Nynorsk.no / Tekstar og songar / Historiske tekstar / 1984 Rasmus Steinsvik
1984 Rasmus Steinsvik
Jostein Nerbøvik
«Me var vinstrefolk og er vinstrefolk»
Den 22. juni 1913 skreiv Arne Garborg denne eine merknaden i dagboka si: «Steinsvik daain. Det er det tyngste tap me no kunde lide … Me hev ingenting å setja i staden hans.»
Ein god mannsalder tidlegare – i 1877 – hadde Garborg byrja gje ut bladet Fedraheimen. Nett det året stod vesle Knut-Rasmus for presten i hovudsokna Volda. Same hausten fraus kornet i heimgrenda Steinsvik; det hadde ikkje hendt sia svartåret 1812. Steinsvik ligg inst inne i den smale, tronge og vakre Dalsfjorden, med høge og bratte fjell til alle sider.
Kven var så Rasmus Steinsvik? Garborg kalla han i samtida «den finaste pennen i den norske pressa». Han meinte at Steinsvik likna sunnmørsfiskaren, like rådhitten i storm som i stille, djerv til rett tid, og varsam når det såg spelegt ut. Garborg tykte at Steinsvik hadde «makelause gåvur, med den høgste stilkunst … og med eit tòlmod som var seigare enn ålskinn og dævelskap og det vonde sjølv … med ein vilje som heldt ut um so det var det ævelege helvite … til å vekkje nordmannen upp frå dei daude var han, og han åleine, mannen».
Anders Vassbotn fortel at i kvardagslaget var Steinsvik det «mest smålåtne og elskverdige menneske ein kunne koma saman med». Han legg til at andsynes framande kunne Steinsvik derimot verke varsam og tilbakehaldande, slik at folk som ikkje kjende han, tykte at han var noko tilknappa.
«De er nu så beskjeden i Deres tanker om Dem selv,» skreiv ei jente frå Fredrikstad til han i gymnasdagane. – Ho som seinare vart kona hans, trefte han første gongen både forkomen
og forskremd – «tottest støtt beda um orsaking for, at han i det heile var til».
Rasmus fór alltid stillsleg og smått fram. Han var slett ingen staskar, liten av vokster, tynn, bleik og ofte sjuk. Men han tyktest usliteleg, dertil alltid smånøgd og kravlaus. Bak det alvorsame og ofte hugtunge gøymde det seg stundom noko lystig og skjemtsamt. Kvinner og born kunne lokke fram det lune og leikande. Han skal ha vore ein framifrå dansar. Den indre krinsen opplevde han ofte som eit vakse barn. Svært mange nemner den barnegode, milde glansen i augo hans. – Brev og personlege dokument peikar no i ettertid meir mot det sorglystige.
Steinsvik vart berre femti år. Livslaupet var likevel rikt og mangslunge, med særmerkte livsavsnitt. Eg vil i denne biografiske skissa i hovudsaka ta for meg midtbolken i livet hans: Volda-åra (1887-89), anarkist- og vandringsåra (1889-93) og i nokon mon Steinsviks første tid som bladstyrar av Den 17de Mai i Kristiania (1894-1905).
Det var just Fedraheimen som først sette kveik i Rasmus. Ein kar i grannelaget heldt bladet, og Steinsvik-brørne slukte det. Rasmus var odelsgut, men hadde meir hug til boka. I 1880 byrja han på den «høiere almueskole» i Volda. Der fekk han noko rastlaust og fredlaust over seg, ei lengting mot eitkvart stort og ukjent. Dette var eit hugdrag som låg i bondeungdomen desse åra. Brått ein dag strauk han – saman med eit par kameratar til Kristiania, i første omgang for å ta artium.
I hovudstaden røynde han bondestudentens tarvelege liv. Ottesame foreldre fekk tidleg ymt om stoda: «Me hev fåt nys um at du hev det dårlegt med matstyret … du veit du toler ikkje noko ruskemat, du er ikkje so sterk.» Det var mest som eit under at han fikta seg gjennom. Ho som hyste dei tre Volda-gutane, meinte at «hadde jeg ikke været så Barmhjærtig mod dem så hadde di ikke kunne Levet».
I Kristiania-tida kom Bondestudentar ut. Rasmus fortel at kameratane på studentfabrikken avdømde boka; heretter våga dei ikkje vere bondestudentar lenger. For Rasmus vart derimot boka det store vegskiljet:
Eg minnest, at eg stod lenge og heldt henne i handi og skoda på henne, både utvendes og innvendes. Det var som eit eventyr for meg som var komen frå botnen av ein avstengd fjordarm på Vestlandet og aldri hadde set ei bok på norsk mål fyrr … Eg trur eg sjeldan hev vore so glad som i den stundi. Og aldri hev eg opna ei bok med større høgtid.
Dette var i 1883, same året som Garborg overlet styringa av Fedraheimen til Ivar Mortensson Egnund. Den nye bladstyraren merka seg ein liten, bleik sunnmørsgut som stiltra seg inn bladstova i Møllergt. og spurde om å få låne Fedraheimen. Han vart sitjande borte i ei krå med dei gamle årgangane, time etter time. «Og so kvarv han burt att som skuggen.»
Det Steinsvik leitte etter, var stykka med merketg(Garborg). Det var tydelegvis rettesnora. Snart prøvde han seg med ein og annan artikkel sjølv òg. Han brukte då løyndenamnetGorm Gaular(det må ha vore g-en som smitta over). Desse første stykka krinsar om heimbygd og gutedagar. Eitt av dei slår ein tung og særmerkt akkord. Stykket heiter «Røykstova», ein stad der han sjølv eingong saug morsmjølka. Han blir «fjelg i hugen» når han minnest kveldane på golvet i gamlestova, der han låg og stirte opp gjennom ljoren og såg stjernene blenkje og blinke på himmelen: «Eg trudde at englarne hadde borat hol på himmelen, og at ljoset i Gudsrikjet var det som blenkte gjenom holi.» – Men ei tid var, ei anna vart:
Eg hatar inkje det nye. Eg er glad i det nye, i dei nye framstig, i dei nye umvølingar … det giv oss upplysning, giv oss betre og sunnare meiningar, so at trælen ikkje lenger er lekkjebunden av husbonden, so at den vesle i sin vesaldom kann hava same retten og lyda den same logi som den store midt i sin glim og glans.
Rasmus lengta mot feriane då han kunne kome seg heimatt. Han prøvde ikkje å skilje seg ut, kledde seg som jamaldringane og tala sunnmørsmålet som dei hine. Hausten 1884 skreiv han eit reisebrev til Fedraheimen. Det syner ei anna side ved Rasmus, den stirrige og urikkande, med ein god porsjon sjølvinnsikt og noko sjølvironi dertil:
Me var vinstrefolk og er vinstrefolk … fordi grunndraget i vinstrearbeidet høvde og høver med vår tenkjemåte, og burt frå dette grunndrag kann me inkje rikkast … me toler inkje høyre tankar, som inkje plent er like våre eigne … store framstig er me rædde … det er løgje det, at me er so reint måtelege medan me er heime; men når me då kjem ut t.d. til Kristiania for å studera, so vert me reint som forandra.
Det var i romjula same året at Rasmus vart kjend med ekteparet Synnøve og Per Riste. Riste sjølv var lærar og bonde, grundtvigianar og brennhuga nasjonal-demokrat sia 1870. I 1879 gifte han seg med Synnøve Aarflot, eit særmerkt skot på den kjende Aarflot-ætta og ei av dei gildaste kvinner i den vestlandske kultursoga. Riste-garden i Volda vart eit kulturelt pustehol i ei tid då ungdomen heldt på å omkomast av religiøst svermeri og autoritetstru. – Det var Rasmus som først tok kontakt. Han synte til utspelet frå lærarane i Sogn («Vadheim-resolusjonen»), og meinte det var på tide at òg sunnmøringane no tok eit tak formålsaka.Fedraheimen refererer då òg frå eit møte i Volda tredje juledag, med Steinsvik som talar og Riste som ordstyrar. Dei klubba gjennom ei fråsegn som kravde at landsmålet skulle jamstillast med riksmålet.
Våren 1885 fullførte Rasmus realartium i Kristiania. Noko meir studering kunne det snautt bli tale om. Då heller bli folkelærar i heimbygdene! Han leitte seg i alle fall snøgt heim att: «Rasmus Stenersen Stensvig kom hjem fra Christiania forrige uge. Han angrer på at han ikke huskede på at tale med Dig om at han har lyst at holde et kursus i landsmålet. Han kan oldnorsk og vilde have Per Riste med.»
Det er far til Synnøve, tidlegare stortingsmann Rasmus Aarflot, som skriv dette til broren sin i Kristiania – stortingsmann Maurits Aarflot, sjølve hovdingen i Volda-samfunnet. No hadde Aarflot vore tingmann utan avbrot i over tretti år. Han høyrde til den indre krinsen av nasjonaldemokratar rundt Johan Sverdrup, som han kjende personleg. Aarflot var òg ein av Ivar Aasens nære vener, utan sjølv å vere nokon eldhuga målmann. Han hadde alltid eit vake auga for nye tiltak i heimbygdene, og våren 1887 telegraferte han heim til Volda og fortalde at riksstyret hadde løyvt fire hundre kroner til eit målkurs i Riste-garden. Nett då var Rasmus krambusvein i Nordland. Han vart glad då han fekk melding om løyvinga: «Eg hev mang ein ærleg gong grubliserat på, kor ein skulde få lære sunnmøringane upp i einfinarelivemåte … Det gjeld å ha diskusjonsmat åt dei kranglelystne lærarar, segjer du. Ja eg for min part hev no full ein heil pose berre av høge spursmål … Herregud kor påtvert det no kann gå i denne verdi. Lata slike ugudelege folk få hjelp av staten til å fortfara i si syndeferd istadenfor å pina livet av dei!»
Volda-tida
Målskulen kom i gang ut på hausten 1887. Dei hadde daglege øvingar i landsmål og gamalnorsk. Det var diktatar kvar dag og tre stilar for veka. Om kveldane heldt Steinsvik foredrag kring målsak og landsmålsdikting. «Dei vert målstrævarar alle ihop,» skreiv Synnøve tydeleg stolt. Det var nemleg ho Synnøve som var drivfjør og nøkkelperson. Tidleg i september skreiv ho til farbror sin:
Det er ingen, som veit at eg skriv um dette … Det er no slikt som eg hev tenkt upp sjølv … Riste og Steinsvik hev so ofte pratat um kor fatigt det er at her inkje skal vere eit blad, som i gamle dagar. Det ser mest ut som at Volda gjeng attover på det åndeleg umråde … Steinsvik er svært hugat på å få gi ut eit blad her … han er ein eldhugat kar …meir ell almindelig djuptenkt og kundskapsrik … Men eg trur det nyttar honom inkje, utan han hev stunad. For han erfatigog lite kjend. Tak Du og få «Møringen» igang atter og få Steinsvik til redaktør, so gjere Du ei god gjerning til attåt alle dei andre, som gjere Dit namn udødeligt!
Aarflot hadde godhug for brordotra, og gav dei løyve til å nytte prenteverket på Ekset. Her såg då Vestmannen dagens lys den 25. oktober 1887. Det var Noregs første lokalblad på landsmål. Tingarane strøymde ikkje nett til, men det vart då på det meste rundt tre hundre, om lag ein tredjedel av det Fedraheimen hadde på same tid.
Steinsvik skreiv til lesaren at han hadde tenkt å sigle roleg og varsamt. Vestmannen skulle først og sist vere eitmålblad.Det gjekk likevel ikkje mange vekene før somme tykte det rispa i kvasse klør. Steinsvik greidde ut om røysteretten, som han meinte det var på høg tid å gjere allmenn. No var det bøndene som hadde ansvaret og utspelet: «Det er sagt, at den norske bonde er frihugad, og det er sant; han synte det i vetostriden. Det er sagt at han er «liberal» med, og det kan og henda, men han hev ikkje synt det endå.»
Det var dei som likte denne nye og friske tonen. Men andre att vart urolege. Slikt eit blad var dei ikkje vande med – og var ikkje nynorsken eit fritenkjarmål, eigentleg?
Nett denne tida heldt Venstre på å gå opp i liminga. Synnøve Riste følgde eit av dei store parlamentariske oppgjera frå sjølve Stortinget, der ho vitja farbror sin:
Å kor eg likar meg! Eg hev haurt Ullmann tvo gonge i dag. Han er djerv og kjekk. Men det er synd i gamle Sverdrup og Haugland – og Liestøl ser so lidande ut … Men han Jakob [Sverdrup] er ikkje å angre, den fyren sit anlit likar eg inkje. Å kor kjekk Ullmann var imot Jakob.
Men komen attende til Volda, var det som Synnøve ville kjøvest: «…det er ei syrgjeleg tid her no blant gjentorne, dei er so nedbøygde av vekkelse. Mange unge livsfriske fagre gjentor hev no reint slegje frå seg væra … Det er eit nid å sjå kor dei hev fått hengehaud alt.»
Broderkrigen mellom dei to venstreflokkane i Stortinget avspegla i nokon mon ein hard og beisk kulturkamp ute på bygdene – mellom ulike frilynde og pietistiske retningar. Særleg hard var striden på Vestlandet, og då ikkje minst på Sunnmøre. Nettopp i 1887 vart den unge Johs. Barstad kallskapellan i heimbygda. Han òg høyrde til Aarflot-ætta, og han visste kva som stod føre då han kom: «Kampen vil komme til at blive skjæbnesvanger.» Vekkinga rasa då med full tyngd. Folk kom siglande og roande i alt slags vêr, fortel Barstad. Eit år var det seks tusen nattverdsgjester, og det i ei bygd som talde rundt rekna fire tusen sjeler.
Riste-folket var frilynde grundtvigianarar, medan Steinsvik i religiøse spørsmål meir var ein tvilar. Steinsvik byrja elles tvile alvorleg på Venstre òg no. Ut på hausten melde han lakonisk at «den frisindede studenterforening hev gjenget i hundarne». Då stortingsgruppa i Venstre kløyvde seg ut på vinteren året etter, synte Steinsvik ein usvikeleg sans for historisk samanheng: «Det gamle vinstre var ihopsett av mange ulike folk; men striden mot det gamle høgre heldt desse ulike krefter ihop. Då striden fekk ende millom dei gamle parti, kom dei ulike meiningar meir og meir fram, som ventande var.» Difor gjekk det som det måtte gå.
Men kva no med Vestmannen, som lest vere nøytral? For bladstyraren vart det ein vanskeleg – ja umogeleg balansegang. Utolmodige vener masa og ville leggje til havs, slik dei gamle vestmennene gjorde. Nei, det torer ikkje den nye vestmannen seg til, svara Rasmus. «Um vinden stundom vert frisk, so er eg då innaskjers.» Andre att tykte at det heretter måtte vere likare å vere oftedøl. Ein tingar inst inne i fjordane meinte at han alt kjende draget frå havbåra, og bad Vestmannen halde seg unna politikken: «Lat oss få gode morosame forteljingar um kjærleik og fuglesong og bekkjesildr.» Rasmus svara at kjærleiken sakte var bra, men det gjekk då ikkje an berre å gå og drøyme heller – «dei som ikkje toler sopass pepar attåt Vestl.post supa, dei er det ikkje råd med.» Vestlandsposten var hovudorganet til Moderate Venstre, og kom ut i Stavanger. «Di nærare ein kjem den staden, di klenare vert det med folks politiske vit,» sukka Steinsvik.
Striden mellom «oftedølar» og «reine» vart ut gjennom året 1888 også eit politisk oppgjer. Det stunda nemleg mot stortingsval att. Steinsvik var den som aller minst høvde til å sitje på gjerdet som passiv åskodar. Ut på nyåret 1888 smikka han endå hardare til mot venstrebøndene. Kvar vart det av røysteretten, for ikkje å nemne frisinnet? I røynda tykte han ikkje det var rare skilnaden mellom det gamle embetsstyret og det nye bonderegimet: «Det er gruelegt, kor denne magtsykja hev grott fast i folk.» Sverdrup var rett nok den einaste norske politikar som hadde hatt «radikal gjerd i seg». Men både han og Venstre snåva i starten, då det som best skulle byrje.Kielland-saka var skjeret som skilde straumen.Den gongen tagde Sverdrup, og Aarflot likeins. Steinsvik la til at det til hausten visseleg vart ledige plassar på Romsdals-benken.
Og Vestmannen gjekk vidare. Også kvinnene måtte snarast få røysterett: «Upp gjente, bruk vitet! lat galskapen ende! Kast blodiglen av deg og syn, du er kvende!» Synnøve Riste la til: «Eg tenkjer den tidi må koma no, då me ikkje ser på gjenta berre som ei «gjøledokke», som ikkje duger til annat enn å sulla i svevn ein skrikande unge og koka skapeleg graut … ho skal kunna liva sit eiget tankeliv.» Og kva med borna: «Ver ikkje so harde med småbornom, de Voldingar! Taka ut med ungeborn i slik ein gnallefrost som det var no siste preikesundag.»
Det var ikkje så underleg at gamle Aarflot mislikte den radikale stemna som Vestmannen no tok. Og skulle han sjølv vore det minste i tvil, fekk han ut på ettervinteren i 1888 tydelege vink frå dei andre i den måtehaldne flokken, m. a. frå pastor Barstad:
Jeg tror du vilde gavne både Stensvik og målsagen og Riste og de politiske interesser her i bygderne, om du stillede slige betingelser for benyttelsen af trykkeriet, at «Vestmannen»s nye trafik blev vanskeliggjort – eller maske umuliggjort.
No hadde Rasmus alt sia årsskiftet fått klare signal om kva veg det gjekk: «So han var tenkt å kasta meg ut. Ja, ja … Berre han vilde gjera detbeint fram! …I pengevegen kann han lettvindt gjera det. Men kva grunn hev han? Er det for bladet si skuld elder er det min person … er det overkaninerne som hev fenget slik magt over honom?»
Synnøve prøvde halde motet oppe: «Kjære farbror. Du må ikkje vere for hard med «Vestmannen». Du hev vel ikkje likt at eg skreiv til deg og bad for Steinsvik den gongen … Det er målsaki og folkeleg oplysning han er villig å ofre sit arbeid for og ein skal vere snil med slikeærlige trufastearbeidarar.»
Men det var nyttelaust. Aarflot hadde alt bestemt seg: «Mon Du ikke fremtidig skulde søgt Kompagnon i et ældre anseet Navn istedetfor i en ungdommelig Artianer og som sådant tvilsomt anseet.»
Stortingsvalet for Romsdals Amt hausten 1888 vart samanlagt ein siger for det reine Venstre. Men for Vestmannen vart det som eit nederlag likevel, då denne retninga tapte med glans på Sunnmøre og i Volda-bygdene. Og gamle Aarflot vart kasta. Det var meir enn voldingane kunne tole. Sjå kva «Styggemannen» hadde stelt til! Fedraheimen melde at Vestmannen no var reint som «ein syl i augat på dei innfødde kaninerne».
Og ikkje før var Vestmannen ute av prenteverket på Ekset, før dei moderate starta opp med Ugebladet – tufta på den gamle venstrepolitikken. I staden gjekk dei reine avstad og skipa eit venstrelag, i røynda den første faste venstreforeninga i Volda, og det fem år etter riksretten. Riste vart formann, Steinsvik nestformann.
Rett etter at Steinsvik var oppsagd av Aarflot, fekk han kontakt med den frilynde P. M. Gjærder og hans heimegjorde prenteverk. På dette viset hangla og gjekk det ut gjennom året 1888, endå dei privat måtte vedgå at «med Vestmannen gjeng det verre og verre».
Det var krefter som ville ha Steinsvik som redaktør av Sunnmørsposten i Ålesund. Det kunne ha vore eit bra bein. I Bergen lokka Mons Litleré med Firda. Men Steinsvik kvidde seg for «å taka Vestmannen frå Voldi og lata Ugebladet herska åleine». Han skreiv til Bjørnson og bad om hjelp. Synnøve Riste reiste eins ærend til Aulestad og samtala lenge med Bjørnson om stoda i Volda og på Sunnmøre. Komen attende, følgde ho opp med brev:
Kjære, ædle Bjørnson. De må ikke blive vred. Det er bondekjærringen Synnøve Riste, som var så dristig at søge dem op isommer, der nu kommer igjen … nøden driver … Det står nu om at Vestmannen må gå ind for pengemangel … Det er tungt for Steinsvik … gutten ofreralt –kanskje nu og sit liv for fremskridtsarbeidet … vi er unge og trænger Steinsvik og Vestmannen enda. Kaninerne har også fylket sig og fået gamle stortingsmand Aarflot at hjelpe sig med at gi ud et ugeblad, som skal modarbeide og dræbe Vestmannen … de sidder inde med pengemagten. Alle bemidlede her er oftedøler … Å, kjære Bjørnson, de må finde råd til en snar hjelp.
Bjørnson prøvde fleire kanalar. Best tru hadde han på Helge Væringsaasen:
Idag har jeg en anden nødlidende at be for. Det er en i hver henseende utmerket ung mand, student Rasmus Steinsvik som har tat på sig intet mindre æn at demokratisere Søndmøre, og navnlig den del af det som Aarflot har hauteneret over … Jeg gentar, at han i hver henseende er det værd. Jeg vedlægger hans brev, som jeg gjerne vilde ha tilbagesendt.
Men Bjørnson fekk ikkje svar. Ikkje eingong brevet fekk han attende – «som var så dygtigt, og som jeg af den grun sendte med … Herregud, om jeg kunde ha været der i Romsdalen og faret rundt og snakket med folk.»
Steinsvik måtte berre sjå i auga at slaget førebels var tapt i Volda. Han tok ferdastaven, fekk prentar og prenteverk med seg og drog – av alle stader – til Tynset.
Han hadde ikkje før reist frå Volda, før den unge pastoren kunngjorde at han hadde omvendt seg til målsaka. Han tykte det var ei stor ulykke at målet berre skulle nyttast til å tolke «verdslegdom og fritenkjeri». Kristenfolket måtte no endeleg skjøne korleis dei skulle «rydja den vegen og opne den dyri, som endeframt leier inn til norske hjarto». Dermed var landsmålet kristna, og bladet Stille Stunder døypt.
Nå, rydje vegen og opne døra,dethadde no ein annan gjort. Men han var no på veg til Østerdalen.
Anarkistar og vandreår
Fedraheimen vart under Ivar Mortenssons leiing frå 1883 eit velseda kristeleg blad, med ikkje få tingarar. Men i 1888 vart han redd for å bli mergstolen av Kristiania-lufta og flytte bladet til Tynset; der var det i alle fall billegare. Samstundes vart undertittelen endra til Radikalt Arbeiarblad, og Fedraheimen gjekk i tida utetter mange strekar til venstre, med ei underleg blanding av bibeltradisjon og anarkisme.
Men Savalguten byrja trøytne, og såg seg om etter høveleg avløysar. Han hugsa Steinsvik, og kom no våren 1889 med eit tilbod om å slå dei to bladlappane saman. – Når den eine treng den andre, då er semja lett, ymta Steinsvik frampå. Tidleg i mars varsla Vestmannen at han tenkte seg til fjells ei fjorten dagars tid. Mortensson skriv og takkar Steinsvik fordi han «slo til straks».
Savalguten overlet raust stova si til framandfølgjet frå Sunnmøre. No var det ikkje rart anten med hus eller husbunad. Men dei rydda seg til med redaksjon og ekspedisjon i den eine enden av stova, og kjøkken i den andre. Midt imellom stod prenteverket. Dei levde av graut som prentarkona stelte i stand. Steinsvik sa sjølv om denne tida at han rekna seg som fråhaldsmann både i mat og drykk. Garborg heldt denne tida til i grannelaget, og kom stundom på innsteg. Han tykte dei levde så rimeleg at dei ikkje eingong trong tingarar.
Alt i Volda-tida hadde Steinsvik byrja lute mot anarkistiske synsmåtar. «Venstre er ingen ting … det er sprengt.» Då var det noko anna med dei nye signala frå Fedraheimen. Det var stortankane som sveiv i lufta no. Savalguten innprenta at klokka laut syne både timar og sekundar. Sjølv såg han seg tydelegvis som timevisaren. Småtankane overlet han roleg til sunnmøringen, som venteleg var stutt nok i steget og snautt våga seg for langt. Men snart fekk Mortensson røyne at Steinsvik just var den karen som sette «minuttvisarfart på stortankarne».
Den 6. april slo då austmann og vestmann seg saman. Steinsvik styrte det heile frå første stund, ut på hausten òg som «andsvarleg». Han skreiv det aller meste sjølv. Ein og annan gongen kom ein godbit frå Garborg. Dessutan kom tjueåringen Arne Dybfest inn som fast medarbeidar.
I mai kom Steinsvik med ein serie livsskildringar: «Martyra for sanning og rett». Artikkelrekkja var planlagd i Volda-tida, og var i røynda eit oppgjer med den sløge bonden som i Kielland-saka hadde sagt at staten ikkje hadde leigd nokon diktar. Staten trong ikkje sjølvbydd teneste. Med Martyra ville Steinsvik syne «at den kaldkloke hev uret».
Bibelorda fall snøgt bort og bladet vart stadig raudare; Fedraheimen vart no kalla det radikalaste bladet i landet. Steinsvik tykte ikkje lenger det var så farleg med Venstre. Ute i landet sukka det store arbeidande folket etter eit «norskt arbeidarparti», som Steinsvik uttrykte det. Dette skulle vere eit parti bygd på dei eigedomslause i bygd og by; noko i retning av eit arbeidardemokrati. Men tolleg snart fall denne tanken bort. Steinsvik miste snøgt trua på byarbeidarane; dessutan var heile politikken noko narreskap. Det var slett ikkje folket som styrte. Bak storting, regjering «og heile hurven» stod pengemakta. Men Steinsvik var ingen bombeanarkist, eller agelaus villstyring, som han sjølv sa. Han forkasta valdsbruk, og gjekk inn for å avskaffe forsvaret. Han prøvde å byggje anarkismen saman med tradisjonane i den norske bygderadikalismen. Utgangspunktet var den særmerkte bondeotten for byar og store samskipnader. Steinsvik gjekk inn for at mindre regionale og lokale einingar skulle styre seg sjølve, gjennom eit fullt utbygd lokaldemokrati. Dette kalla han heil sjølvstyring, eller endeframtstyreløyse.Kollektivt samyrke, sameige og samdrift skulle drivast i stort som i smått. Det galdt å byrje i det små: «Mortensson og eg bur i lag. Han kokar kaffi. Eg kokar graut. Me driv sambruk og sameige.»
Eit merkeleg trekk ved Steinsvik og Fedraheimen denne tida er korleis stortankane brytst av ein omtanke for alle dei små og jamne framsteg, og særleg då sansen for det praktiske. Ein liten hage var vel så god som t. d. «ein studentardusk». Dette vart alle dagar Steinviks løynde draum: «Alt dette fandens åndsarbeide er berre slit. Hadde eg berre jor å va nokolunde skuldfri: eg vilde verta bonde.»
Eit anna underleg drag er martyrdyrkinga og tendensane til elitetenking. Jamvel den smålåtne og den til botnar demokratiske Steinsvik fekk seg eingong til å uttale: «Mugen er og blir muge … me lengst framkomne, me som vil rekna oss til dei intelligente, lat me gå fyre, so kjem nok dei andre etter.» Deretter fall det ikkje vanskeleg å seie – som det òg vart sagt – at det var betre å sigle rette leia med lite mannskap enn range leia med stort. Norskdoms- og målrørsla har opp gjennom åra ikkje sjeldan hatt ein svip av dette.
Det hjelpte lite med dei stortenkte tankane. Kan hende var det bladstyraren som sprengde mekanikken i klokka. I alle fall flaug tingarane til alle kantar. «Tung og turr, klagar dei …
Bladet som mannen … Og så fekk eg skjennepreik frå Dybfest for at Fedrah. er for spak.»
Breva til Garborg denne tida syner at Steinsvik lengta heim. Det var eit hardt slag då han hausten 1889 fekk melding om at Synnøve Riste var avliden: «Her vart so audt, då brevstraumen frå Synnøve stansa … Ho var som eld og brand, so eg vesle krypen mang ein gong vart halvt rædd … Farvel du vene draum, du altfor vene draum.»
Steinsvik tykte det var lite mon i berre å skrive: «Me må ut og røre på oss. Me må ut og preike for folk.» Ulike nummer av Fedraheimen vart dregne saman til eigne hefte, mest som småskrifter. Eitt av dei har den karakteristiske tittelen «Kan politikken hjelpe oss?», som uttrykkjer Steinsviks syn på anarkismen. Han pakka då skreppa full med hefte og anarkistskrifter og reiste rundt på bygdene som agitator og bokseljar. Ti år etter gav Steinsvik ut boka Med Skreppa, ei bok som «ingen bokheim hev maken til», meinte Garborg. Boka handlar mykje om desse ferdene tidleg på nittitalet:
Når eg var brødlaus og smørlaus, so gjekk eg berre inn på ei krambud og fekk meg ei mork smør og eit 20 øres brød. So hadde eg mat i tvo dagar. Og då var eg min eigen herre; eg turvte ingen bry; kunde gjere meg tilgodes når eg lysta. Svalt eg, so sette eg meg på vegkanten og lét naturen duke sit store bord, Guds himmel vera tjeld og vårfuglane halde meg med taffelmusik. Eg hadde det som ein konge måtte misunne meg.
I 1891 flytte Steinsvik med Fedraheimen til Skien. Undertittelen vart no endra til Anarkist-kommunistisk organ, og feite typer under tittelvignetten kunngjorde:Ingen stat, inga styring, inga lov.Dette måtte vel vere noko for byarbeidarane? Men dei brydde seg ikkje om korkje anarkismen ellermålet.I Skien gjekk det difor verre og ikkje betre:
Eg vil eller lyt slutte når dette fjordungåret er ute. Ein misser både mod og magt når ein skal skrive for nokre fåe stykkje … Byarbeidarane hev eg fåt dårleg tru på. Skien som skulde vere ein framstigsby er det småt med. Dei lengst framkomne er berre goe venstremenn, trur på småreformer og develskap …
Den 21. mars 1891 sende Fedraheimen ut eit nummer til minne om Pariskommunen. Og tilliks med Kommunen blødde det seg i hel – i raud skrift. Tre nummer etter tok bladet endeleg farvel:«Goe tingar,her kjem siste hefte av Fedraheimen …»
Steinsvik drog no til Bergen og dreiv ei tid Firda saman med Litleré. Denne tida lempa han skriftbildet endå meir etter uttalen; han kasta bort dei daude konsonantane og brukte meir opne lydar.
I 1891 byrja han omtale kunst og kunstutstillingar, etter kvart med stor skjønsemd. Han tykte det var harmeleg med kunstverk likevel – dei kom berre rikfolket til gode. Men Steinsvik hadde ei råd:
Tru me ikkje skal kome so langt, at dei beste målarstykkje kan reisa landet rundt, so alle kunstelskande folk rundt ikring kan få nyte og glede seg over alt dette som kunstfolke med so mykje strev avlar fram.
Nett dette året var det at Steinsvik oppdaga Edvard Munch. Han var mellom dei aller første her til lands som omtala Munchs kunst med skjønsemd og vørdnad. Steinsvik tykte at Munch var som «eit andepust frå ei kjend, men løynd verd». «Vampyr» var ovfagert, som eit møte mellom synd, anger og forsoning. Og han var sterkt gripen av «åbrydskapen» i Munchs «Sjalusi»: «Eit slikt fjes, so gallgrønt og svovelgult og svidtlått og gloraudt i hår og skjegg – den heitaste krå i helvete kunne kje skapa verre kvide enn den som her hev fenge mål og tunge» (1895).
I Norsk Landmandsblad skreiv han om «Fremtidens jordbrug», og han orda beinveges frampå til Gunnar Knudsen om det ikkje kunne lage seg med eit stipend til utlandet for å studere praktiske reformer i jordbruket. Opprømd skreiv han heim til Volda:
Kofor kan kje eg likesovel få stipendium som nokon annan . . . ikkjeforfattarstipendium,må du tru. Nei far … Noko som skal gjere meg til ein stor og nyttig mann for samfunde. Eg vil søkje sti pendium til å reise til utlande å læra meg å gjere revolusjon! Pas berre på. Næste år i desse tie er eg nok i Frankrike um Vårherre unner meg helsa. Å det gjer han. Det er ein påliteleg kar når det røyner på.
Men det vart med draumane. På nyåret 1892 finn vi Steinsvik att som redaktør av Fjeld-Ljom på Røros. Men han skremde styring og tingarar kvar han kom. Vinteren 1893 heldt han seg i Kristiania. Den 1. mai møtte Steinsvik, Kristofer Hansteen og «tvo-tri tyskarar» fram ved toget med ein eldande raud fløyelsduk – «Anarkistisk-kommunistisk gruppe Libertas». Det vart strid med politiet. Hansteen vart arrestert, tyskarane stakk av – og Steinsvik stod att med den avbrotne fanestonga.
No byrja anarkisthugen å kolne. I 1892 hadde han fått ut boka Martyra, som var ein omskriven og utvida versjon av artikkelrekkja frå 1889. Boka fekk rosande omtale i fleire blad. Steinsvik sette seg no føre å skrive ei bok om Olaus Fjørtoft. Han skaffa seg velociped. Mortensson såg så vidt skimten av han: «Eg kunde ikkje tru mine eigne augo at det var den gamle felagen min, som var komen so høgt til vers og fór som ein elding gjennom Kristianiagata.»
Skulle han skrive om Fjørtoft, laut han først heim til Sunnmøre for å sanke stoff. I heimbygdene vekte han åtgaum der han kom ridande på den høge hjulhesten sin. Han var med på den store Aasen-stemna i 1893, der sunnmøringane høgtida Ivar Aasens 80-årsdag. Steinsvik rapporterte til Garborg: «Her i Volda gjekk det ordet i vår, at eg varrømd,og at du sat fast. Folk vart reint forundra no sundag eg stod fram på eit folkemøte her.»
Steinsvik skjøna ingen ting. Heimbygdingane haddesaknaham, og dei høyrde på han. Heldt dauvtida på å sleppe taket? Byrja det lysne att? Denne heimreisa gjorde godt. Steinsvik la Fjørtoft til side, og byrja tenke på eit målblad att. Målfolket inne i Kristiania berre riste på hovudet. Men Steinsvik pakka skreppa på nytt og reiste vide ikring med sine femkroners aksjar. Midt i juli 1893 var han komen til Telemark att: «Pengelaust og småt med folk … 120 aksiar, dæ æ alt.» I september nådde han Trondheim: «Eg hev traska rundt te minst ei 20 stykkje i dag, rike, feite vinstrebøndera, å fenge alt i alt 3 aksiar. Fan stå i heile Trondhjem.»
Med usliteleg trott klarte Steinsvik likevel dette eine året å skrape saman sju tusen kroner. Det var ikkje rare startkapitalen. Men Steinsvik la i veg, fullviss på at det måtte lykkast no tredje gongen.
Den 17de Mai
På nyåret 1894 kom Den 17de Mai ut første gongen. Det var Hulda Garborg som valde namnet; det skulle vere eit pent namn som ikkje skremde. Undertittelen Norsk Folkeblad understreka det same. Anarkismen var borte, trådane attende til den første Fedraheims-tida vart knytte på nytt. E. Werenskiold laga tittelteikninga med husfaren som står og heiser det reine norske flagget på eige tun saman med kone og born.
Steinsvik gifte seg med student Marta Tonstad, som hjelpte mykje til med bladet i startfasen. Draumen om eigen jordflekk vart røyndom då dei kjøpte seg eit småbruk ute ved Valstad i Asker. Av jorda tok Steinsvik noko sjølv, og selde resten til Garborg og Mortensson. Også her var no på eit vis ein ring slutta. Labråten vart heitandeMålbakken.
Med Den 17de Mai byrja norskdomsrørsla å kome seg or hengjemyra. Berre namnet var ei fanfare. Det Norske Samlaget vakna. Syn og Segn byrja kome. Noregs Ungdomslag vart skipa. Kjende pennar skreiv i bladet: Sivle, Tvedt, Vislie, Løland m. fl. Halvdan Koht var utanriksmedarbeidar. Og Garborg sjølvsagt, framom alle hine. Han var jamvel medredaktør saman med Steinsvik, og skulle ha hovudansvaret for politikken. Men Steinsvik klarte ikkje halde seg lenge før han drog seg inn på den teigen òg.
Vendepunktet her kom i 1895, då Sverige «truga med kvasst» og Stortinget laut bøye seg for overmakta. Ikkje minst for Steinsvik vart 1895 eit vegskilje: «Eg var atter på jordi, men då var eg med det same nordmannen.» På forunderleg vis sleppte Steinsviks eiga motløyse taket nett då den nasjonale fylkinga i Noreg var slegen ned av mismot. Han hadde røynt korleis ein skulle riste nederlag av seg. No fekk han sjølv mot ved å vekkje liv i dei motfalne.
I unionssaka hadde Steinsvik lenge visst kva som måtte gjerast. Alt i Vestmann-tida hadde han skrive leiarartikkelen «Ut av unionen»: «Bandutantilskal slitast … me hatar alle band … Altså ut av unionen.» Men i 1889 var slike tankar uhøyrde, den gongen var det ingen som høyrde heller.
Men kom att i 1895! Folk spissa øyro. Steinsvik skreiv endå ein gong at unionsoppløysing var einaste vegen. Difor var nederlaget i 1895 trass alt det beste som kunne hende. No hadde nederlagslinja endelegbotna.Heretter var det berre ein veg: ut av unionen. No galdt det å ta tida til hjelp, og arbeide frå grunnen av. Garborg skjøna ingen ting, og Steinsvik laut forklare privat korleis han såg på sakene:
Me må væpna. Og so setja unions-uppløysingi upp som agitasjonsemne. Gå på med full stim. No er folk harme. Kvar i sin stad bannar svensken til helvete i denne tid. Og unionen med … Det er me som må gå på. Eingong svensken ikkje er betre budd enn me, må me beintfram setja kongen av, insetja ekstra-styring, mobilisere og møte svensken ved grensa.Dågreie me oss, soframt herstellet er i stand. Elles kan det vera uvisst … eg for min part unne ikkje svensken eit lettvunne slag. Men til det trengst eit so stort stortingsfleirtal at høgre ikkje kan gjera streik. 76 mann trengst. Til me hev det, lyt me venta, og nøra under elden so godt me kan.
Forsvarsnihilisten hadde blitt forsvarsven! Kristiania-intelligensen harselerte. Sigurd Ibsen gjøna over det han såg som ei blanding av målstrev og sabelrasling. Steinsvik skaut attende: «Norig vilaltid:Fred. Og eingong til: Fred. Og endå eingong: Fred.»
Den 17de Mai vart desse åra eit utprega nasjonal-radikalt venstreblad. Det var ikkje berre hovudorganet til norskdomsrørsla, men og ein midtstad for bygdeungdomen i hovudstaden. Kjende pennar skreiv, og nye talent vart oppdaga. Brått kunne bladstyraren bryte ut: – Ein ny skald att, eit flogvit! Då strauk bladfykane i veg til Håndverkeren og unte seg eitkvart ekstra. – Sven Moren har sagt at ikkje noko blad hadde slik makt over bygdeungdomen som Den 17de Mai i tida rundt 1905. Og tingarane vart fleire. Tusen vart ti tusen, på det meste jamvel femten tusen.
Framgangen kom ikkje av seg sjølv. Det vart mange tunge tak. Ikkje sjeldan laut Steinsvik overnatte i bladstova. Han rydda seg soveplass på den grøne plysjsofaen, tok Morgenbladet til hovudpute og Aftenposten til overbreidsle. Moren såg han slik: «Han sat bleik i stolen og einstirde i veggen – med rekningar og u-innfridde vekslar … Eg tenkte: No ramlar det. Og ramlar det her, fær vi same vegen alle.»
Ein gong Anders Hovden pikka på døra, svinga Steinsvik seg som vanleg på stolen medan blekket draup frå pennen hans. – God dag, Rasmus Blekkhus, sa Hovden då. Av bladstyraren tykte han at det berre var att skinn og hår og augo. Steinsvik smilte attende: – Det er visst upp i larv med han vesle-Rasmus i dag …
Frå Ottar Grepstad og Jostein Nerbøvik (red.): Venstres hundre år, 1984, s. 105-124. Brukt med løyve frå Ellen Kristvik. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2006