Stader for skrift 2020

Mette Karlsvik

Kvalvåg, frei

Mette Karlsvik er fødd i Bodø. Ho voks opp på Frei på Nordmøre og er busett i Oslo. Ho skriv energisk, sprudlande og kreativt med korte setningar og eit oppfinnsamt språk. 

Karlsvik debuterte i 2005 med romanen Vindauga i matsalen vender mot fjorden, som handlar om ei jente med anoreksi. Den 90 sider lange romanen Flytårn, om ein flygeleiar på Kvernberget flyplass, blei utgitt i 2007, og i romanen Pol (2008) prøver hovudpersonen å få arbeid i Bergens Tidende. Bøkene Post ose. Dagar og netter i Reykjavik (2011), Bli Bjørk (2011)Prinsland (2012) og Varmá (2016) handlar om Island. Ho har også gitt ut teikneserien Kjøt (2018) saman med illustratør Tord Torpe og romanane Den beste hausten er etter monsun (2014), Mørkerom (2017) og Meieriet (2019).  

Karlsvik fekk Tarjei Vesaas» debutantpris for Vindauga i matsalen vender mot fjorden i 2005. I 2011 fekk ho Sigmund Skard-stipendet, i 2012 fekk ho Stig Sæterbakkens Minnepris, Bokhandelens forfatterstipend og målprisen til Nordmøre Mållag, og ho fekk Skien kommunes kunstnerstipend for 2013.  

Utdrag frå Allkunne-artikkel av Vibeke Lauritsen. Les meir på allkunne.no.

Film av Blåst Film

Podkast med Bjørn Vatne og Mette Karlsvik

Portrett av Fotograf Ma

Bilete av Mette Karlsvik
Bilete av Mette Karlsvik med jente i bakgrunnen

Ma Ortiz
Fotograf Ma er ein etablert kunst-, portrett- og bryllaupsfotograf som har fått nasjonale og internasjonale prisar for arbeidet sitt. 

fotografma.no



Bjørn Vatne
Bjørn Vatne er sjølv forfattar, i tillegg til å vere ein driven litteraturformidlar og samtaleleiar. Vatne har leia samtalane og produsert podkastepisodane til Stader for skrift. 



Blåst Film
Brørne Are og Sturla Pilskog etablerte Blåst Film i 2009. Dei har vunne internasjonale prisar for dokumentarfilmane sine i, blant anna Kunsten å leggje seg paddeflat  (2017) og Havets sølv  (2016). 

 

blaastfilm.no

Portrettbilete av Mette Karlsvik

Mette Karlsvik

Mette Karlsvik er forfattar og journalistHo voks opp på Frei på Nordmøre og er busett i Oslo. Ho skriv energisk, sprudlande og kreativt med korte setningar og eit oppfinnsamt språk.