Haugesenteret feirar 10 år

Bilete av programansvarleg Heidi Lund Berg, arenaleiar Jorid Lekve Eide og formidlar Anja Haugland Svingen ved Haugesenteret
Frå venstre programansvarleg Heidi Lund Berg, arenaleiar Jorid Lekve Eide og formidlar Anja Haugland Svingen ved Haugesenteret. Foto: Nynors kultursentrum

I 2024 feirar Haugesenteret at det er 10 år sidan museumsdørene opna i det gamle heradshuset i Ulvik. Laurdag 24. august blir det festmarkering i Olav H. Hauge si heimbygd, med framsyningar for både born og vaksne.

«Eg vonar dette ikkje berre blir eit senter, men rett og slett eit kraftsentrum for poesi og for litteratur.» sa Sigmund Løvåsen, dåverande leiar i Den norske Forfattarforeininga, då han opna senteret i Ulvik 4. september 2014. – Slike store ord er fine å få. Så gjeld det å klara gjera dei gjeldande i kvardagen òg. Men ja, Haugesenteret arbeider mot nettopp dette: Å vera eit levande sentrum for nasjonale og lokale lyrikk- og litteraturentusiastar, seier arenaleiar Jorid Lekve Eide.

Haugesenteret er Noregs einaste reine poesimuseum, og formidlar ikkje berre den lyriske arva etter Olav H. Hauge, men også lyrikk i mange former på tvers av språkgrenser. Som del av Nynorsk kultursentrum har museet det siste tiåret blitt eit regionalt tyngdepunkt innan nynorsk skrivekunst. Senteret tok i 2014 over Ulvik poesifestival frå Ulvik herad. Poesifestivalen har halde fram med å ta pulsen på samtidspoesien og formidla norsk og nordisk lyrikk, musikk og songlyrikk til eit engasjert og aukande publikum.

Haugesenteret er ein kreativ aktør som arbeider for lese- og skrivelyst, skaparkraft, språkmangfald og kulturopplevingar, særleg for born og unge. Senteret har òg dyrka fram gode samarbeid med litteratur- og kulturaktørar lokalt, regionalt og nasjonalt, og ikkje minst med lokalt næringsliv i Ulvik og Hardanger. Slik har senteret vore med på å styrka reiseliv og kulturliv i nærmiljøet og i den vidare regionen.

Olav H. Hauge budde i Ulvik heile livet, med utsyn til fjorden og fjella. Likevel reiste Hauge langt ut i verda, gjennom litteraturen som stod i bokhyllene på Rossvoll. På mange måtar kom «verda» også til Ulvik sommaren 2023 då me fekk besøk av The New York Times. Dei ville sjå fjord og fjell, og dei ville høyra meir om diktaren som i dag er omsett til over 30 språk rundt om i heile verda.   

Festmarkeringa 24. august blir ein litterær storfest med to framsyningar som tek utgangspunkt i dei to store poetane frå Hardanger: Olav H. Hauge og Jon Fosse. – Framsyningane skal femna om vestlendingar i alle aldrar, frå 3 år og opp til 100.  Bli med på festen, då vel!, seier programansvarleg i Haugesenteret Heidi Lund Berg.

Les meir om arrangementa under festmarkeringa:
BREV
Spelejenta