DROPAR I AUSTAVIND (1966)

Dette er det store popalbummet i norsk poesi. Dei einaste diktsamlingane som i det heile kan måla seg med den breie appellen til denne boka, er typisk nok to andre utgjevingar noko seinare i det opent kommuniserande og livsglade 1960-talet: Jan Erik Volds Mor Godhjertas glade versjon.Ja (1968) og Kykelipi (1969).

Forfattar
HADLE OFTEDAL ANDERSEN

Av drygt 100 dikt er det berre ein handfull som har rim. Samlinga er elles dominert av særs korte tekstar; om lag to tredelar av dikta er frå tre til ni liner lange. Ved sida av den svenske nyenkle poesien er det rimeleg å sjå dette i samband med dei japanske haiku-dikta på tre liner som slår gjennom på mange vis i den vestlege verda på denne tida. På norsk kjem Paal-Helge Haugen sine omsetjingar i 1965. Då er det alt lenge sidan Hauge, som var vel innsett i internasjonal litteratur, har gjort seg kjend med denne diktinga gjennom engelske omsetjingar.

Forfattaren har sjølv sagt at han skreiv Dropar i austavind på halvannan månad våren 1966: «Det losna, liksom ei skrede, den eine steinen reiv den andre med seg. Eg arbeidde ute heile tidi, skreiv berre ned desse stubbane når eg kom inn, med blyant.» Den som kikkar nærmare etter, kan finna att formuleringar frå dikta i dagboksnedteikningane dei siste åra før. Somt tyder på at Hauge har lese gjennom dei, på jakt etter formuleringar å spinna dikt over.

I tråd med den unge sekstitalslitteraturens ideal finn ein i denne boka mange dikt som tenderer mot det biletfrie. «Katten» til dømes, kan lesast som ein endefram refleksjon som ikkje strekkjer seg lengre enn han gjer. Jamvel den smittande humoren er noko som ligg i tida.

Hauges originale grep i denne samlinga er først og fremst dei såkalla tingdikta. Dette er korte tekstar som reflekterer over ein handfast gjenstand som ei sag eller ei sleggje. Det kvardagslege ved objektet er viktig, like eins ønsket om å byggja opp ei filosofisk tenking der ein på ein meditativ måte får tingens eigen måte å vera i verda på, og ikkje berre korleis me brukar han, til å koma i sentrum. På denne måten byggjer tingdikta opp ei forståing av verda som noko som ikkje får meining av oss, men som tvert imot alt har ei meining som kjem oss i møte.

Modernismen har til då lagt vekt på det smertefulle ved tilværet, på angst og framandgjering. I bøker som danske Klaus Rifbjergs Amagerdigte (1965) så vel som Dropar i austavind (1966) og dei nemnde samlingane av Jan Erik Vold blir ei modernistisk form på ein heilt ny måte kombinert med eit blikk for at det òg er mogleg å vera heime og heimekjend i verda.

Den meditative haldninga til verda, søkinga ut av den eine subjektiviteten, kan oppfattast som ein refleks av buddhistisk tenking. Det same gjeld for den forsonande innstillinga til tilværet. Slike haldningar følgjer både av straumdrag i tida og av den asiatiske litteraturen Hauge hentar ny inspirasjon frå på denne tida.