Nynorsk.no / Nettutstillingar / Aleine saman — Korona og kulturen / Siri Helle – Etter ein krangel
Aleine saman – korona og kulturen
Siri Helle – Etter ein krangel
Førre gong eg og sambuaren min krangla, var det siste han gjorde før han gjekk på jobb å be meg høyre på sangen De nære ting.
Trass i at eg der og då ikkje hadde så veldig lyst å gjere som han sa, gjekk eg likevel inn i stova, sette meg i godstolen, pakka teppet i kring meg og fann fram Spotify på datamaskina.
For å late Kurt Foss og Reidar Bøe minne meg på at «min stue, hvor liten den er, rommer noe mitt hjerte har kjær», føltes trass alt som ein god og trygg ting å gjere på ein måndagsmorgon då ikkje berre livet i tomsomheit var litt på skrå, men heile verda reint faktisk var heilt annleis enn ho var førre måndag – for ja, det var nett denne måndagen dette skjedde, måndagen etter torsdagen stadig fleire fortel oss at vi kjem til å hugse. Lenge.
Og det var fint. Så fint var det at då Radiofantoma trilla ut sine siste «lær deg å elske de nære ting», lot eg Ingrid Olava trille inn med sin versjon av same song, så Reidar Roses orkester, og då den var ferdig klarte eg heller ikkje å slutte men berre måtte be Vilde og Anna synge for meg – å få høyre at uansett kor langt eg reiser er eg alltid vestlending gjer meg alltid litt tårevåt, men det vart visst litt ekstra denne dagen.
Eg toppa det heile med Sigrid Moldestad si Vise til far, for sjølvsagt måtte sterke, trygge Sigrid skrive sangen det meir enn nokon annan gror djupe, solide røter ut av.
Ja, eg riktig pakka meg inn i lag på lag med kjende, trygge, heimlege tonar og ord, og du og du kor godt det var.
Så gjekk eg ut og byrja å bygge ein kompostbinge til å sette i hagen. Hagen kring huset eg og han eg var så sinna på kjøpte i haust – eg vart 37 år før eg fekk mitt eige hus men no har eg det, og det att på til i sjølvaste bygda eg vaks opp i. Snakk om valdsam rotvekst.
Ikkje rart eg treng kompostbinge – ein binge å bygge samanhengar i, å få gulrotskal og grasklipp og for ville bringebærkratt til å vende attende til jord som igjen kan skape noko nytt. Nye bringebær. Våre gulrøter.
Klart eg må ha ein kompostbinge no.
No når det er midlertidig slutt på dei tidene då vi kan ynskje oss kva som helst og få det. Slutt på å sjå forbi alt vi har kringom oss, og over på det vi aller helst vil ha ein stad langt der borte. Vi kan ikkje reise dit vi alltid har drøymt om sjølv om det er påskeferie, kan ikkje berre gå ut og ete om matlagingslysta er like tom som magen. No må vi vere i våre eigne, små stover. No må vi sjå nært.
Klarer vi å vere nøgde med det vi ser der?
Eg skulle gjerne ha runda det heile av med eit svar. Enno meir gjerne med at eg midt i det heile forstod og tilgav min kjæraste alt, og at han gjorde det same med meg, men så er dette likevel ikkje eit dikt: Eg veit ikkje korleis alt kjem til å gå, og vi slutta ikkje gå kvarandre på nervane innimellom sjølv om det vart koronatider, og alle har ikkje dagar som gjer at dei berre kan gå ut og bygge kompostbingar over ein lav sko, og ikkje ein gong Sigrid Moldestad kjenner seg trygg, for tvert om syng ho om at ho ikkje skjønar kva som vil skje når alt blir snudd opp og ned og ho må vere den sterkaste, og kanskje er det likevel noko av det som er trygt – at ein kan seie ein kjenner seg uviss.
Og eg trur eg er så innmari heldig som har jord der ute, rett utanfor stoveglaset mitt, at eg veit eg skal byrje der: Finne ei rot. Grave ho djupare. Vatne litt. Og vente, medan eg spelar enno ein song eg kjenner eg frå før.
© Siri Helle (2020)