Nynorsk litteratur der ute – og heim igjen

Bilete av Fredrik Hope og Stine Stennes Hovdenakk
Fredrik Hope og Stine Stennes Hovdenakk i Nynorsk kultursentrum. Foto: Nynorsk kultursentrum

Korleis har litteratur på mindretalsspråket nynorsk enda opp med å vinne internasjonale prisar? Og kvar går vegen vidare? Dette er nokre av spørsmåla du kanskje finn svaret på når Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda og Nynorsk kultursentrum inviterer til open fagdag på Høgskulen i Volda under Festspela torsdag 6. juni.

Fjorårets tildeling av nobelprisen i litteratur til Jon Fosse har kveikt ny interesse for nynorsk litteratur. Å snakke om nynorsk litteratur i ein internasjonal samanheng er meir aktuelt enn nokon gong.   

– Eg håpar fagdagen kan medverke til auka medvit både om nynorsk litteratur ute i verda og verdslitteratur i nynorsk omsetjing, seier konservator ved Nynorsk kultursentrum, Stine Stennes Hovdenakk. 

Ut i verda med nynorsk litteratur 
Margit Walsø, direktør ved NORLA, Senter for norsk litteratur i utlandet, er ein av dei som skal halde innlegg under fagdagen. Ho vil fortelje om nynorsk litteratur i verda der ute og arbeidet med å spreie nynorske bøker og forfattarar til utlandet. 

Verdslitteratur i nynorsk omsetjing 
– Å gjere verdslitteraturen tilgjengeleg på nynorsk har alltid vore ein sentral del i bygginga av det nynorske språket og den nynorske skriftkulturen, seier konservator ved Nynorsk kultursentrum Fredrik Hope.  

På fagdagen vil Marie Nedregotten Sørbø, professor ved Høgskulen i Volda, fortelje om omsetjing av verdslitteratur i nynorsk skriftkultur. Litteraturkritikar Sindre Hovdenakk vil ta føre seg arbeidet til Henrik Rytter, ein pioner som omsette mange viktige verk, mellom anna Shakespeare og Den guddomlege komedien, til nynorsk i perioden 1930–1950. 

Ibsen på nynorsk og Vinje i verda 
Då Ibsen-dramaet Peer Gynt vart sett opp på nynorsk for første gong i 1947, vekte det sterke reaksjonar. Men korleis var mottakinga då Jon Fosse gjendikta dramaet i nyare tid? John David Crosby, redaktør i tidsskriftet Mellom, kjem for å snakke om Fosse sine omsetjingar av Ibsen til nynorsk.  

Under tittelen «Ein målmann dristar seg ut» – Aasmund Olavsson Vinje i verda vil Guy Puzey, førsteamanuensis ved Universitetet i Edinburgh, fortelje kva han oppdaga i studiet av Vinje sitt opphald i Storbritannia i 1862 og 1863.  

Gratisarrangement under Festspela 
Fagdagen vert arrangert i samband med Festspela, og det er gratis og ope for alle interesserte å melde seg på.