Aleine saman – korona og kulturen

Helga Songøygard Battin – Torsdag 12. mars

Inngangen forvirrar meg. Der det elles er så ope og fint, har dei stimla seg. Menneska. Eg veit kvifor dei er her. Eg såg den same nyheitssendinga. Erna i blå alvorsdrakt. Noreg stenger ned.

Ikkje nødvendig å hamstre, sa ho.

Nå bør ein ha litt ekstra i hus, høyrde vi.

Tett i tett står dei i kø. Fulle handlevogner framom seg. Svogeren min er ein av dei. Gøymt mellom dei store massane av varer og kundar framom kassa. Han ser meg ikkje, tygg på neglene og ser stressa ut. Han skal sikkert hente ungane i barnehagen, var ikkje førebudd på at det skulle vere kø på denne tida. Klokka er berre tre.

Ikkje putt fingrane i munnen, tenker eg, men det er så mange folk rundt han. Eg kan ikkje åtvare frå her eg står, og eg kan ikkje gå bort i den klamme folkemassen. Korga hans bognar over av frysevarer, kjølevarer, tørrvarer. Han har tatt på alle stadane der dei andre har tatt først. Det er tidleg, men likevel seint på dagen når det er slik som i dag. Ingenting har blitt desinfisert sidan opninga, det er eg sikker på. Dei tilsette sit i kassene, trillar rundt på traller med hyllepåfyll. Dei har ikkje tid til å vaske med ein slik pågang.

Brystet snurpar seg frå mellomgolvet. Eg trekker pusten djupt, prikkinga må ikkje komme seg heilt opp i kinna. Dette er ikkje rett stad å svime av. Ikkje rett tid. Eg grip ei handlevogn og støttar meg på henne innover i butikken. Handlelista er skriven på mobilen. Nittiseks timar på glas. Så lenge kan viruset leve. Var det ikkje det eg las? Eg må klare meg utan liste.

Hjula på handlevogna samarbeider ikkje. Alle vil i ulike retningar. Det er ein kamp. Fingrane er sveitte, hovudet tomt. Skulle eg ha grønsaker? Eg ser på tomatane i grønsaksdisken. Plast. Eg må kjøpe dei med plast. Berre slike med plast. Plast er trygt. Eg plukkar opp ei pakke med seks tomatar.

Miljøet. Krise. Smitte.

Lysande prikkar dansar i auga mine medan eg ser på dei litt for bleike tomatane. Ei dame går i boge rundt meg, stirar på hendene mine. Eg ser på hennar. Lilla hanskar. Det var det som stod på bordet ved inngangen. Eg forstod det ikkje. Sjølvsagt skulle eg ha tatt på meg hanskar. Her går eg rundt som om eg er uansvarleg og ikkje bryr meg. Det er for seint nå, eg er innanfor. Det kjem til å sjå rart ut om eg går ut igjen. Ikkje kan eg legge tilbake tomatane heller. Det ein har tatt på, må ein kjøpe. Slik er reglane nå.

Skuldrene strammar seg, eg svelger spyttet som har samla seg i munnen. Det kriblar i dei såre slimhinnene i allergihalsen. Hoste er forbode. Ein kan ikkje hoste på matbutikken. Ikkje gå med nakne hender. Ikkje hoste. Ikkje legge tilbake varer.

Eg snufsar. Ein kan ikkje snufse heller. Eg senkar blikket, vil ikkje sjå kor sinte dei er rundt meg. Dei trur eg er sjuk og burde ha halde meg heime.

Tomatane hamnar i handlevogna. Bestemt går eg mot kjøleskapa. Nå må eg berre fullføre det eg har starta opp.

Tomt for laktosefri mjølk. Haldbarheita er mykje lenger enn vanleg mjølk. Eg kan velje mellom diaré eller ikkje mjølk i kaffien. Det er lett å velje. Magetrøbbel vil berre få meg til å tru at eg har blitt smitta. Kva for andre varer kan vere utseld? Heldigvis kjøper ikkje vanlege folk dyre, glutenfrie varer. Dei er ikkje like gode som «ekte» produkt, og dei har ikkje lenger haldbarheit. Der er eg trygg. Men dopapir. Eg må ha dopapir! Prikkinga i mellomgolvet kjem tilbake. Eg skuvar den ubrukelege handlevogna med tomatar. Naskar med to pakker knekkebrød frå allergiavdelinga. Vanlegvis ville eg tatt tre, men det må ikkje sjå ut som at eg hamstrar. Eg kan ikkje vere ein av dei. Så går eg mot hyllene med dopapir. Heldigvis er det fleire pakker igjen. Eg tar den største dei har. Kor lenge kan vi klare oss på det eg har i handlevogna?

Eg kjenner korleis viruset kryp rundt på huda mi. Det går ikkje an å bli verande på denne staden. Eg bruker all konsentrasjonen eg har på ikkje å gni dei forpesta hendene mine i auga medan eg ventar på min tur i kassa. Heldigvis har eg kjøpt så lite at eg kan bippe kortet utan kode.

© Helga Songøygard Battin (2020)

Bilete av Helga Songøygard Battin

Helga Songøygard Battin (f. 1989) bur i Tokke i Vest-Telemark. Ho har gått på Forfattarstudiet i Bø. Rosehagtornen er den første romanen hennar.