Nynorsk.no / Aktuelt / Geir Netland ved Haugesenteret vert pensjonist
Geir Netland ved Haugesenteret vert pensjonist
Geir Netland flytta til Ulvik i 2013 og vart arenaleiar ved Haugesenteret. Til våren vert han pensjonist. Stillinga som arenaleiar er lyst ut, med frist i midten av november.
– Det har skjedd mykje spennande i løpet av dei ti åra eg har vore tilsett i Nynorsk kultursentrum og ved Haugesenteret. Opninga i 2014 og etableringa av Poesifestivalen som ein av dei fremste litteraturfestivalane i landet er nokre av høgdepunkta eg kan sjå tilbake på, seier Netland.
Han byrja i jobben som dagleg leiar ved Haugesenteret i mars 2013. Då tok han over arbeidet med å ferdigstille basisutstillinga fram til opninga hausten 2014. – Me ynskte å lage ei utstilling som skulle opne nye og spennande dører til lyrikk generelt og Olav H. Hauge spesielt. Det er fantastisk kjekt å sjå barn og unge møta diktinga til Hauge, oppdaga poesi og samstundes bli inspirerte til å skriva dikt sjølve, seier den entusiastiske arenaleiar.
Kva no?
Samarbeidet med andre kulturaktørar, organisasjonar, lag og frivillige har vore viktige byggesteinar i Haugesenteret sitt arbeid. – Eg har trua på at Haugesenteret også i åra framover kjem til å vera eit attraktivt reisemål, og at samarbeidet med andre dyktige aktørar innanfor kulturbasert reiseliv blir vidareutvikla. Å gje gode opplevingar og formidla ny kunnskap til både fastbuande og tilreisande er eit viktig samfunnsoppdrag, seier Netland.
Den badeglade arenaleiaren skal no levera ein poetisk stafettpinne vidare, men lyrikkbøkene kjem framleis til å stå fremst i hylla heime i Ulvik. – Sjølv om eg no kan sjå fram til langt rolegare dagar, har eg nok av eigne prosjekt og hobbyar eg kan bruka meir av tida mi på. Mellom anna har eg mange fine fjellturar eg skal gå. Det er ei tid for alt, avsluttar Netland.
– Geir Netland og eg har arbeidd saman i ulike roller sidan 2015. Han har bygd eit godt grunnlag som det vert kjekt å sjå nye krefter ta vidare. Gode leiarar som Geir dannar fundament for dei som kjem etter, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark i Nynorsk kultursentrum.
Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur driv i tillegg til Haugesenteret i Ulvik også Vinjesenteret i Vinje og Aasentunet i Ørsta. I tillegg er museet til stades i over 100 kommunar i heile landet med ulike aktivitetar.