Nynorsk.no / Nettutstillingar / Stader for skrift 2020 / Svein Sæter
Stader for skrift 2020
Svein Sæter
Stangvik
Svein Sæter er ein forfattar og journalist frå Nordmøre. Han har skrive fagbøker om historiske tema og personar, mellom anna om den andre verdskrigen og diktaren Hans Hyldbakk.
Sæter har skrive fagbøker om ulike emne. Bøker som Bondelandet (1994), skriven saman med Aina Edelmann, og Draumen om Abebe Bikila. Reisebrev frå Etiopia (2009) viser ei breidde i fagfelt. Han har spesielt fått mykje merksemd for dei historiske bøkene sine. Operatøren. Knut Hauglands egen beretning (2008), som blei skriven i nært samarbeid med Haugland, og Kongen av Spitsbergen. Einar Sverdrups kamp for gruvene og mot Nazi-Tyskland (2016) handlar om nordmenn som stod opp mot okkupasjonsmakta under andre verdskrigen.
Sæter fekk målprisen til Nordmøre Mållag i 2006 og Surnadal kommunes kulturpris i 2009. I 2012 fekk han Kuliprisen frå Nordmøre Historielag.
Utdrag frå Allkunne-artikkel av Espen Tørset. Les meir på allkunne.no.
Film av Blåst Film
Podkast med Bjørn Vatne og Svein Sæter
Portrett av Fotograf Ma
Ma Ortiz
Fotograf Ma er ein etablert kunst-, portrett- og bryllaupsfotograf som har fått nasjonale og internasjonale prisar for arbeidet sitt.
Bjørn Vatne
Bjørn Vatne er sjølv forfattar, i tillegg til å vere ein driven litteraturformidlar og samtaleleiar. Vatne har leia samtalane og produsert podkastepisodane til Stader for skrift.
Blåst Film
Brørne Are og Sturla Pilskog etablerte Blåst Film i 2009. Dei har vunne internasjonale prisar for dokumentarfilmane sine i, blant anna Kunsten å leggje seg paddeflat (2017) og Havets sølv (2016).
Svein Sæter
Svein Sæter er ein forfattar og journalist frå Nordmøre. Han har skrive fagbøker om historiske tema og personar, mellom anna om den andre verdskrigen og diktaren Hans Hyldbakk.