Krigen i Ukraina: det språklege bakteppet

Når den russiske presidenten hevdar at Ukraina høyrer heime i det russiske imperiet, viser han mellom anna til språklege tilhøve. Ukrainsk er ikkje noko eige språk, blir det sagt. Dei færraste språkvetarar vil vere samde i dette. La oss sjå nærmare på dei faktiske forholda. Korleis er slektskapen mellom ukrainsk og russisk? Kor ulike er dei to språka? Korleis har forholdet mellom ukrainsk og russisk vore i Ukraina?

Språkslektskap
Når vi seier at to språk er i slekt, meiner vi at dei har utvikla seg frå det same opphavelege grunnspråket. Akkurat som norsk har ukrainsk og russisk utvikla seg frå eit indoeuropeisk grunnspråk. Den indoeuropeiske språkfamilien består av elleve greiner. Norsk høyrer til den germanske greina der vi også finn engelsk, tysk og nederlandsk i tillegg til dansk, svensk, norsk, færøysk og islandsk. Andre velkjende greiner er romansk (t.d. fransk og spansk), keltisk (t.d. irsk og walisisk), indo-iransk (t.d. urdu og hindi) og baltisk (latvisk og litauisk).

Ukrainsk og russisk høyrer til den slaviske greina av den indoeuropeiske språkfamilien. Alle dei moderne slaviske språka nedstammar frå eit urslavisk grunnspråk som truleg blei tala i området rundt elva Dnepr i det som i dag er Ukraina og Kviterussland (Belarus) for om lag 1500 år sidan. Det urslaviske språket delte seg opp i tre grupper, sørslavisk (t.d. bulgarsk og serbisk), vestslavisk (t.d. tsjekkisk og polsk) og austslavisk (ukrainsk, kviterussisk og russisk).

Dei austslaviske språka ukrainsk, kviterussisk og russisk
Dei tre austslaviske språka er nærskylde. Tilhøvet mellom ukrainsk og russisk kan samanliknast med norsk og svensk. Med litt trening kan ein som har russisk som morsmål, forstå ukrainsk og omvendt – på same måten som nordmenn og svenskar kan forstå kvarandre godt, i alle fall om ein er blitt eksponert for språket til grannelandet frå barnsbein av.

Gjennom historia har ukrainsk og russisk utvikla seg ulikt. Ein viktig årsak er at store delar av dagens Ukraina har vore under polsk styre. Allereie i 1340 vart Lviv i det vestlege Ukraina erobra av polakkane, og mellom 1654 og 1772 var det meste av dagens Ukraina underlagd Polen. Dette har gjort at ukrainsk er fullt av polske lånord som ein ikkje finn i russisk.

Også dei grammatiske mønstra i ukrainsk vitnar om det nære forholdet til polsk. Ser ein t.d. på tidsuttrykk (t.d. på onsdag, i mars og i år), finn ein at ukrainsk har mange trekk til felles med polsk. Dette er trekk ein ikkje finn i russisk.

Ukraina – eit tospråkleg land
Ukrainsk har det til felles med svært mange andre land at det blir snakka meir enn eit språk der. Ser ein på kartet over Europa, finn ein knapt eit land med berre eit språk. I Norden har vi t.d. samisktalande minoritetar. I Spania og Frankrike finn vi baskisk, og i Storbritannia har vi t.d. walisisk. I Nederland blir det tala frisisk, medan Tyskland har ein minoritet som talar det slaviske språket sorbisk. Døme på stabile demokrati med to eller fleire likestilde språk er Belgia og Sveits. To- og fleirspråklegheit i ulike former er altså normalen, ikkje unnataket.

I 2021 oppgav om lag 78% av folkesetnaden i Ukraina at dei hadde ukrainsk som morsmål. Om lag 18% identifiserte russisk som morsmål. Talet på dei som reknar seg som ukrainsktalande, er gått opp i løpet av dei siste åra. Samstundes er svært mange ukrainsktalande flinke i russisk. Dei ser fjernsyn og filmar på russisk, og dei nyttar ein del russisk i dagleglivet.

Språkpolitikken i den postsovjetiske perioden har endra seg fleire gonger. Etter den såkalla oransjerevolusjonen i 2004 freista styresmaktene å styrke stillinga til ukrainsk, men i 2012 vart det innført ein ny språklov som fremma stillinga til russisk. Med Majdanopprøret i 2014 snudde vinden, og i 2019 kom ein ny og meir ukrainskvennleg språklov.

Kor ulike er ukrainsk og russisk?
La oss sjå på eit konkret døme. Både ukrainsk og russisk nyttar det kyrilliske alfabetet, men her er døma overførte til latinsk alfabet:

Ukrainsk: I ljudej my c’ogo roku matymemo bil’še, niž torik.

Russisk: I ljudej u nas v ètom godu bol’še, čem v prošlom.

Norsk: Og folk har vi fleire av i år enn i fjor.

Her ser vi at nokre ordformer er dei same (ljudej, ‘folk’), andre liknar (bil’še/bol’še ‘fleir’), medan nokre ord er heilt ulike (torik/v prošlom ‘i fjor’). Går ein litt djupare inn i språkstrukturen, ser ein at ukrainsk har genitiv for ‘i år’ (c’ogo roku), medan russisk nyttar preposisjonen v ‘i’ følgd av eit substantiv i kasusen lokativ (v ètom godu). Til slutt brukar ukrainsk eit verb som svarar til norsk ha, medan russarane i staden seier noko som direkte omsett til norsk blir hjå oss er. Mange forskarar meiner at det russiske hjå oss er-mønsteret er eit resultat av påverknad frå finsk-ugriske språk som ikkje har påverka ukrainsk.

Ukrainsk og russisk er ulike språk
Dømet ovanfor viser at sjølv om det er mykje som er likt i ukrainsk og russisk, er det også mykje som er forskjellig. Særleg når ein pirkar litt under overflata, kjem det fram mange interessante skilnader. Skilnadene er minst like store som mellom norsk og svensk, så om ein skulle argumentere for at ukrainsk og russisk er eit språk, måtte ein samstundes meine at norsk og svensk er eit språk. I den slaviske verda er det i dag vanleg å rekne kroatisk og serbisk som ulike språk, sjølv om skilnadene mellom dei er mindre enn skilnadene mellom ukrainsk og russisk. Skilnadene mellom ukrainsk og russisk er altså meir enn store nok til at ein kan rekne dei som to ulike språk.

Men kor store må skilnadene vere for at ein skal kunne tale om to ulike språk? Her finst det ikkje nokon språkvitskapleg fasit med to strekar under. I røynda handlar det meir om politikk og historie enn om språkvitskap. Når vi reknar norsk og svensk som ulike språk, er det eit resultat av ei komplisert historisk utvikling. Dei reint språklege skilnadene er ikkje større enn at om historia hadde sett annleis ut, kunne ein ha rekna norsk og svensk som eit språk. På same måten har historia til Ukraina utvikla seg slik at det er vanleg å rekne ukrainsk som eit eige språk. Til sjuande og sist er det talarane sjølv som avgjer om det dei talar, er eit eige språk. Det er nordmenn som avgjer at norsk er eit språk. Ukrainarane avgjer om ukrainsk er eit eige språk. Kva den russiske presidenten og andre utanforståande måtte meine om statusen til ukrainsk (eller norsk), er irrelevant.

Tore Nesset. Foto: Chr. Halvorsen
Foto: fotograf Chr. Halvorsen

Tore Nesset er professor i russisk språkvitskap ved Universtitetet i Tromsø – Noregs Arktiske Universitet. Han har mellom anna skrive læreboka How Russian Came to Be the Way It Is (2015).