SNL: «Kunnskapsberedskap»

Krigen i Europa har sett beredskap og mobilisering øvst på dagsordenen. Vi snakkar om matlager, medisinlager, forsvarsalliansar og flyktningmottak. Vi er alle del av beredskapen på eit vis, med jod-tablettar, hermetikk og 9 liter vatn i heimane. Ein mindre påakta del av den nasjonale beredskapen og mobiliseringa er den akutte kunnskapsreisinga vi alle blir del av i krisetid. Her speler leksikonet ei ny rolle.

Beredskapslageret
Når noko akutt skjer, hender det at folk spør om det er ein lege til stades. Det er sjeldan at folk spør etter ein leksikonredaktør. Men når verda endrar seg brått, som under ein pandemi eller ein krig, får alle eit akutt behov for å orientere seg. I krisetid må alle lære nye ord. Ofte er det tema og omgrep berre fagfolk har brydd seg om tidlegare, men no blir dei med eitt våre. Då strøymer lesarane til leksikonet som om det var eit beredskapslager.

Store norske leksikon har omlag 200 000 artiklar. Ikkje alle blir lesne kvar dag. Heller ikkje alle blir lesne kvart år. Men alle blir oppdaterte og er tilgjengelege, og til saman er dei eit beredskapslager av kunnskap klart til bruk når folk har eit akutt behov for kunnskap. SNL sine artiklar om koronavirus og pandemi hadde knapt lesarar før 2020, men dei var ein del av SNL sitt beredskapslager som venta på lesarar.

Då Erna Solberg gjekk opp på podiet 12. mars 2020 og stengde ned landet, tok det berre nokre få minutt før koronavirus og pandemi var ord alle kunne, og det tok berre dagar før alle visste at spanskesjuka kom i fleire bølgjer. Etter ei veke snakka folk med naboen i oppgangen om svenskane sin strategi for flokkimmunitet var ein god strategi, og dei veksla ord om sannsynet for at R-talet no var på veg opp eller ned. I barnehagen leika dei i kohortar.

I denne raske ordlæringa og kunnskapsreisinga står politikarar og toppbyråkratar på pressekonferanse i første rekkje. Men i det som er eit akutt formidlingsprosjekt speler forskarar og journalistar ei viktig rolle, og her har leksikonet eit ord med i laget.

For leksikonet har sjølvsagt orda frå før i sitt beredskapslager. Her finn vanlege folk artiklar skrivne av gode fagfolk frå universiteta. Artiklane låg klare for journalistar som skulle skrive saker, og medierapportane syner at dei nytta dei i stort mon. Vanlege folk som vart sende heim til heimekontor las artiklane på mobilen der dei sat eller stod på trikken og ferja. Lesartala til trauste og lite lesne artiklar skaut samstundes i været.

Taktskifte: frå hermetikk til ferskvare
Leksikonredaktørar held ikkje i det daglege den same takta som journalistane. Leksikonet skriv artiklar som står seg over tid, medan journalistane skriv nye artiklar kvar dag. Noko karikert kan ein seie at leksikonet til vanleg lagar hermetikk medan journalistane sel ferskvare. Men når verda og informasjonsbehovet endrar seg raskt må leksikonet endre takt for å halde tritt.

Når ei stor krise inntreff samlar leksikonredaksjonen seg med ein gong for å kartleggje kva for artiklar vi må kvalitetssikre med ein gong. Under pandemien gjekk vi i gong med å oppdatere artiklar om virus, permittering og smittevernlova. Men vi gjekk òg i gang med omgrep som folk raskt ville trenge litt fram i tid, som konkurs. Nokre heilt nye artiklar var det òg behov for, som brakkesjuke og vaksinemotstand. I ei informasjonskrise endrar leksikonredaksjonen karakter, der den redaksjonelle kapasitet dirigerast dit det trengst mest når leksikonet blir ferskvareprodusent.

Mobilisering av fagfolk
Ein føresetnad for at leksikonet skal kunne mobilisere er det store nettverket av fagfolk ved universiteta. Store norske leksikon har eit omfattande og ståande nettverk av 1000 fagfolk som raskt blir mobilisert når det trengst: virologar, epidemiologar, juristar, økonomar. Ved starten av pandemien kasta dei seg på og tasta i veg på tastaturet. Dei var allereie i beredskap, godt drilla for oppgåva og med kunnskap om korleis dei skal formidle vanskelege omgrep og konsept til vanlege folk. Lesartala synte at leksikonet var ein informasjonsmotorveg mellom fagfolka og ålmenta. Til eksempel blei artikkelen om spanskesjuka lesen godt over 200 000 gonger i 2020. Litt meir kuriøst er det at artikkelen verdas undergang var blant dei mest lesne artiklane då pandemien var over oss.

Då den russiske hæren invaderte Ukraina var det heilt andre omgrep og artiklar som var aktuelle. Mange har lurt på kva ordet oligark tyder, men lesartala synte òg at folk har behov for å gå djupare og forstå Ukrainas geografi, Russlands samtidshistorie og krigens folkerett. Andre fagfolk måtte til pers denne gongen enn under pandemien, og om du ikkje har lese artiklane deira i leksikonet, så har du høyrt dei same fagfolka formidle på radio og på TV. Camilla Cooper, Tor Bukkvoll, Ingunn Lunde, Jørn Holm-Hansen, Kristin Skare Orgeret. Det er det store nettverket av fagfolk og formidlarar frå universiteta som gjer det mogleg for leksikonet å mobilisere i krisetid.

Tilgang og tillit
Eit beredskapslager av gode artiklar og kapasitet til å mobilisere er som sagt viktig for at leksikonet kan fungere som kunnskapsberedskap. Men ope tilgang og høg tillit er andre viktige føresetnadar som ein må ha på plass før krisa inntreff. Det er kanskje noko vi tek for gitt. Men i Noreg er me betre budd enn i andre europeiske land.

I kjølvatnet av all feilinformasjon rundt Brexit og Trump sin valsiger i 2016, bestilte EU ein rapport om tilgangen til faktainformasjon i Europa. I denne rapporten, der Noreg kjem særleg godt ut, var det tydeleg at mange land sakna den same tilgangen på gratis, uavhengig og oppdatert faktainformasjon. I Tyskland og Sverige ligg leksikonartiklane bak betalingsmur. I Danmark er leksikonet ope, men dei har førebels ein liten redaksjon og eit lite nettverk av fagfolk. I Frankrike har ikkje leksikonet den same utbreiinga. I Russland er leksikonet derimot styrt av staten.

Den norske kunnskapsberedskapen, som leksikonet er del av, er eit system av uavhengige redaksjonelle medium og ei offentleg forvalting som held seg til ein kunnskapsbasert praksis. Når politikarar tek avgjerder med store konsekvensar for vanlege folk er det etter råd frå fagfolk. Uavhengige redaksjonelle medium kan sjå dei i korta, og både media og lesarane deira kan raskt finne uavhengige kjelder i Store norske leksikon. Så når krisa først er her kan leksikonet fungere som eit uavhengig og felles orienteringspunkt for folk flest.

Det bør framleis vere slikt at om du treng førstehjelp, så spør du om det er ein lege til stades. Og når verda brått endrar seg og nye faguttrykk kjem på dagsordenen, då spør du kanskje heller ikkje om det er ein leksikonredaktør til stades. Men blir behovet for fakta akutt, så veit du om ikkje anna at du har eit leksikalsk beredskapslager av kunnskap i lomma.

Kjell-Olav Hovde. Foto: Kristin Aafløy Opdan
Foto: Kristin Aafløy Opdan

Kjell-Olav Hovde har vore redaktør i Store norske leksikon sidan 2011, for fagområda jus, litteratur, media, utdanning og biologi.

Logo, Store norske leksikon
Skjermdump av Store norske leksikon sin artikkel om Ukraina-konflikten.