Gled deg til Festpela 6.–9. juni

Bilete av Monica Goksøyr, Kari Bremnes og Jørgen Nordeng
Monica Goksøyr, Kari Bremnes og Jørgen Nordeng er tre av utøvarane du kan få med deg under Festspela 6.–9. juni. Foto: Oda Berby / Stian Andersen / Cappelen

I år kan du møte kjende namn som Knut Ødegård, Runar Gudnason, Monica Goksøyr, Jørgen Nordeng og Maria Parr. Opplev konsertar i uteamfiet i Aasentunet med Kari Bremnes, Odin og Gabriel Fliflet.

Temaet for årets festspel «Heime – Ute», går som ein raud tråd gjennom dei fleste av programpostane. Årets festspeldiktar er forfattar og poet Knut Ødegård. Han er den mest omsette nolevande norske poeten.

– Knut Ødegård har gjennom ein lang forfattarskap vist stor interesse for internasjonale perspektiv, mellom anna gjennom å omsette islandske, færøyske og irske diktarar. Det var difor nærliggande å velje eit festspeltema som trekker linjene for den nynorske diktinga ut i verda, seier direktør i Nynorsk kultursentrum, Olav Øyehaug Opsvik.

Under Festspela vil Knut Ødegård samtale med mellom anna kjende forfattarar som Lars Amund Vaage, Jan Inge Sørbø og Jan Ove Ulstein.

Jørgen Nordeng frå Tungtvann og Runar Gudnason frå Side Brok er kjende for val av språk i rapptekstane sine. Dei vil samtale om kvifor dialekt er viktig i dikting, kva det betyr for dei å bruke talemålet sitt og korleis tema som heim og heimstad ligg som eit bakteppe i mange av tekstane deira.  Under debutantpraten samtalar Inger Johanne Sæterbakk med Monica Goksøyr og Ellen Harrison om diktinga deira.

– Vi har fleire programpostar for barn og unge under Festspela i år. Mellom anna blir det premiere på teaterframsyninga Blindsone. Der blir vi kjende med to mindreårige flyktningar på eit flyktningmottak i Nord-Noreg. Maria Parr blir bokbada av fjerdeklassingane Jakob, Sebastian og Georg frå Øyra skule, seier formidlar Ida Karin Aarflot Kornberg, som har ansvar for barne- og ungdomsprogrammet under Festspela.

Også i år blir det fleire kveldsarrangement ved Møre Folkehøgskule. Her blir det mellom anna mogleg å bryne seg på kviss med redaktøren i Store Norske Leksikon, Erik Bolstad. I tillegg møter vi ein av skaparane av Planet Ørsta i samtale med Olav Øyehaug Opsvik og musikar Egil Olsen.

I år som i fjor blir det halde ein fagdag som er open for alle. Fagdagen er eit samarbeid med Nynorsksenteret og Høgskulen i Volda og har tittelen «Nynorsk litteratur der ute – og heim igjen».