad å bu?
Ved Akersbakken tok ho til høgre ned Stensberggata, over i Holbergs gate og forbi SAS-hotellet. I Slottsparken slo det meg kor godt rørslene hennar kommuniserte med dei store trea – korleis trea og plenane og stiane i parken skapte det rommet som skulle til for at ein verkeleg kunne sjå kor vakker ho var, når ein gjekk slik bak henne og studerte henne, den eine armen bøygd, med handa rundt selen på skulderveska, den andre svingande fritt, med ei lita vriding i armen kvar gong han slong fram og tilbake i takt med stega.
Tenk om ho snudde seg, tenkte eg.
Tenk om ho stansa. Tenk om det vedunderlege kunne skje, tenkte eg, at ho stod der og smilte til meg, at ho hadde visst om meg heile tida og gledd seg ved tanken på at eg kom gåande der, bak henne?
Kva er det som får eit menneske til så til dei grader å sløse bort kreftene på eit illusorisk håp?
Og attpåtil, tenkte eg: Den einaste musikken ho likar, er overflatisk pop.
Eg tenkte på stereoanlegget eg eingong hadde hatt, på platesamlinga – vinyl og CD-ar – dei eksepsjonelt gode høgtalarane; å la seg føre ut i dei største rom av adagioen i Mahlers niande: sehr langsam und noch zurückhaltend, korleis musikken kan foredle eit menneske, når ein berre gjev seg tid, tenkte eg.
Og kikka på rumpa til Jeannette F.
No hadde ho kryssa Stortingsgata rett etter nedgangen til Nationaltheatret stasjon; ho gjekk ned Olav Vs gate. Ville ho ned til sjøen? Eller skulle ho til Nesodden for å besøkje nokon?
På Nesodden har eg ikkje vore på fleire år. Stina vil ikkje sjå meg. Ho gav opp. Den n-te gongen eg kom der småfull – den gongen eg var så uheldig å ikkje klare halde på vatnet, så det rann ned i buksa, ned i sofaen og vidare utover golvet, sa ho stopp. Ungane skulle ikkje utsetjast for slikt. Då var det betre for dei heller å sjå morfar berre ein sjeldan gong, men edru, sa ho. Og så vart sjeldan til aldri. No har eg ikkje sett dei, korkje Stina eller dei to gutane, på tre år.
Og det er ein viss fare for at det blir med det.
Ein på muséet her har spurt etter næraste pårørande, og eg gav han namnet hennar.
Stina Utne, Flaskebekk.
Rekk ho det?
Eg veit ikkje. Alt står stille, på ein måte.
Jeannette skulle ikkje til Nesodden. I staden gjekk ho bortover Aker brygge, promenaden der, heile det lange strekket, med den mjukt svingande høgrehanda som pendelen i ei klokke. Eg veit ikkje kvar eg fekk den klokkeassosiasjonen frå, men endå så elegant og naturleg armen hennar var, fekk eg, der og då, ei kjensle av tida som noko svinnande, tikkande mot ein slutt.
Aningar har eg alltid hatt. Ofte har dei vist seg å stemme.
Ho gjekk bortover Aker brygge og eg etter, førti eller femti meter bak henne; det var ikkje så mange andre der. Ho gjekk over på Tjuvholmen, heldt same farten heile tida, korkje seint eller fort men like fullt målretta, klar, utan omvegar. Forundra vart eg, då ho styrde mot Astrup Fearnley-muséet – kva hadde ho der å gjera? Ho var då ikkje kunstinteressert? Men til Astrup Fearnley gjekk ho; dit hadde ho styrt stega sine heile tida, heilt frå St. Hanshaugen; og eg hadde dilta etter, utan å ana at eg skulle koma til å hamne i Astrup Fearnley-muséet.
Hadde eg fylgt etter om eg hadde visst dét?
Det hadde eg sjølvsagt. Eg har vore her mange gonger, jamvel funne ei slags ro her.
Men ikkje ho, vel?
Frøken Franzen er då ikkje av dei som frekventerer Astrup Fearnley-muséet? Ho som berre har pop-plakatar på veggen?
Eg ligg her, i hjørnet; dei har stukke denne puta innunder nakken min og sagt
at eg må liggje i ro; det kjem snart hjelp, har dei sagt, men det er viktig at eg ligg heilt still.
Og ho skrådde over plassen og inn hovudinngangen til muséet. Eg etter, greidde å snike meg inn og gjekk til salane med arbeida til Anselm Kiefer. Ho var ute av syne då, men det var greitt; eg ville ikkje fotfylgje henne her inne i muséet. Ho vil nok dukke opp etter kvart, tenkte eg.
For ho var vel ein vanleg publikummar? Eller skulle ho møte nokon her?
Det var kanskje ei meir sannsynleg forklaring. Eg var stadig ute av stand til å tru at ho hadde kome hit for å sjå på kunst.
Eg gjekk inn i salen med hyllene med blybøkene: The High Priestess/Zweistromland. Verdas skrift står der, i bly. Så tung er børa. Så tungt kviler eksistensen i materien. Og det kom føre meg som noko heilt opplagt, endå eg aldri har tenkt tanken tidlegare: Mitt namn står i ei av dei bøkene. Armand Utne står det. Og ikkje berre namnet: Heile livet mitt står der. Dette ynkelege, bortkasta livet med denne kroppen som eg har fylt med whisky og sigarettar og dop. Heile denne elendige eksistensen, dette ikkje-livet, som blir kasta bort på å fylgje etter ei hjernedød hurpe som bablar sine fordummande frasar utover TV-skjermane opptil fleire gonger i veka – er det å undrast over at det må skrivast i bly?
Eg har tenkt tanken før, når eg stod her, framfor The High Priestess. Det rare er at synet av denne blybokhylla av ein eller annan uforståeleg grunn til tider har fått meg til å kjenne ein viss lette, ei slags forsoning.
Stina og dei to gutane òg.
Dei er med i bøkene dei òg.
Går det an å tenkje slik?
Det var då eg vart uvel.
Det neste er eg ikkje i stand til å minnast, men eg må ha gått nokre steg, nokre meter, for då eg kom til meg sjølv att, sat eg, eller halvvegs låg, i ei vond, unaturleg stilling på golvet, med hovudet og noko av ryggen mot ein vegg. Eg prøvde å vri på kroppen, koma ut av den vonde stillinga, men eg kunne ikkje røre meg. Rett framfor meg, oppe på veggen, heng kåpa til Kiefer. Ladder to the Sky. Denne kjortelen i grått, dekt av sand eller kva det er for noko, med fleire mindre kjolar på sidene, dette som eg aldri har forstått og som eg heller ikkje ynskjer å forstå, einast dette: Dei kjortlane kjem frå ein heilt annan stad og har blitt ikledde jordas sand.
Det var nokon som oppdaga meg: ei vakt. Ein ung mann. Han tok varsamt i meg og fekk buksert meg ned i liggjande stilling. Ei pute fekk eg òg. Det er ikkje så ille no. Eg har ikkje vondt. Eg kan ha augo opne; eg kan sjå opp på kåpa til Kiefer og dei tre stigane nedanfor kåpa; stigestega er som sprosser i vindauga inn til eit anna rom. I grunnen er det ikkje så ille at det skal skje her, om det er no det skal skje. Like greitt her som på eit sjukehus, så lenge eg ikkje har vondt. Men ambulansen kjem visst snart.
Rører kåpa til Kiefer på seg?
Eg veit ikkje. Kan hende er det noko i meg. Om eg ser heilt klårt, er vanskeleg å seia; eg glid inn og ut av bileta her. Han som sat innmed meg og passa på har visst gått ut. Eg er visst aleine no.
Men no kjem det nokon.
Eg høyrer steg.
Eg prøver å vri på hovudet, sjå kven det er.
Det er ho.
Det er Jeannette. Og ho kjem gåande gjennom rommet eg ligg i. Ho kjem gåande mot meg, utan veska; den må ho ha lagt frå seg ein stad; ho kjem gåande, og ho ser på meg.
Stakkars deg, korleis går det? seier ho og set seg på huk, tett innmed. Og så legg ho handa på hovudet mitt og stryk meg varsamt over håret, som den mest sjølvsagde ting i verda.
Eg ser opp i andletet hennar.
Eg høyrde at det hadde skjedd eit uhell, seier ho. Dei har ringt etter ambulanse. Han kjem snart. Korleis kjenner du deg?
Det er meg ho talar til, og ho er så oppriktig og lite TV-aktig som eit menneske kan vera.
Har du visst om meg heile tida? prøver eg å seia. Men det blir berre ei slags mumling.
Ho ventar litt, full av forståing. Så spør ho: Har du vondt?
Nei, prøver eg å seia.
Ho seier: Vil du at eg skal halde deg i handa? Dei seier at du ikkje må røre deg; ein av dei som jobbar her er sjukepleiar. Han kjem snart att. I mellomtida sit eg her litt med deg.
Eg svarer ikkje, men ho må ha lese noko i blikket mitt, for ho tek handa mi. Hennar hand er varm, og no legg ho den andre handa si over, så mi eine kviler inne i båe hennar.
Er det greitt? spør ho.
Og les visst blikket mitt no òg.
Er det ei lamming av eitt eller anna slag, så eg har mist taleevnen? Det er så stille her, både inni meg og i rommet her. Den stilla er liksom nok. Det treng ikkje seiast noko. Og no har visst Jeannette også oppfatta det. Ho seier ingen ting. Ho stryk varsamt handbaken min med eine handa si.
Eg ser opp i kåpa til Kiefer. Det er der stilla kjem frå. Eg flyt; noko i meg flyt opp i den kåpa og det er i grunnen heilt greitt, alt saman.