Nynorsk.no / Tekstar og songar / Historiske tekstar / 1905 05 30 Loddet er kasta
1905 05 30 Loddet er kasta
Rasmus Steinsvik
Alt ved 12 tidi laurdag kom det fretnad fraa Stockholm um, at kongen hadde negta sanktion, og riksstyret gjenge av. Det heile gjekk soleis til:
Dei 3 norske raadane møtte i statsraad kl. 11, og las upp for kongen fyrelegget um norskt konsulatstell. Deretter tala fyrst Løvland, og sidan dei tvo andre, til bate for saki og bad kongen paa det varmaste aa gi saki si godkjenning.
Kongen svara
daa dette (som han las upp av eit papir):
«Kronprinsen har som regent i sammensat statsraad den 5. april iaar allerede anvist den eneste udvei, hvorpaa dette vigtige anliggende bør fremmes og alle vanskeligheder vil kunne udjevnes, nemlig gjennem forhandlinger. Jeg istemmer ubetinget i denne udtalelse og tinder det altsaa for tidenikke tjenligt at sanktionere denne lov, der er en forandring af konsulatvæsenets bestaaende fællesskab,som ikke uden gjensidig overenskomst kan brydes. Den nuværende ordning er oprettet som følge af beslutning i sammensat statsraad, og derfor kan ikke særskilt konsulatvæsen hverken for Norge eller Sverige besluttes, før sagen har været behandlet i samme konstitutionelle former overensstemmende med rigsaktens paragraf 5. Da jeg nu negter at give loven mit bifald, støtter jeg mig til den kongen i grundlovens paragrafer 30 og 78 hjemlede ret. Det er min lige store kjærlighed til mine begge folk, som gjør det til en pligt at udøve denne ret. »
Utan fedreland
Dei norske raadane la imot; det var syrgjelegt at kongen vilde avslaa eit krav som hadde samla heile Norig; dette avslaget, tilvorte imot det norske riksstyre, og utan tilraad av nokon norsk mann, det vareit brot paa det norske folkestyre og ei krenkjing av riksens grunnlovsrett og av landsens sjølvstyre og sjølvstende.
Norigs bate fell her saman med unionsbaten; med di ei avgjerdsle i samhøve med det som kongen her hadde sagt vilde føra til unionsupløysing.
Ei slik avgjerdsle vilde ingen av dei norske raadane kunne skriva under paa.Den nordmannen som det gjorde, vilde fraa same stund vera utan fedreland.
Dermed la dei fram
Avskilssøknaden:
Til kongen!
Forsaavidt Deres majestæt skulde finde ikke at kunne bifalde den norske regjerings indstilling om sanktion af den af stortinget vedtagne lov om norsk konsulatvæsen, tillader vi os i underdanighed at andrage om straks at blive meddelt afsked fra vore embeder som medlemmer af Deres majestæts raad, daingen af os vil kunne kontrasignere en beslutning, som vi anser aabenbart skadelig for riget.
An afvisning af denne regjeringens enstemmige indstilling angaaende en norsk lov, som enstemmig er vedtaget af stortinget, og hvis gjennemførelse kræves af hele det norske folk, kan efter vor mening ikke begrundes i hensynet til Norges interesse og vil indeholde en fornægtelse av rigets suverænitet og give udtryk for en personlig kongemagt, i strid med grundloven og konstitutionel praksis.
Kristiania 26. mai 1905.
Chr. Michelsen Sofus Arctander
Gunnar Knudsen W. Olssøn
Chr. Knudsen A. Vinje
Kr. Lehmkuhl
Søknaden fraa dei 3 raadane i Stockholm lydde likeeins, berre det at fyrste lina lydde so: «Da Deres majestæt har fundet» o.s.v.
Regjeringslaus
Daa denne søknaden var uplesen gav kongen dette merkjelege svaret:
«Da det er mig klart, atnogen anden regjering ikke nu kan dannes, bifalder jeg ikke statsraadernes afskedsansøgninger. »
Riksraaderne heldt likevel fast paa sin avskilssøknad; dei hadde fyrr bede kongen setja ut saki til ho kunde koma fyre i samla raad i Norig; men kongen hadde sagt nei til det med.
*
Dit er det daa no kome: Riksstyret hev søkt um aa faa gaa; landet er utan lovleg regjering; og kongen hev stelt seg so, at han sjølv maa gaa ved, at han helder ikkje er istand til aa skaffa landet ei ny regjering.
Dermed er stillingi grei. Statsmagterne kan ikkje vera i tvil um kva dei hev aa gjera.
Truleg vil dei alt ha teke fyrste stiget, fyrr dette vert prenta.
Der er nemleg ingen grunn til aa venta. Ein var budd paa utfallet. Ein stend reide til aa møta alle vanskar. Der er daa berre eit aa gjera: Gripa til
strakst
og ikkje gi fiendslege magter tid til aa fullføra dei planar dei sjølvsagt for lenge sidan hev lagt.
Me er daa helder ikkje i tvil um, at riksmagterne er klaare over dette.
Det fyrste dei hev aa gjera er aa skaffa oss eit lovlegtriksstyresom under desse vanskelege tider hev aa halda roret. Ein hev ikkje lov til aa gaa ut ifraa, at alt vil jamna seg med lempe. Ein maa bu seg paa det verste. Det seier daa seg sjølv, at kvar time som gjeng under anarkist styre er ein time vunnen for motparten og ein time spillt for oss.
So visst som me ikkje hev tenkt paa aa spyrja nokon utanfor landsens grense um lov og raad, likso visst burde det heile vore ordna fyrr røyster utan for landsens grense fekk høve til aa gi raad eller rettleiding, til oss eller til den andre parten.
«En afgjørelse efter kongens udtalelse maa vistnok føre til unionens opløsning, » seier dei 3 norske raadane. Men ei slik avgjerdsle vert der ikkje, og kan der ikkje verta, av den gode grunn, at ingen nordmann vil skriva under paa slikt. Men det er ikkje berre ei slik avgjerdsle som fører oss ut or unionen. Det som alt hev hendt, det at der ingi avgjerdsle vert,detfører oss ut av unionen.
Det er upp og avgjort. Kongen hev negta aa handla etter raads raad. Dermed hev han, baade moralskt og folkeretslegt, sett seg utanfor forfatningi. Der er ingen union lenger. Me hev ingen konge. Forfatningi er broti.
Det det gjeld um er aa faa nye former for rikslivet, og setja desse i kraft.
Og med den ting maa der ikkje drygjast.
Frå Den 17de Mai. 30. Mai 1905. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2006